Fruktduer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ptilinopus)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fruktduer


Raudbrystfruktdue, Ptilinopus viridis, Illustrasjon av Joseph Smit, 1876, Public domain
Raudbrystfruktdue, Ptilinopus viridis,
Illustrasjon av Joseph Smit, 1876, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Columbiformes
Familie: Columbidae
Slekt: Ptilinopus
Vitskapleg namn
Ptilinopus
Swainson, 1825

Fruktduer er ei biologisk slekt Ptilinopus i duefamilien. Desse fargerike, fruktetande duene lever i skog og skogsområde i Søraust-Asia og Oseania. Dette er ei stor slekt med over 50 artar, nokre er truga eller allereie utrydda i seinare tid.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Praktfruktdue, Ptilinopus superbus
Foto: Flickr-brukar themonnie
Rosendråpefruktdue, Ptilinopus perlatus
Foto: Doug Janson
Afroditefruktdue, Ptilinopus pulchellus
Foto: BS Thurner Hof

Desse små til mellomstore duene har generelt korte, vifteforma halar,[2] med praktfulle, fargerike og ofte iriserande fjørdrakter, noko som vert spegla i treffande namn som appelsindue, flammefruktdue, og rosenfruktdue.[1] Mange artar i slekta Ptilinopus syner stor kjønnsdimorfisme. Til dømes har hoa av paradisfruktdue nett som hannen ei djupraud krone og raude halefjører, men er elles grøn, medan hannen er blodraud på oversida og har område med gult, oliven, kanel og grått.[1][2]

Dette er ei stor slekt, mest varierte i og rundt øyane Ny-Guinea, på Filippinane, og i den biogeografiske regionen Wallacea. Nokre artar har område så langt vest som Sundaøyane, andre nord til Taiwan, sør til Australia og aust til Polynesia.

Som namnet ymtar om, et desse duene frukt og fikenslekta er spesielt viktig.[2] Nokre artar er avgrensa til urskog, til dømes låglandsregnskog, alpin skog, eller monsunskog, medan andre føretrekker sekundærskog eller menneskepåverka område. Nokre artar har spesialisert seg på bestemde habitat, frå låglandskystskog til tåkeskog eller mosekledd skog i store høgder. Nokre fruktdueartar lever berre i habitat dominert av spesielle planter, til dømes mangrove, eukalyptus eller Pandanus. Berre få artar er talrike ved menneskeleg busetjingar, desse inkluderer karbunkelfruktdue, makateafruktdue og svartnakkefruktdue, alle kjente i hagar og parkar.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

Framleis manglar ein mykje kunnskap om fruktduer. Mange artar er skjerre og vanskelege å observere i naturlege habitat. Til dømes har Filippinane mange artar, men for dei fleste av desse har ein lite eller ingen informasjon om hekkevanar.[3]

Raudskjeggfruktdue, Ptilinopus mercierii , Des Murs & Prévost, 1849, er ein art som er erklært utdøydd. Arten hadde utbreiing på Marquesasøyane i Fransk Polynesia.[4]

Negrosfruktdue, Ptilinopus arcanus, er ein art som er kjent frå berre eitt prøveeksemplar av ein hofugl frå 1953. Om han ikkje er utdøydd, er arten er trudd å leve i et lite avgrensa område på ein aktiv vulkan Kanlaon på øya Negros i Filippinane. Arten har status CR, kritisk truga, hos IUCN.[5]

Marianefruktdue, Ptilinopus roseicapilla, lever på Nord-Marianane, vest i Stillehavet. Populasjonen er estimert til å ligge mellom 1500 og 7000, og er minkande grunna mogleg etablering av ein ny slangeart, jakt og øydelegging av habitat. Arten har status EN, sterkt truga.[6]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Antatte nolevande artar i Ptilinopus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[8]

