J

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


Bokstaven J (j) er den tiande bokstaven i det latinske alfabetet. Han var ukjend i det eldste latinske alfabetet. Teiknet for j, som er ein forlenga i, vart nytta alt på 1300-talet, og på 1600-talet var skiljet mellom det vokaliske i-teiknet og det konsonantiske j-teiknet stort sett gjennomført. J (på norsk kalla jodd eller je) er i språket vårt teiknet for ein stemt, palatal approksimant. Sambindingane gj og hj vert uttalte som j (til dømes gjeng, hjørne). Bokstaven vert på engelsk uttalt [dʒ], på fransk [ʒ] og på spansk [x].

esperanto skil ein mellom J og Ĵ (J cirkumfleks). Den første vert uttala som norsk 'J', den andre som stemd (fransk) 'J'(zj), eller russisk 'Ж'.

J kan stå for[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]