Planteslekta Cola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cola
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Sterculioideae
Slekt: Cola
Schott & Endl., 1832

Cola er ei planteslekt av eviggrøne tre som stammar frå tropiske skogar i Afrika. Dei høyrer til i kattostfamilien (Malvaceae). Artar i denne slekta blir tidvis omtalte som kolatre eller kolanøtt for den koffeinhaldige frukta si, som blir brukt symbolsk, som mat og som smakstilsetjing. Trea kan bli opptil 20 meter høge og har blanke, eggforma blad som er opptil 30 cm lange. Frukta er stjerneforma.[1]

Slekta blei lenge rekna som nærskyld den søramerikanske slekta Theobroma, eller kakao, men er seinare blitt plassert i sin eigen underfamilie, Sterculioideae.

Cola omfattar rundt 100 til 125 artar som finst i det eviggrøne låglandet og fjellskogane i Fastland-Afrika, hovudsakleg i tropiske område.[2] Det eldste funnet av Cola er Cola amharaensis, eit velpreservert fossil av eit bald frå sein oligocen Guang-elvflora i dagens Etiopia, datert til 27,23 ± 0,1 millionar år sidan.[3][4] Kolanøtter er frø hausta frå fruktene, hovudsakleg frå artane Cola nitida og Cola acuminata (kolatre).[2] Utanfor Afrika blir nokre av artane dyrka for nøttene sine, som i Brasil, på Jamaica og andre stader i dei fuktige tropane.

Cola nitida
Cola pachycarpa K. Schum. eller komngoeibasaa (Tayap i Kamerun)

Artar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Duke, James A. (2001). Handbook of Nuts
  2. 2,0 2,1 Cheek, Martin (2002). «Three new species of Cola (Sterculiaceae) from western Cameroon». Kew Bulletin (Royal Botanic Gardens, Kew) 57 (2): 403–415. JSTOR 4111117. doi:10.2307/4111117. 
  3. Pan, Aaron David; Jacobs, Bonnie F. (December 2009). «The earliest record of the genus Cola (Malvaceae sensu lato: Sterculioideae) from the Late Oligocene (28–27 Ma) of Ethiopia and leaf characteristics within the genus». Plant Systematics and Evolution 283 (3–4): 247–262. doi:10.1007/s00606-009-0225-1. 
  4. Pan, Aaron D. (1 March 2010). «Rutaceae leaf fossils from the Late Oligocene (27.23Ma) Guang River flora of northwestern Ethiopia». Review of Palaeobotany and Palynology 159 (3): 188–194. doi:10.1016/j.revpalbo.2009.12.005. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Planteslekta Cola