Slekt Ptilinopus

  • Svartryggfruktdue, Ptilinopus cinctus, Black-backed Fruit-Dove, Temminck, 1809, (LC)
  • Ravinefruktdue, Ptilinopus alligator, Black-banded Fruit-Dove, Collett, 1898, (LC)
  • Sumbafruktdue, Ptilinopus dohertyi, Red-naped Fruit-Dove, Rothschild, 1896, (VU)
  • Rosenfruktdue, Ptilinopus porphyreus, Pink-headed Fruit-Dove, Temminck, 1822, (LC)
  • Gullbrystfruktdue, Ptilinopus occipitalis, Yellow-breasted Fruit-Dove, Gray, 1844, (LC)
  • Flammefruktdue, Ptilinopus marchei, Flame-breasted Fruit-Dove, Oustalet, 1880, (VU)
  • Luzonfruktdue, Ptilinopus merrilli, Cream-breasted Fruit-Dove, McGregor, 1916, (NT)
  • Maskefruktdue, Ptilinopus fischeri, Red-eared Fruit-Dove, Brüggemann, 1876, (LC)
  • Jambufruktdue, Ptilinopus jambu, Jambu Fruit-Dove, Gmelin, JF, 1789, (NT)
  • Sulawesifruktdue, Ptilinopus epius, Maroon-chinned Fruit-Dove, Oberholser, 1918, (LC)
  • Brunhakefruktdue, Ptilinopus subgularis, Banggai Fruit-Dove, Meyer & Wiglesworth, 1896, (VU)
  • Sulafruktdue, Ptilinopus mangoliensis, Sula Fruit-Dove, Rothschild, 1898, (NT)
  • Svarthakefruktdue, Ptilinopus leclancheri, Black-chinned Fruit-Dove, Bonaparte, 1855, (LC)
  • Bambusfruktdue, Ptilinopus bernsteinii, Scarlet-breasted Fruit-Dove, Schlegel, 1863, (LC)
  • Bispefruktdue, Ptilinopus magnificus, Wompoo Fruit-Dove, Temminck, 1821, (LC)
  • Rosendråpefruktdue, Ptilinopus perlatus, Pink-spotted Fruit-Dove, Temminck, 1835, (LC)
  • Epålettfruktdue, Ptilinopus ornatus, Ornate Fruit-Dove, Schlegel, 1871, (LC)
  • Vanuatufruktdue, Ptilinopus tannensis, Tanna Fruit-Dove, Latham, 1790, (LC)
  • Gullpannefruktdue, Ptilinopus aurantiifrons, Orange-fronted Fruit-Dove, Gray, 1858, (LC)
  • Gullbukfruktdue, Ptilinopus wallacii, Wallace's Fruit-Dove, Gray, 1858, (LC)
  • Praktfruktdue, Ptilinopus superbus, Superb Fruit-Dove, Temminck, 1809, (LC)
  • Paradisfruktdue, Ptilinopus perousii, Many-colored Fruit-Dove, Peale, 1849, (LC)
  • Purpurpannefruktdue, Ptilinopus ponapensis, Purple-capped Fruit-Dove, Finsch, 1878, (LC)
  • Kosraefruktdue, Ptilinopus hernsheimi, Kosrae Fruit-Dove, Finsch, 1880, (LC)
  • Dryadefruktdue, Ptilinopus porphyraceus, Crimson-crowned Fruit-Dove, Temminck, 1821, (LC)
  • Palaufruktdue, Ptilinopus pelewensis, Palau Fruit-Dove, Hartlaub & Finsch, 1868, (LC)
  • Rarotongafruktdue, Ptilinopus rarotongensis, Cook Islands Fruit-Dove, Hartlaub & Finsch, 1871, (VU)
  • Marianefruktdue, Ptilinopus roseicapilla, Mariana Fruit-Dove, Lesson, 1831, (EN)
  • Dronningfruktdue, Ptilinopus regina, Rose-crowned Fruit-Dove, Swainson, 1825, (LC)
  • Ugifruktdue, Ptilinopus richardsii, Silver-capped Fruit-Dove, Ramsay, EP, 1882, (LC)
  • Tahitifruktdue, Ptilinopus purpuratus, Gray-green Fruit-Dove, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Makateafruktdue, Ptilinopus chalcurus, Makatea Fruit-Dove, Gray, 1860, (VU)
  • Atollfruktdue, Ptilinopus coralensis, Atoll Fruit-Dove, Peale, 1849, (NT)
