Psalmebog for Kirke og Hus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hauges salmebok

Psalmebog for Kirke og Hus, mest kjend som Hauges Salmebok, var utarbeidd av Andreas Hauge og vart den 11. oktober 1873 autorisert for bruk ved offentleg gudsteneste i Noreg der kyrkjelyden gjorde vedtak om det.

Salmeboka var konservativ både i salmeval og språkbruk, og i konkurranse med Landstads salmebok fekk ho aldri særleg utbreiding — i 1904 hadde 90 av dei 965 kyrkjesokna i Noreg gjort vedtak om å nytte Hauges Salmebok.

Andreas Hauge gav ut eit utkast til salmeboka i 1863.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]