Seventh Sojourn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Seventh Sojourn
Studioalbum av The Moody Blues
Utgjeve
  • 23. oktober 1972 (Storbritannia)
  • 17. november 1972 (USA)
Innspelt Januar – september 1972
Studio Decca Studios i Tollington Park i London
Sjanger
Lengd 39:29
Selskap Threshold
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi
Every Good Boy Deserves Favour
(1971)
Seventh Sojourn This Is The Moody Blues
(1974)


Singlar frå Seventh Sojourn
  1. «Isn't Life Strange»
    Utgjeve: April 1972
  2. «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)»
    Utgjeve: January 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(positiv)[2]
Uncut2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Seventh Sojourn er det åttande albumet til The Moody Blues, utgjeve i 1972.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Opningssporet, Mike Pinder sin «Lost in a Lost World» sørgjer over brutaliteten i ein revolusjon og refererer til rasehat. Fleire av songane har tydelege politiske referansar. Som «Question» frå to år tidlegare, omhandlar «You and Me» pågåande krigar, som Vietnamkrigen. Bassisten John Lodge skilda «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» som eit svar til fans som feilaktig leste guru-aktig visdom i tekstane til deira. På dette albumet nytta The Moody Blues, i tillegg til ein Mellotron, eit tangentinstrument kalla Chamberlin, som liknar på Mellotron. Dette instrumentet kunne simulere orkesterlydar meir realistisk og lettare enn mellotronen.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Seventh Sojourn nådde femteplassen på albumlista i Storbritannia og vart det første albumet deira som nådde toppen av lista i USA, der det låg i fem veker.

Det kom to hitsinglar frå albumet, «Isn't Life Strange» (13. plassen i Storbritannia, 29. plassen i USA) og «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» (36. plassen i Storbritannia, 12. plassen i USA). Begge desse songane vart overskugga av ei nyutgjeving av «Nights in White Satin», som vart spelt inn i 1967. Denne singelen nådde niandeplassen i Storbritannia og andreplassen i USA, den høgaste listeplasseringa dei oppnådde med ein singel i USA.

Då det var vanskar med å spele inn dette albumet, valte gruppa å ta ein pause etter ein turne i Asia i 1974. Det vart den siste turneen til Mike Pinder med gruppa. Dei kom saman att i 1977 for å spele inn Octave, men den påfølgjande turneen var altså utan Pinder.

I april 2007 vart albumet gjeve ut på SACD med fire bonusspor. Songen «Island», blant desse bonusspora, vart spelt inn i 1973 og var ein av songane meint for ein oppfølgjar til Seventh Sojourn. I 2008 vart ei ny utgåve med dei same bonusspora gjeve ut på ein standard lyd-CD.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Lost in a Lost World»  Mike PinderPinder 4:42
2. «New Horizons»  Justin HaywardHayward 5:11
3. «For My Lady»  Ray ThomasThomas 3:58
4. «Isn't Life Strange»  John LodgeLodge, Hayward 6:09
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
5. «You and Me»  Hayward, Graeme EdgeHayward, Thomas, Pinder 4:21
6. «The Land of Make-Believe»  HaywardHayward 4:52
7. «When You're a Free Man»  PinderPinder 6:06
8. «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)»  LodgeLodge 4:18
39:29
Bonusspor på 2007- og 2008-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
9. «Isn't Life Strange» (originalversjon)Lodge 8:10
10. «You and Me» (Beckthorns-akkompagnement)Hayward, Edge 6:33
11. «Lost in a Lost World» (instrumental demo)Pinder 4:41
12. «Island» (ikkje tidlegare utgjeven)Hayward 4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent - Tony Clarke
  • Lydteknikarar - Derek Varnals and Tony Clarke («Isn't Life Strange»)
  • Assistant lydteknikar - David Baker
  • Plateomslag - Phil Travers
  • Innsida av plateomslaget - The Moodies

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1972 UK Albums Chart 5
Billboard 200 1
Den danske albumlista[4] 4

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1972 «Isn't Life Strange» UK Singles Chart 13
Billboard Hot 100 29
«I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)» UK Singles Chart 36
Billboard Hot 100 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. «Rolling Stone review». Arkivert frå originalen 6. juni 2008. Henta 6. september 2019.  Invalid |dead-url=bot: unknown (hjelp)
  3. David Stubbs Uncut, 2007. mai Issue 120
  4. http://danskehitlister.dk/?song_id=6326