Per Gjelten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Per Gjelten
Fødd 5. desember 1927
Død

25. januar 1991

Per Gjelten (5. desember 192725. januar 1991) var ein norsk kombinertløpar og skihoppar, fødd og død i Trondheim. Han vart norsk meister i kombinert i 1952 og kom på fjerdeplassen i verdsmeisterskapen på ski i 1954. Gjelten representerte Slemmestad Idrettsforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjelten byrja tevle mot kombinerteliten i Noreg i 1949-sesongen, og fekk ein åttandeplass i NM på Steinkjer og ein sjetteplass i Holmenkollen. Året etter vart han i noregsmeisterskapen på ski nummer fem i kombinert og nummer sju i hopprennet. Som året før gjorde han det betre i Holmenkollen, der han tok fjerdeplassen i kombinertrennet. Han vann så kombinertøvinga i Falun i 1951, framom landsmennene Johan Vanvik og Ottar Gjermundshaug. Sidan i sesongen vart han nummer sju i Lahti og kom på andreplass etter Simon Slåttvik i Holmenkollen. I NM i Narvik vart han nummer åtte.

Gjelten sigra i kombinert under NM på ski i 1952, sølvmedaljen gjekk til Ottar Gjermundshaug, medan kombinertkjempene Simon Slåttvik og Sverre Stenersen fekk kvar sin bronsemedalje. I det spesielle hopprennet kom Gjelten på delt tolvteplass. Han deltok for Noreg i vinter-OL i Oslo og kom på femteplass i kombinertøvinga. I 1953 kom Gjelten på andreplass både i NM, bakom Slåttvik, og i Lahti, bakom Eeti Nieminen frå Finland, medan han i Holmenkollen vart nummer fire.

I 1954 deltok Gjelten i VM på ski i Falun og vart nummer fire i kombinert. Same plasseringa fekk han i noregsmeisterskapen på Kongsvinger. I 1955 vart han nummer sju i Holmenkollen. Betre gjekk det i 1956, han tok då bronsemedaljen i NM i Drammen, bak Stenersen og Tormod Knutsen. Elles vart han same sesongen nummer fire i Falun og seks i både Lahti og Holmenkollen. Han kom på åttandeplass i NM i Oslo 1958, og la deretter opp.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsrevy, aktuelle årgangar