Purpurkarib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Purpurkarib
Purpurkarib
Purpurkarib
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Purpurkarib
Utbreiinga av Purpurkarib
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Polytminae
Slekt: Eulampis
Art: Purpurkarib E. jugularis
Vitskapleg namn
Eulampis jugularis

Purpurkarib (Eulampis jugularis) er ein kolibriart i underfamilien Polytminae, «mangoar». Han lever på dei fleste øyane i Dei små Antillane og er funne som streiffugl både lengre nord og sør.[1]

Taksonomi og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Purpurkarib vart formelt skildra av den svenske naturforskaren Carl von Linné i 1766 i den tolvte utgåva av hans Systema Naturae under det binomiale namnet Trochilus jugularis.[2] Det spesifikke epitetet jugularis er mellomalderlatin for «av halsen».[3] Purpurkariben er typearten av slekta Eulampis som vart introdusert i 1831 av den tyske zoologen Friedrich Boie og som han deler med grønkarib (E. holosericeus). Arten er monotypisk: ingen underartar er anerkjende.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå Dominica
Foto: Charles J. Sharp

Purpurkarib er 11 til 12 centimeter lang. Hannar veg 9 til 12 gram og hoer 7 til 10 g; prøver av uregistrert kjønn vog 6,7 til 10,8 g. Den vaksne hannen og hoa har same fjørdrakt. Krona og ryggen deira er fløyelsaktig svart, strupen og brystet er brennande purpurraudt, vengene lys gyldengrøne, øvre og nedre haledekkfjører er metallisk grønblåe. Hannen har eit middels langt, svakt bua nebb; hoa sitt er lengre og sterkare bua. Juvenilar har ein oransje hals og bryst med raude flekker.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Purpurkarib finst på øyane Antigua, Dominica, Guadeloupe, Martinique, Montserrat, Saba, Saint Kitts og Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Sint Eustatius. Han har vore observert som streiffugl på Barbados, Barbuda, Grenada og sjeldan på Dei store Antillane. Han lever i det indre og i kantane av primær- og sekundærskog, mest vanleg i høgder mellom 800 og 1200 moh., men kan òg leve ned mot havnivå.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Purpurkaribar er generelt standfuglar. På St. Lucia og St. Vincent er dei registrert nede ved havnivå i slutten av mai.[1] Purpurkariben lever først og fremst av nektar frå blomstrande tre frå mellomnivåa til tretoppane, og er spesielt tilpassa blomstrar på Heliconia-artar. Hannane forsvarer blomstersentrerte beiteområde året rundt og hoene utanom hekkesesongen. Arten lever også av små leddyr, fangar dei i flukt og plukkar dei frå blad, blomstrar og edderkoppnett.[1]

Purpurkariben hekkar oftast mellom februar og mai, men sesongen kan starte allereie i januar og strekkje seg til september. Han lagar eit lite koppforma reir av mjuke plantefibrar og edderkoppsilke, og festar nokre gonger lav og borkstrimlar på utsida. Han festar reiret til ei vertikal tregrein, vanlegvis mellom 3 og 5 meter over bakken. Hoene er sterkt territoriale rundt reiret. Kullet er på to egg. Rugetida er 17 til 19 dagar med flygeferdige ungar 17 til 20 dagar etter klekking.[1]

Ropet til purpurkariben inkluderer stridige 'tsip'- og skarpe 'tjep'-tonar som han raskt gjentek når han er opphissa.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert purpurkarib som livskraftig (LC), sjølv om storleiken på populasjonen og trenden ikkje er kjent. Arten er vanleg i habitatet sitt i utbreiingsområdet.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Schuchmann, K.L., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Purple-throated Carib (Eulampis jugularis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.putcar1.01
  2. Linnaeus, Carl (1766). Systema naturae : per regna tria natura, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin). 1, del 1 (12. utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 190. 
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 212. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  5. BirdLife International (2016). «Purple-throated Carib Eulampis jugularis». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22687151A93142404. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22687151A93142404.en. Henta 13 November 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Purpurkarib