Nationaltheatret
| Nationaltheatret | |||
| | |||
| Stad | Oslo kommune | ||
|---|---|---|---|
| Arkitekt | Henrik Bull | ||
| Opna | 1899 | ||
![]() Nationaltheatret 59°54′51″N 10°44′03″E / 59.91430278°N 10.73425°E | |||
Nationaltheatret i Oslo er, ved sida av Den Nationale Scene og Det Norske Teatret, ei av dei tre norske hovudscenene for teaterkunst. Bygningen som har fasadar i hovudsak av gul maskintegl og granitt, vart teikna av arkitekt Henrik Bull, som vann ei arkitekttevling om oppdraget i 1891.[1]
Den opphavlege teatersalen (Hovedscenen) er innreidd i nyrokokkostil. I tillegg er det seinare innreidd to andre scener i bygningen: Amfiscenen og Malersalen. Teatret opna den 1. september 1899. Bygningen vart freda etter lov om kulturminne i 1983.
Bull teikna òg sjokoladen Lohengrin som frå 1911 og nokre år framover berre var til sals i Nationaltheatret.
Den første sjefen på Nationaltheatret var Bjørn Bjørnson, son til Bjørnstjerne Bjørnson. Teatersjef frå 1. januar 2009 er Hanne Tømta.[2]
Den administrative delen av Torshovteatret er òg tillagt Nationaltheatret.
Teatersjefar
[endre | endre wikiteksten]- 1899–1907: Bjørn Bjørnson
- 1908–1911: Vilhelm Krag
- 1911–1923: Halfdan Christensen
- 1923–1927: Bjørn Bjørnson
- 1928–1930: Einar Skavlan
- 1930–1933: Halfdan Christensen
- 1934–1941: Axel Otto Normann
- 1945–1946: Axel Otto Normann
- 1946–1960: Knut Hergel
- 1960–1961: Carl Fredrik Engelstad
- 1962–1967: Erik Kristen-Johanssen
- 1967–1978: Arild Brinchmann
- 1978–1986: Toralv Maurstad
- 1986–1988: Kjetil Bang-Hansen
- 1988–1990: Ellen Horn
- 1988–1990: Ole-Jørgen Nilsen
- 1988–1990: Sverre Rødahl
- 1990–1992: Stein Winge
- 1992–2000: Ellen Horn
- 2000–2008: Eirik Stubø
- 2009– : Hanne Tømta
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Hovudinngangen til Nationaltheatret, øvst står det skreve Nationaltheater og under over bogevindauga til foajeen Ibsen, Holberg og Bjørnson. Til venstre foran inngangen står skulpturen av Henrik Ibsen, til høgre Bjørnstjerne Bjørnson, begge av Stephan Sinding.Foto: Andy Mitchell
- Teatret sett på skrå bakfrå frå området utafor
- «Nationaltheatret i Kristiania - Salonen» frå boka Nationaltheatret i Kristiania av ukjent forfattar frå 1899. Tilhøyrer Nasjonalbiblioteket.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Knut Are Tvedt side 380
- ↑ «Fire nye år som teatersjef» (Pressemelding). Nationaltheatret. Henta 8. november 2014.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad

- Nationaltheatret i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
