Hopp til innhald

Pedro Rodríguez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pedro
Personleg informasjon
Fullt namn Pedro Eliezer Rodríguez Ledesma
Fødd 28. juli 1987 (37 år)
Fødestad Santa Cruz de Tenerife
Høgd 169 cm
Posisjon Ving
Klubbinformasjon
Noverande lag
Barcelona
Nummer 7
Ungdomsklubbar
2003-03
2003-07
Spania San Isidro
Spania Barcelona
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007- Spania Barcelona 169 (52)
Landslag
2008
2010-
Spania Spania U21
Spania Spania
2 (0)
39 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014

Pedro Eliezer Rodríguez Ledesma, kjend som berre Pedro (fødd 28. juli 1987 i Santa Cruz de TenerifeKanariøyane) er ein spansk fotballspelar som spelar for AS Roma (2020).

Han har spela for Barcelona. Han har òg landskampar for Spania. Pedro vart seriemeister med Barcelona i 2009, 2010, 2011 og 2013, var med på å vinna Den europeiske meisterligaen med dei i 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011.

Pedro debuterte for Spania sitt A-landslag 29. mai 2010 i ein vennskapskamp mot Saudi-Arabia etter at han vart teken ut i Spania sin tropp til fotball-VM i 2010. 8. juni same året skåra han det første landslagsmålet sitt i ein treningskamp mot Polen. Han spelte i fem av kampane under VM i Sør-Afrika, to av dei frå start, mellom anna finalen mot Nederland, då Spania vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han som innbyttar i tre av Spania sine kampar då dei vart europameistrar.