Diamantfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Pardalotidae)
Diamantfuglar
Stripediamantfugl, Pardalotus striatus
Stripediamantfugl, Pardalotus striatus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Infraorden: Meliphagida
Familie: Diamantfuglar Pardalotidae
Strickland, 1842

Diamantfuglar er ein biologisk familie, Pardalotidae, av særs små, fargerike sporvefuglar avgrensa til Australia. Det er berre ei slekt i familien, Pardalotus, og slekta har fire artar med fleire underartar. Namnet Pardalotus kjem frå gresk og tyder 'oppdaga'.

Dette er fuglar som har karakteristisk kort stjert, sterke bein, og kraftig, butt nebb. Dei lever mykje av tida i tre, høgt og langt ut i dei ytre greinene av trekroner der dei beitar på insekt, edderkoppar, og framfor alt honningdogg frå plantesugande insekt.[1] Innverknaden dei kan ha ved å kontrollere infeksjonar i eukalyptusskogar av Australia, kan vere signifikant. Dei lever vanlegvis i par eller små familiegrupper, men nokre gonger kan dei komme saman i flokkar etter hekkesesongen.

Diamantfuglar er sesongmessige hekkarar i tempererte område i Australia, men kan hekke året rundt i dei varmaste områda. Dei er monogame hekkarar, og paret deler plikter ved konstruksjon av reir, ruging og omsut for ungar. Alle fire artar hekkar i djupe horisontale tunnelar grave inn jorda. Hòla kan vere mykje djupe, ein meter eller meir. Nokre artar kan dessutan hekke i hòl i tre.

Skildring og morfologi[endre | endre wikiteksten]

Diamantfuglar er små, kompakte fuglar som varierer i storleik 8,5 til 12 cm i lengd. Variasjon av storleik innanfor artane flekkdiamantfugl og stripediamantfugl samsvarar med bergmanregelen, dei er større i sør enn i nord. Kjønna har same storleik, hos einskilde artar er det skilnader i fjørdrakt mellom kjønna. Dei har korte, rett avkutta halar og relativt korte avrunda venger, lengst hos artane som lever mest spreidde. Nebbet er kort, djup og robust, men manglar fjørbustar som omgjev nebba hos mange andre insektetande fuglar.

Habitat og distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Tasmandiamantfugl er endemisk for Tasmania

Diamantfuglar er endemiske til Australia.[1] Tasmandiamantfugl har mest avgrensa distribusjon av dei fire artane, og er endemisk for øya Tasmania, i motsetnad den mest utbreidde arten stripediamantfugl som ein finn over det meste av Australia, berre fråverande frå nokre av tørraste områda i innlandet sentrale og vestlege ørkenen. Eldbryndiamantfugl er utbreidd i nordre og vestre Australia, medan flekkdiamantfugl finst nærare kysten i sørlege og austlege Australia.

Familien er eukalyptusskogspesialistar. Medan dei kan oppstå i skog dominert av andre treslag, ligg desse i marginale leveområde for familien og blir sjeldan brukt. Diamantfuglar opptar eit breitt spekter av eukalyptushabitat, frå skogar med skogkroner over 30 m høge til låg mallee-buskskog på berre 3 m.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Diamantfuglar er nesten utelukkande insektetarar. Om naudsynt vil dei òg konsumere litt [[plantematerialar medrekna frø, og det har vore ein observasjon av ein stripediamantfugl som tok ei lita øgle.[2] Dei søkjer føde einskildvis, parvis i hekketida, men har òg vore registrert i å ta del i blandaflokkar om vinteren.[3] Dei meste av beitinga føregår på tre i slekta Eucalyptus, andre tre brukast i mykje mindre grad. Blant eukalyptustrea føretrekkjer dei underslekta Symphyomyrtus. Diamantfuglar plukkar insekt frå bladverket, i motsetnad til å snappe insekt i lufta. Plantesugande insekt i familien Psyllidae utgjer den største komponenten i kosthaldet og er føda som dei er best tilpassa. Desse insekta er òg mykje ettertrakta blant store honningetarar, som forsvarer ressursen aggressivt.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Diamantfuglar består av fire artar som finst i ei einskild slekt, Pardalotus. Plasseringa av slekta har skifta over tid, og vart først plassert med blomsterfuglar, Dicaeidae. Begge gruppene har kompakte fuglar med lys fjørdrakt. I tillegg har fuglar begge gruppene ei redusert tiande primærfjør. Men genetiske analysar har vist at dei to gruppene ikkje er nærskylde, og at diamantfuglar i staden nærare knytt til ein annan australsk familie, tornsmettfamilien, Acanthizidae

Tasmandiamantfugl og eldbryndiamantfugl, er ganske distinkte artar, men dei to andre artane er mykje variable, og blir nokre gonger handsama som meir enn to artar. Stripediamantfugl inneheld seks underartar som nokre gonger er hevd opp til fire separate artar, og ein underart av flekkdiamantfugl, er nokre gonger handsama som ein eigen art. Innanfor familien er tilhøvet mellom underartar uklåre, sjølv om det er tenkt at tasmandiamantfugl er nært knytt til flekkdiamantfugl.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Woinarski, John (2008). «Family Pardalotidae (Pardalotes)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. s. 390–401. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  2. Bell, H.L. (1975). «Eastern Striated Pardalote Eating Lizard». Emu 75 (4): 234–234. doi:10.1071/MU9750234a. 
  3. Bell, H.L. (1980). «Composition and Seasonality of Mixed-Species Feeding Flocks of Insectivorous Birds in the Australian Capital Territory». Emu 80 (4): 227–232. doi:10.1071/MU9800227. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]