Raudflamingo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raudflamingo
Raudflamingo, Phoenicopterus ruber
Raudflamingo, Phoenicopterus ruber
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av raudflamingo
Utbreiinga av raudflamingo
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Phoenicopteriformes
Familie: Flamingoar Phoenicopteridae
Slekt: Flamingoar Phoenicopterus
Art: Raudflamingo P. ruber
Vitskapleg namn
Phoenicopterus ruber

Raudflamingo (Phoenicopterus ruber) er ein av dei seks artane som utgjer slekta Phoenicopterus, einaste slekta i flamingofamilien, Phoenicopteridae. Raudflamingoen hekkar på Galapagosøyane, ved kysten av Colombia og Venezuela med øyane utanfor, på Yucatán-halvøya i Mexico, og i det nordlege Karibia inklusive øyane Bahamas, Hispaniola, Cuba og Turks- og Caicosøyane. I Florida har det vore gjort mange observasjonar av denne fuglen, dei fleste er rekna for å vere rømlingar frå parkar. Raudflamingo er nasjonalfugl på Bahamas.

Raudflamingoen har kroppslengd på 120-140 cm, hannar veg ca. 2,8 kg og hoer ca. 2,2 kg. Artsnamnet kjem av at mykje av fjørdrakta har rosa farge. Den rosenraude farga skil raudflamingoen frå den mykje bleikare rosenflamingoen, P. roseus. Vengdekkfjørene er raude, og dei primære og sekundære svingfjørene er svarte. Nebbet er rosa og kvitt med avgrensa svart spiss, og beina er heilt rosa. Lyden frå raudflamingoen er som tuting frå gjæser.

Raudflamingo med egg.
Foto: John Harrison
Hovudskalle
Flamingoegg

Til likskap med dei næraste slektningane føretrekk raudflamingoar habitat med salthaldige laguner, mudderbankar eller grunne innsjøar med ferskvatn eller brakkvatn. Som andre flamingoar, får dei eit kalkkvitt egg i kullet, det skjer mellom mai og august. Ruginga tar frå 28 til 32 dagar, begge foreldra har omsut for ungane i ein periode på opp til 6 år då dei vert kjønnsmodne. Forventa levetid er ca. 40 år, det er av det lengste blant fuglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raudflamingo