Peter Gabriel (1982)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Gabriel (1982)
Studioalbum av Peter Gabriel
Utgjeve 6. september 1982
Innspelt Våren 1981 til sommaren 1982
Studio Ashcombe House i Bath i England
Lengd 45:27
Selskap Charisma (Storbritannia)
Geffen (USA)
Produsent David Lord og Peter Gabriel
Peter Gabriel-kronologi
Peter Gabriel
(1980)
Peter Gabriel (1982) Plays Live
(1983)


Singlar frå Peter Gabriel
  1. «I Have the Touch»
    Utgjeve: 8. september 1982
  2. «Shock the Monkey»
    Utgjeve: 14. september 1982
  3. «Wallflower»
    Utgjeve: 1982
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Chicago Sun-Times2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Entertainment WeeklyA−[4]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Uncut8/10[7]
The Village VoiceC+[8]

Peter Gabriel er det fjerde studioalbumet til den engelske rockemusikaren Peter Gabriel og det fjerde albumet på rad med same namnet. Det vart derfor gjeve ut under namnet Security i USA og var det første albumet hans som vart gjeve ut på Geffen Records i Nord-Amerika. Ei tyskspråkleg versjon av albumet vart gjeven ut som Deutsches Album.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Songane på albumet dekkjer mange område. «The Rhythm of the Heat» er basert på Carl Jung si oppleving då han observerte ei gruppe afrikanske trommeslagarar. «San Jacinto» omhandlar frykta og smerta indianarar i Amerika opplever når dei ser kulturen sin overkøyrt av det moderne kvite samfunnet. «Shock the Monkey» handla om sjalusi og nyttar bilete av ei ape for å skildre personleg angst.[9] «Lay Your Hands on Me» handlar om healing, gjennom tillit, noko som vert vidare utforska på seinare album. «The Family and the Fishing Net» er ein song som samanliknar ein moderne bryllaupsdag med ei voodoo-ofring. «Wallflower» handlar om handsaminga av politiske fangar i Latin-Amerika i 1980-åra.[10]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn heilt digitalt, som eit av dei første albuma i historia. Instrumenteringa er hovudsakleg elektronisk, med mykje bruk av sampling (ved hjelp av Fairlight CMI) og vestafrikansk perkusjon.[11] Albumet vart spelt inn i heimen til Gabriel på den tida, Ashcombe House i Somerset i England i 1981.[12]

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Sm dei tre førre albuma til Gabriel hadde ikkje albumet noko anna tittel enn namnet til Gabriel I USA og Canada var det Geffen Records, det nye selskapet hans, som gav ut albumet og Gabriel gjekk motvillig med på å bruke tittelen Security for å skilje det frå dei tidlegare platene hans. Denne nye tittelen vart sett på eit klistremerke på plastfolien og plateetiketten. Sjølv om det var Gabriel sjølv som gav denne tittelen, som offisielt vart kalla Peter Gabriel i andre land. Det var det siste albumet hans som vart kalla Peter Gabriel fø eit samlealbum i 2008.[13]

Alternative versjonar[endre | endre wikiteksten]

Fem songar frå albumet – «The Rhythm of the Heat», «San Jacinto», «The Family and the Fishing Net», «I Have the Touch» og «Shock the Monkey» er med på konsertalbumet Plays Live (1983).[14]

Versjonar av «The Rhythm of the Heat», «San Jacinto» og «Wallflower» var med på filmmusikkalbumet til Gabriel for filmen Birdy i 1984.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

«The Rhythm of the Heat» vart nytta i opningsscenen av episoden «Evan» i den første sesongen av fjernsynsserien Miami Vice. I alt sju av songane til Gabriel vart nytta i serien, meir enn nokon annan soloartist. Songen vart òg nytta i filmen Natural Born Killers.

«Shock the Monkey» vart nytta i filmen Project X i 1987 med Matthew Broderick. «Wallflower», i lag med nyversjonar av andre songar frå det tredje og fjerde albumet til Gabriel, vart nytta i filmen Birdy i 1984, regissert av Alan Parker med Matthew Modine og Nicolas Cage. «I Have the Touch» vart nytta i filmen The Chocolate War i 1988, og ein alternativ versjon av songen vart nytta i filmen Phenomenon i 1986 med John Travolta. Ein coverversjon av Heather Nova av same song vart nytta i The Craft. «Shock the Monkey» vart òg nytt ai ein episode av South Park.

«I Have the Touch» vart nytta i filmen The Chocolate War i 1988. Ein alternativ versjon av sporet vart nytta i filmen Phenomenon i 1996 med John Travolta i ei av rollene. Ein coverversjon av Heather Nova vart nytta i The Craft.

«Lay Your Hands on Me» er med i femte sesongen av The Americans i episoden «Crossbreed». Det var tredje gongen ein Gabriel-song var med i serien.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1982 Billboard Pop Albums 28
Music Week (UK) Albums 6

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Position
1982 «I Have the Touch» Billboard Mainstream Rock 46
«Kiss of Life» Billboard Mainstream Rock 34
«Shock the Monkey» Billboard Black Singles 64
Billboard Club Play Singles 26
Billboard Mainstream Rock 1
Billboard Pop Singles 29
UK singles 58

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Gull 30. november 1982
CRIA – Canada Gull 1. februar 1983
CRIA – Canada Platinum 1. februar 1983

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Security – Peter Gabriel». AllMusic. Henta 23. februar 2020. 
  2. DeRogatis, Jim (4. juli 1993). «A Solo Diskografi». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 19. november 2018. Henta 14. mars 2020. 
  3. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  4. Brunner, Rob (12. juli 2002). «Peter Gabriel: Security». Entertainment Weekly: 84–85. 
  5. «Peter Gabriel: Peter Gabriel 1: 'Car' / Peter Gabriel 2: 'Scratch' / Peter Gabriel 3: 'Melt' / Peter Gabriel 3: 'Ein Deutsches Album' / Peter Gabriel 4: 'Security' / Peter Gabriel 4: 'Deutsches Album'». Q (352). November 2015. 
  6. Considine, J. D. (2004). «Peter Gabriel». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 319–20. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. Thomson, Graeme (November 2015). «Peter Gabriel: Peter Gabriel 1 ('Car') / Peter Gabriel 2 ('Scratch') / Peter Gabriel 3 ('Melt') / Peter Gabriel 4 ('Security')». Uncut (222): 88–89. 
  8. Christgau, Robert (30. november 1982). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 23. februar 2020. 
  9. «Tracks explained». RollingStone.com. Henta 18. mars 2020. 
  10. «Wallflower by Peter Gabriel Songfacts». Songfacts.com. Henta 26. oktober 2012. 
  11. «Fairlight – The Whole Story». Audio Media. January 1996.
  12. «Peter Gabriel at Ashcombe House». Synergy-emusic.com. Henta 18. mars 2020. 
  13. «The Mail on Sunday Covermount CD». Discogs.com. Henta 18. mars 2020. 
  14. Peter Gabriel (1982)Allmusic