Radovan Karadžić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radovan Karadžić
Radovan Karadžić trial judgement 24 March 2016.jpg
FøddРадован Караџић
19. juni 1945 (77 år)
Petnjica
Statsborgar avBosnia-Hercegovina
PartiDet serbiske demokratiske parti, Jugoslavias kommunistforbund
Yrkepolitikar, lyrikar, psykiater
Utdanna vedUniversitetet i Sarajevo
Columbia University College of Physicians and Surgeons
EktefelleLjiljana Zelen Karadžić
BarnSonja Karadžić-Jovičević
Serbisk unggut med T-skjorte med bilde av dei serbiske ettersøkte krigsforbrytarane Radovan Karadžić og Ratko Mladić med påskrifta Српски хероји ('serbiske heltar')

Radovan Karadžić (fødd 19. juni 1945) er ein bosnisk-serbisk nasjonalist tiltalt for brotsverk mot menneskja som fann stad under Bosniakrigen. Karadžić er utdanna psykiater og har gjeve ut fleire diktsamlingar.

Karadžić var leiar for serbarane i Bosnia-Hercegovina under Bosniakrigen (1992–1995), som president i den sjølvoppnemnde serbiske republikken frå 1992 til 1996 og skipar av nasjonalistpartiet SDS.

I 1995 vart han sikta for krigsbrotsverk, etnisk rensing og brotsverk mot menneskja av Det internasjonale krigsbrotsverkstribunalet for det tidlegare Jugoslavia, og det vart kunngjort ein internasjonal arrestordre på Karadžić.

Karadžić gjekk under jorda i 1997, og vart pågripen i Beograd den 18. juli 2008. Han levde då i eit husvære i den serbiske hovudstaden under namnet «Dragan David Dabić», skjult med eit stort skjegg og verka som alternativ medisinar.