Hopp til innhald

John Lodge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Lodge

Lodge i 2007 med Moody Blues
Fødd20. juli 1943
FødestadBirmingham
Død10. oktober 2025 (82 år)
FødenamnJohn Charles Lodge
OpphavStorbritannia
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock, heavyrock
InstrumentBass, vokal
Kjende instrumentFender Jazz Bass
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarThe Moody Blues, Trapeze
PlateselskapDecca, Threshold
Verka somMusikar
Låtskrivar
Produsent

John Charles Lodge (20. juli 194310. oktober 2025) var ein engelsk musikar som var mest kjend som bassgitarist, vokalist og låtskrivar i det langvarige rockebandet The Moody Blues.[1] Han verka òg som plateprodusent. Lodge samarbeidde med både bandmedlemmane i Moody Blues, og med andre artistar, og gav òg ut soloarbeid.

Lodge kom inn i The Moody Blues i 1966 då den originale bassisten i bandet, Clint Warwick, forlet bandet. Samstundes starta Justin Hayward som ny vokalist og gitarist. Han hadde erstatta Denny Laine. Lodge song på mange av songane til Moody Blues og skreiv mange songar for bandet, som «Ride My See-Saw» og «I'm Just a Singer in a Rock and Roll Band»,[2] «Gemini Dream», «House of Four Doors», «Candle of Life», «Send Me No Wine» og «Isn’t Life Strange».[1]

Han samarbeidde òg med Hayward på albumet deira Blue Jays i 1975. I 1970-åra var han plateprodusent for bandet Trapeze.

I 1985 fekk the Moody Blues Ivor Novello-prisen for bidraga sine til musikk. Moody Blues «blei» teken opp i Rock and Roll Hall of Fame i 2018.[2]

Lodge var gift med Kirsten Wright frå 1968. Dei fekk to barn, Emily og Kristian.[1]

  1. 1 2 3 Keenan, John (12. oktober 2025). «John Lodge obituary». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
  2. 1 2 Østbø, Stein (10. oktober 2025), «Moody Blues-bassist John Lodge er død», VG (på norsk), henta 29. oktober 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]