Q
Utsjånad
| Q | |||||
| | |||||
| Bruk | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||||
| Type | Alfabet | ||||
| Opphavsspråk | Gresk Latin | ||||
| Fonetisk bruk | /k/, /ˈkjuː/, /ʔ/, /qː/, /!/,/x/ | ||||
| Unicode | U+0051, U+0071 | ||||
| Plass i alfabetet | Talverdi: 17 | ||||
| Historie | |||||
| Utvikling |
| ||||
| Etterkomarar | • Ƣ • Ɋ • ℺ • Ԛ | ||||
| Slektningar | Φ Ф ק ق ܩ ࠒ 𐎖 ቀ Փ փ Ֆ ֆ | ||||
| Anna | |||||
| Tilknytte tal | 17 | ||||
Q er den 17. bokstaven i det latinske alfabetet.
Soge
[endre | endre wikiteksten]| Egyptisk hieroglyf wj |
Fønikisk qof |
Gresk qoppa |
Etruskisk Q | Romersk Q | ||
|---|---|---|---|---|---|---|
![]() |
![]() |
![]() |
Q stammar frå den greske bokstaven qoppa (Ϙ, ϙ), som er avleidd frå fønikisk qof. Tidleg i gresk antikk brukte ein tidvis bokstaven som k-lyd framfor o og u. Han blei ikkje brukt som bokstav i klassisk gresk. Etruskarane og seinare romarane kalla bokstaven qu og brukte han først framfor o og u, der han kunne uttrykka k- eller g-lyd. Sidan blei han berre brukt framfor u.
Moderne bruk
[endre | endre wikiteksten]I dei fleste moderne europeiske språk blir q nesten berre brukt framfor u, og uttrykker konsonantgruppa /kw/. På dei nordiske språka blei q brukt saman med u eller v fram til første halvdelen av 1800-talet. Stavingsreformer erstatta han med k, og q er i dag nesten ikkje brukt i nordisk, bortsett frå i særnamn.
Q kan visa til
[endre | endre wikiteksten]- Q-verdien til ein resonans
- Q, i fysikken vanleg symbol for elektrisk lading, for varmeenergi og for frigjort kinetisk energi i ein kjernereaksjon. Energien, Q-verdien, er positiv når energi som har vore bunden i atomkjernane som reagerer, går over til varme.
- Q er i matematikk mengda av alle rasjonale tal.
- ein rollefigur i bøkene og filmane om James Bond
- det britiske musikkmagasinet Q
- q er symbol for den britiske masseininga quintal.
- fleire forkortingar av latinske ord og namn, til dømes Quintus, quaestor, quartus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Q – bokstaven» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Q» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2010.


