OVO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
OVO
Filmmusikkalbum av Peter Gabriel
Språk engelsk
Utgjeve 12. juni 2000
Innspelt Seint 1998 til oktober 1999
Sjanger rock, eksperimentell rock, verdsmusikk, Ambient
Lengd 62:08
Selskap Real World
Produsent Peter Gabriel
Peter Gabriel-kronologi 
Secret World Live
(1994)
OVO Long Walk Home: Music from the Rabbit-Proof Fence
(2002)


Singlar frå OVO
  1. «The Tower That Ate People»
    Utgjeve: 2000
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

OVO er eit musikkalbum med musikk frå Millennium Dome-showet i London som var komponert av den engelske rockemusikaren Peter Gabriel. Det var det ellevte albumet hans totalt. Det kom ut 12. juni 2000 med gjestevokal av Neneh Cherry, Rasco, Richie Havens, Elizabeth Fraser og Paul Buchanan (frå The Blue Nile). Det kom ut to versjonar av albumet, ein standard versjon som vart seld i butikkar og ein avgrensa luksusversjon som berre vart seld ved Millennium Dome og petergabriel.com. Luksusutgåva var ikkje mogeleg å få tak i etter 2000. Denne inneheldt ei teikneseriebok som fortalte soga om OVO og ei bonusplate med sporet «The Story of OVO».

Gabriel framførte «Father, Son», «The Tower That Ate People», «White Ashes» og «Downside Up» i løpet av turneane Growing Up og Still Growing Up. Melanie Gabriel song korvokal for «Downside Up». Desse framføringane finst på DVD-ane Growing Up Live og Still Growing Up: Live & Unwrapped. «Downside-Up» og «The Nest That Sailed The Sky» vart òg framførte på The New Blood-turneen i 2010 og 2011, den førstnemnde som ein duett mellom Peter og Melanie Gabriel og den siste som avslutning, berre framført av orkesteret. «Father, Son» vart òg spelt. «The Tower That Ate People» finst på DVD-en Back To Front Live In London frå 2014.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Peter Gabriel.

Nr.TittelLengd
1.«The Story of OVO»5:21
2.«Low Light»6:37
3.«The Time of the Turning»5:06
4.«The Man Who Loved the Earth/The Hand That Sold Shadows»4:15
5.«The Time of the Turning (Reprise)/The Weaver's Reel»5:37
6.«Father, Son»4:55
7.«The Tower That Ate People»4:49
8.«Revenge»1:31
9.«White Ashes»2:34
10.«Downside-Up»6:04
11.«The Nest That Sailed the Sky»5:05
12.«Make Tomorrow»10:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jurek, T. (2011). «OVO - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. Henta 25. mars 2020.