Up av Peter Gabriel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Up
Studioalbum av Peter Gabriel
Språk engelsk
Utgjeve 23. september 2002
Innspelt April 1995 til oktober 1998
(hovudinnspelingane),
tidleg 2000 til april 2002
(ekstra innspelingar)
Studio Real World Studios i Box i England,
(hovudinnspelingane)
The Meduse og The Real World Mobile Recorder i Senegal og Frankrike
(ekstra innspelingar)
Sjanger Progressiv rock, kunstrock, elektronisk rock, industriell rock, downtempo, worldbeat
Lengd 66:40
Selskap Geffen (US & Canada), Realworld
Komponist Peter Gabriel
Tekstforfattar Peter Gabriel
Produsent Peter Gabriel
Peter Gabriel-kronologi 
Long Walk Home: Music from the Rabbit-Proof Fence
(2002)
Up Hit
(2003)


Singlar frå Up
  1. «The Barry Williams Show»
    Utgjeve: 16. september 2002
  2. «More than This»
    Utgjeve: 30. desember 2002
  3. «Growing Up»
    Utgjeve: 30. juni 2003
  4. «Darkness»
    Utgjeve: 2. august 2004 (berre i Sveits)

Up er det sjuande studioalbumet og det 13. albumet i alt av den britiske musikaren Peter Gabriel, gjeve ut i 2002. Det er det siste fulle studioalbumet hans med ny original musikk til no, sidan dei seinare albuma Scratch My Back og New Blood inneheld versjonar av høvesvis andre artistar sine songar og orkesterutgåver av eldre materiale av Gabriel.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Arbeidet med albumet byrja våren 1995. På eit tidspunkt vurderte han namnet I/O på albumet. Gabriel sa at albumet var nær ferdig i i 1998, men det kom ikkje ut før i september 2002. I månadane før albumet kom ut, kom det videoklipp der Gabriel snakka om songane, i tillegg til korte demoar av kvar song på den offisielle heimesida hans.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Tekstane på albumet omhandlar for det meste fødsel og særleg død. Opningssporet, «Darkness», er ein song om å overvinne frykt. «Growing Up» er ei oppsummering av livet sett til ein pulerande rytme. «Sky Blue» er ein song Gabriel hevda å arbeide på i ti år før han vart ferdig. Sporet «No Way Out» er det første sporet som berre handlar om død, sjølv om død er eit gjennomgåande tema på heile albumet. «I Grieve» kom til då Gabriel såg over katalogen sin med musikk som om det var ein katalog over kjenslemessige reiskap. Han fann ut at det var ein større reiskap som mangla, om korleis ein taklar død og derfor skreiv han «I Grieve». Gabriel framførte songen på fjernsynsshowet Larry King Weekend på eittårsdagen for 11. september-åtaka i USA, då Gabriel fortalte at dei to døtrene hans budde i New York City og han ikkje fekk kontakt med dei d dette skjedde. Songen var for dei folka som ikkje høyrte noko frå familien sin under hendinga.[1] Songen vart derimot ikkje skriven spesifikt for 11. september, og hadde vore med på filmmusikken til City of Angels i 1998 (i ein tidlegare versjon) og framført på konsertar før 9. september.

Den første singelen frå Up var «The Barry Williams Show» ein dempa, jazza song som omhandlar prateshowvertar som Jerry Springer. Den andre singelen, «More Than This», er ein av dei meir livlege songane på albumet. Songen lurer på om det er noko meir i livet. Songen «Signal to Noise» vart ei utfordring for Gabriel fordi gjestevokalisten hans Nusrat Fateh Ali Khan døydde. Vokalen hans var alt som var att for å gjere ferdig songen, og Gabriel nytta i staden eit konsertopptak av songen frå 1996. «The Drop», den siste songen på albumet, består av berre Gabriel og eit flygel.

Format og innpakning[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget syner fem vassdropar på ei diagonal linje, over ein uskarp bakgrunn av andletet til Gabriel. Kvar drope inneheld eit refraktert bilete av andletet.

