Salmer 1973

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Salmer 1973 - Liturgikommisjonens prøvehefte var godkjent som salmebok ved kongeleg resolusjon 7. september 1973.

Frå 1954 til 1967 vart det arbeidd med å lage ei felles salmebok for Den norske kyrkja. Dette arbeidet drog ut i tid. Salmer 1973 var tenkt å fylle eit behov i overgangstida før ei ny kyrkjesalmebok var ferdig, samtidig som liturgikommisjonen ville få klargjort kva slags salmestoff som kunne gli inn i ulike kyrkjelege samanhenger.

Heftet hadde salmar på bokmål og nynorsk. I tillegg vart det forsøkt einskilde tekster på svensk og dansk.