Praktærfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Praktærfugl
Praktærfugl
Praktærfugl
Praktærfuglhoe
Praktærfuglhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av praktærfugl
Utbreiinga av praktærfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Ærfuglar Somateria
Art: Praktærfugl S. spectabilis
Vitskapleg namn
Somateria spectabilis
Praktærfuglegg.

Praktærfugl (Somateria spectabilis) er ei stor marin dukkand som hekkartundraen langs nordlege arktiske kystar av Nord-Amerika og Russland aust for Kolahalvøya. Fuglane lever mesteparten av året i kystnære marine økosystem på høge breiddegradar, og trekkjer til arktisk tundra for å hekke i juni og juli.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er mindre enn ærfugl, ca. 55–60 cm lang og veg 1200–2100 gram. Hannen er umiskjenneleg med den svarte kroppen, kvitt bryst, fleirfarga hovud, oransjegul nebbknoll og kraftig raudfarga nebb i praktdrakt. Hannar har eit rop som er ein djup, vibrerande kurring.

Hofuglen er ein brun fugl, men kan likevel lett skiljast frå alle ender på storleik og struktur. Ho liknar mest ærfuglhoa, samanlikna med ærfugl er hovudet noko kortare enn hos ærfugl, og overnebbet er mørkare og svakt er avrunda, ikkje trekanta som hos ærfugl. Praktærfuglhoa er litt meir varmt raudbrun i farga enn ærfuglhoa.

Umodne hannar er mørke med eit kvitt bryst og ein gul flekk på nebbet. Eklipsedrakta liknar, men manglar det kvite brystet, eller har skittentgrått bryst.

Praktærfugl overvintrar i arktiske og subarktiske marine område, særleg i Beringhavet, Barentshavet, vestkysten av Grønland, austlege Canada og Nord-Noreg. På kysten av Noreg finst dei i størst mengd frå yttersida av Lofoten og nordover. Dei kan treffast årleg på kysten av Skottland og Kamtsjatka. Denne arten dukkar djupt, ned til 20–40 meter, der han tar botnlevande virvellause dyr som krepsdyr, havbørsteormar og blautdyr, med blåskjel som ein favoritt. Overvintrande fuglar kan danne store flokkar på eigna kystfarvatn, med flokkar på over 100 000 fuglar.

Hekkeområda omfattar tundra i arktisk Russland og Canada til nordkysten av Alaska, i mindre mengd på Svalbard og Grønland. Dei legg 4–7 egg i ei grop på bakken som er fora med gras og dun.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]