Albumet kom i stereo på CD og vinyl, medan ein kringlydversjon kom ut på Super Audio CD og DTS DVD-A.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic74/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[3]
Entertainment.ie4/5 stars[4]
Entertainment WeeklyA−[5]
The Guardian3/5 stars[6]
Kludge7/10[7]
Pitchfork Media7.2/10[8]
Rolling Stone2/5 stars[9]

Up fekk generelt positive meldingar frå kritikarane. Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på meldingar frå kjende magasin, nettstader og aviser, gav albumet 74 av 100, basert på 16 meldingar.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Peter Gabriel.

Nr.TittelLengd
1.«Darkness»6:51
2.«Growing Up»7:33
3.«Sky Blue»6:37
4.«No Way Out»7:53
5.«I Grieve»7:25
6.«The Barry Williams Show»7:16
7.«My Head Sounds Like That»6:29
8.«More than This»6:02
9.«Signal to Noise»7:36
10.«The Drop»2:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar
  • Peter Gabriel – vokal (alle spor) orgel (spor 2, 6, og 8) bassgitar (spor 4), munnspel (spor 6), piano (spor 1, 3-4, 7-8, 10), reverserte strykarar (spor 6), harmonium (spor 4), klaverinstrument (spor 1, 3, 5), tom-tom (spor 4), samplingar (spor 5 og 9), Mellotron (spor 6-7, 9), elektronikk (spor 1, 3, 6, 8-9), synthbass (spor 2, 5-6, 9), MPC-groove (spor 1-4, 6, 8-9), crotales (spor 4), sampla gitar (spor 8) sampla klaverinstrument (spor 2 og 4) strykarsampling (spor 6), Telecaster (spor 4 og 6), JamMan (spor 1-2)
  • Tony Levin – bass (spor 1 og 3–8)
  • David Rhodes – gitarar (spor 1–4, 7 og 9), gitar (spor 6 og 8), elektrisk gitar (spor 5), korvokal (spor 2–3, 6 og 8–9)
  • Manu Katché – trommer (spor 1–3, 5–7)
  • Dave Power – trommer (spor 1)
  • Hossam Ramzy – tabla (spor 4), perkusjon (spor 7)
  • L. Shankar – improvisert dobbelfiolin (spor 5)
  • Melanie Gabriel – korvokal (spor 3 og 8)
  • Tchad Blake – scratching (spor 2), rytmeeffektar (spor 6)
  • Jon Brionmandolin (spor 8), Chamberlin (spor 8)
  • Richard Chappell – programmering, perkusjon (spor 2), handsama loop (spor 6), sløyfemanipulering (spor 7)
  • Christian Le Chevretel – trompet (spor 6)
  • Adrian Chivers – korvokal (spor 2)
  • Pete Davis – ekstra programmering (spor 2)
  • Dominque Mahut – perkusjon (spor 2 og 7)
  • Richard Evans – blokkfløyte (spor 4), akustisk gitar (spor 5)
  • Bob Ezrin – blåsararrangement (spor 7)
  • Tony Berg – baklengs gitar (spor 6)
  • Mitchell Froom – baklengs piano (spor 4)
  • Steve Gadd – trommer (spor 4 og 9), perkusjon (spor 9)
  • Peter Green – gitar (spor 3)
  • Dominic Greensmith – trommer (spor 4 og 8)
  • Will Gregory – strykearrangement (spor 1 og 9)
  • Stephen Hague – perkusjon (spor 5)
  • Chris Hughes – trommeprogrammering (spor 4)
  • Nick Ingham – orkestrering (spor 1 og 9)
  • Nusrat Fateh Ali Khan – vokal (spor 9)
  • Daniel Lanois – gitar (spor 3), perkusjon (spor 3)
  • Sally Larkin – korvokal (6)
  • Ged Lynch – trommer (spor 2, 6 og 8), perkusjon (spor 2–9)
  • Chuck Norman – Spectre-programmering (spor 5), strykarar (mellompel; spor 5)
  • David SanciousHammondorgel (spor 3)
  • Ed Shearmur – blåsararrangement (spor 7)
  • Alex Swift – ekstra programmering (spor 1–3)
  • Assane Thiam – perkusjon (spor 7)
  • Danny Thompson – kontrabass (spor 4)
  • Will White – perkusjon (spor 5)
  • Black Dyke Band – blåsarar (spor 7)
  • Blind Boys of Alabama – ekstra vokal (spor 3), korvokal (spor 8)
  • Dhol Foundation – Dhol trommer (spor 9)
  • London Session Orchestra – strykarar (spor 1 og 9)
  • Isobel Griffiths – dirigent (spor 1 og 9)