  • Småfruktdue, Ptilinopus greyi, Red-bellied Fruit-Dove, Bonaparte, 1857, (LC)
  • Rapafruktdue, Ptilinopus huttoni, Rapa Fruit-Dove, Finsch, 1874, (EN)
  • Kvitkronefruktdue, Ptilinopus dupetithouarsii, White-capped Fruit-Dove, Néboux, 1840, (LC)
  • Hendersonfruktdue, Ptilinopus insularis, Henderson Island Fruit-Dove, North, 1908, (VU)
  • Diademfruktdue, Ptilinopus coronulatus, Coroneted Fruit-Dove, Gray, 1858, (LC)
  • Afroditefruktdue, Ptilinopus pulchellus, Beautiful Fruit-Dove, Temminck, 1835, (LC)
  • Blåkronefruktdue, Ptilinopus monacha, Blue-capped Fruit-Dove, Temminck, 1824, (NT)
  • Smekkefruktdue, Ptilinopus rivoli, White-breasted Fruit-Dove, Prévost, 1843, (LC)
  • Sitronbrystfruktdue, Ptilinopus solomonensis, Yellow-bibbed Fruit-Dove, Gray, 1870, (LC)
  • Raudbrystfruktdue, Ptilinopus viridis, Claret-breasted Fruit-Dove, Linné, 1766, (LC)
  • Kvithovudfruktdue, Ptilinopus eugeniae, White-headed Fruit-Dove, Gould, 1856, (NT)
  • Jamrefruktdue, Ptilinopus iozonus, Orange-bellied Fruit-Dove, Gray, 1858, (LC)
  • Karbunkelfruktdue, Ptilinopus insolitus, Knob-billed Fruit-Dove, Schlegel, 1863, (LC)
  • Halmaherafruktdue, Ptilinopus hyogastrus, Gray-headed Fruit-Dove, Temminck, 1824, (LC)
  • Vortefruktdue, Ptilinopus granulifrons, Carunculated Fruit-Dove, Hartert, 1898, (VU)
  • Svartnakkefruktdue, Ptilinopus melanospilus, Black-naped Fruit-Dove, Salvadori, 1875, (LC)
  • Dvergfruktdue, Ptilinopus nainus, Dwarf Fruit-Dove, Temminck, 1835, (LC)
  • Negrosfruktdue, Ptilinopus arcanus, Negros Fruit-Dove, Ripley & Rabor, 1955, (CR)
  • Appelsindue, Ptilinopus victor, Orange Dove, Gould, 1872, (LC)
  • Sitrondue, Ptilinopus luteovirens, Golden Dove, Hombron & Jacquinot, 1841, (LC)
  • Fløyelsfruktdue, Ptilinopus layardi, Velvet Dove, Elliot, 1878, (NT)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gibbs, David; Barnes, Eustace; Cox, John (2001). Pigeons and Doves: A Guide to the Pigeons and Doves of the World. Yale University Press. s. 120–144, 457–521. ISBN 0-300-07886-2. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Pratt, H. Douglas; et al. (1987). The Birds of Hawaii and the Tropical Pacific. Princeton University Press. s. 196, 201–202. ISBN 0-691-02399-9. 
  3. Kennedy, Robert S.; Gonzales, Pedro C.; Dickinson, Edward C.; Miranda, Hector C., Jr.; Fisher, Timothy H. (2000). A Guide to the Birds of the Philippines. Oxford University Press. s. 138–141. ISBN 0-19-854668-8. 
  4. BirdLife International (2015) Species factsheet: Ptilinopus mercierii. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. januar 2015
  5. BLI (2015) Species factsheet: Ptilinopus arcanus. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. januar 2015
  6. BLI (2015) Species factsheet: Ptilinopus roseicapilla. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. januar 2015.
  7. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  8. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fruktduer