Y
| Y | |||||
| | |||||
| | |||||
| Bruk | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||||
| Type | Alfabet | ||||
| Fonetisk bruk | [y] [ʏ] [ɨ] [j] [i] [iː] [ɪ] [ɘ] [ə] [ɯ] [ɛː] [ɥ] [ɣ̟] [ɛi] /waɪ/ /aɪ/ | ||||
| Unicode | U+0059, U+0079 | ||||
| Plass i alfabetet | Talverdi: 25 | ||||
| Historie | |||||
| Utvikling | |||||
| Tidsperiode | 54 til no | ||||
| Etterkomarar | • U • V • W • Ỿ • ¥ • Ꮙ • Ꮍ • Ꭹ | ||||
| Slektningar | F Ѵ У Ў Ұ Ү ו و ܘ וּ וֹ ࠅ 𐎆 𐡅 ወ વ ૂ ુ उ | ||||
| Anna | |||||
| Tilknytte tal | 25 | ||||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||||
Y (y) er den 25. bokstaven i det latinske alfabetet og den 20. bokstaven i det greske alfabetet (Υ, υ). Grekarane har kanskje teke teiknet opp frå ei eldre stavingsskrift som var i bruk på Kypros. I gresk var lydverdien til bokstaven opphavleg u, seinare y. Etruskarane, og frå dei romarane, tok opp bokstaven som V (sjå U og V). Under Augustus vart rettskrivinga på latin endra til y. I seingresk tid vart både υ og οι uttalt i. For å vise til at lyden skulle skrivast υ, ikkje οι, sa ein at ein skulle skrive «y psilon», «berre y»; derav namnet.
Y er i norsk ein trong, fremre, runda vokal. På engelsk er bokstaven dels teikn for i (system), dels for ai (spy) og dels for j (year). På fransk er bokstaven teikn for i og på tysk dels for y, dels for i (i opphavlege tyske ord vert ü nytta).
Y kan tyde
[endre | endre wikiteksten]- kjemisk symbol for grunnstoffet yttrium.
- symbol for SI-prefikset yotta, lik 1024.
- y er symbol for SI-prefikset yokto, lik 10-24.
- den andre ukjende verdien i ei matematisk likning med to eller fleire ukjende, eller verdien for andreaksen i eit koordinatsystem
- namnet på det eine kjønnskromosomet
- symbolet for tyrosin i ei polypeptidlenkje
- ein del av eit asteroidenummer som syner at lekamen blei oppdaga mellom den 16. og den 31. desember
Y som namn
[endre | endre wikiteksten]- Y er ein kommune i Matanuska-Susitna Borough i Alaska
- Y (uttala «i») er ein fransk kommune i departementet Somme i Picardie. Innbyggjarane i kommunen heiter ypsilonarar, etter det franske namnet for bokstaven y.
- vert nytta mellom faren og mora sitt etternamn i spanske familienamn, til dømes Ortega y Gasset.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Y – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.