Teknisk
  • Peter Gabriel – produsent, design
  • Steve Osbourne – ekstra produksjon (spor 2)
  • Stephen Hauge – samprodusent (spor 5)
  • Richard Chappell – innspeling, lydteknikar
  • Richard Evans – ekstra lydteknikar
  • Alan Coleman – assisterande lydteknikar
  • Edel Griffith – assisterande lydteknikar
  • Dan Roe – assisterande lydteknikar
  • Chris Treble – assisterande lydteknikar
  • Ben Findlay – innspelingsteknikar
  • Steve Orchard – orkesterlydteknikar (spor 1 og 9)
  • Derek Zuzarte – ekstra lydteknikar (Blind Boys of Alabama vokal)
  • Kevin Quah – ekstra lydteknikar (Blind Boys of Alabama vokal)
  • Yang – ekstra lydteknikar (Blind Boys of Alabama vokal)
  • Steve McLaughlin – ekstra lydteknikar (Black Dyke Band)
  • Tchad Blake – miksing (spor 1–4 og 6–9)
  • Claire Lewis – mikseassistent
  • Marco Miglari – ekstra mikseassistent
  • Paul Grady – ekstra mikseassistent
  • Richard Evans – miksing (spor 5)
  • Stephen Hague – miksing (spor 5)
  • Kurt Hentschlägergranularsyntese
  • Ulf Langheinrich – granularsyntese
  • Marc Bessant – designkonsept
  • Susie Millns – designkoordinator
  • Adam Fuss – fotografi
  • Arno Rafael Minkkien – fotografi
  • M. Richard Kirstel – fotografi
  • Mari Mahr – fotografi
  • Michal Rovner – fotografi
  • Paul Thorel – fotografi
  • Shomei Tomatsu – fotografi
  • Susan Derges – fotografi
  • Susan Derges – fotografi
  • Dilly Gent – fotokoordinering


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2002) Plassering
Australske album (ARIA)[10] 37
Austerrikske album (Ö3 Austria)[11] 9
Belgiske album (Ultratop Flandern)[12] 21
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[13] 4
Kanadiske album (Billboard)[14] 2
Danske album (Hitlisten)[15] 16
Nederlandske album (MegaCharts)[16] 18
Finske album (Suomen virallinen lista)[17] 11
Franske album (SNEP)[18] 4
Italienske album (FIMI)[19] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[20] 35
Norske album (VG-lista)[21] 11
Polske album (ZPAV)[22] 4
Svenske album (Sverigetopplistan)[23] 6
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[24] 4
Britiske album (OCC)[25] 11
US Billboard 200[26] 9
US Top Internet Albums 9

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Sølv 18 Oktober 2002
CRIA – Canada Gull 23. juli 2003

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Gabriel on Larry King : I Grieve 2002YouTube
  2. 2,0 2,1 «Reviews for Up by Peter Gabriel». Metacritic. Henta 25. mars 2020. 
  3. Allmusic review
  4. «Entertainment.ie review». Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 25. mars 2020. 
  5. Entertainment Weekly review, arkivert frå originalen 7. april 2014, henta 5. februar 2013 
  6. The Guardian review
  7. Kludge review
  8. Pitchfork Media review
  9. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 18. november 2017, henta 26. mars 2020 
  10. "Peter Gabriel – Up". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  11. "Peter Gabriel - Up" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  12. "Peter Gabriel – Up" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  13. "Peter Gabriel – Up" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  14. "Peter Gabriel Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Peter Gabriel. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2020.
  15. "Peter Gabriel – Up". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  16. "Peter Gabriel – Up". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  17. "Peter Gabriel: Up" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 25. mars 2020.
  18. "Peter Gabriel – Up". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  19. "Peter Gabriel – Up". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  20. "Peter Gabriel – Up". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  21. "Peter Gabriel – Up". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  22. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 25. mars 2020.
  23. "Peter Gabriel – Up". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  24. "Peter Gabriel – Up". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2020.
  25. "Peter Gabriel | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 25. mars 2020.
  26. "Peter Gabriel Album & Song Chart History" Billboard 200 for Peter Gabriel. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2020.