Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kingos salmebok vart brukt i kyrkjene i meir enn 200 år

Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog (Kingos salmebok) vart i 1699 autorisert av kongen for bruk i alle kyrkjer i Danmark-Noreg. Boka har med 86 av Kingo sine salmar, dessutan ber ho Kingo sitt namn på tittelbladet, sidan utvalet var gjort med utgangspunkt i ei salmebok Kingo hadde redigert ti år tidlegare.

eineveldet vart innført, ville kongen revidere dei liturgiske bøkene. Nye krav til poesi, både når det gjaldt rytme, rim og biletbruk, gjorde at tida var gått frå Den danske Psalmebog (Thomissøns salmebok) frå 1569. I løpet av 1600-talet hadde mange forleggarar gitt ut salmebøker. Med eineveldet kom ønsket om eins salmesong i heile kongeriket. Kongen gav i 1683 oppdraget til Thomas Kingo, som var biskop i Fyn. Etter seks års arbeid var den første halvparten av salmeboka, Vinterparten, ferdig. Boka vart først godkjend, men fire veker seinare vart godkjenninga trekt attende, fordi ein meinte Kingo hadde gått for langt i omarbeidinga av dei gamle salmane, fordi det teologiske fakultetet ikkje hadde godkjent tekstane, og fordi ein meinte Kingo hadde personlege økonomiske interesser i prosjektet. Det vart så nedsett ein kommisjon som utarbeidde ei salmebok. Det første framegget, heilt utan Kingosalmar, vart forkasta. I 1699 vart endeleg Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog godkjend med 86 Kingo-salmar, 59 av desse frå Vinterparten. Kingo fekk ti års einerett til å trykkje boka.

Kingos salmebok vart utroleg populær. Ho var i bruk i store delar av Noreg heilt til ho i 1870-åra vart avløyst av Landstads kirkesalmebog og Hauges Psalmebog for Kirke og Hus. Også i Danmark heldt mange kyrkjelydar fast på Kingos salmebok, til tross for at det kom nyare bøker. Ved Horsens og Vejle vart boka bruka fram til 1960, og i frikyrkjeleg samanheng var ho enno i bruk 300 år etter at ho kom ut.[1]

Salmeboka er ordna etter kyrkjeåret, slik at det for kvar heilagdag gjenom året er sett opp høvelege salmar. Salmeboka har med kollektbønner, epistel og evangelietekstar for kvar heilagdag, og ho har med kyrkjebønner og andre bønner.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]