Ray Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ray Thomas

Ray Thomas, 1970
Fødd29. desember 1941
FødestadStourport-on-Severn i England
Død4. januar 2018 (76 år)
DødsstadSurrey
FødenamnRay Thomas
OpphavStorbritannia
Aktiv1960–2002
InstrumentFløyte, munnspel, obo, saksofon, tamburin, vokal
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Moody Blues, El Riot and the Rebels, Krew Cats
Verka somSongar, låtskrivar, fløytist

Ray Thomas (29. desember 19414. januar 2018)[1] var ein engelsk musikar som var best kjend som fløytist, songar og låtskrivar i rockebandet The Moody Blues.

Thomas var fødd i Stourport-on-Severn i Worcestershire vest i England. Han byrja å synge i ungdomskor tidleg i 1960-åra. Han starta også å spele munnspel i lag med bassgitarist og framtidig Moody Blues-medlem John Lodge i eit band. Dei to spelte i lag i El Riot and the Rebels. Etter nokre år vart klaverspelar og ven Mike Pinder, som òg spelte i Moody Blues, med i bandet òg. Thomas og Pinder (utan Lodge) spelte seinare i bandet Krew Cats. Dette bandet utvikla seg til den første inkarnasjonen av The Moody Blues.

I 1974 tok bandet ein pause og alle medlemmane laga soloalbum. Thomas gav ut albuma From Mighty Oaks (1975) og Hopes Wishes and Dreams (1976). Bandet gav i 1978 ut albumet Octave. Thomas medverka mindre og mindre utover i 1980-åra, og medverka ikkje i det heile til albumet Sur La Mer, sjølv om han var omtalt i plateomslaget.

Thomas trekte seg frå bandet i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]