The Other Side of Life
The Other Side of Life Studioalbum av The Moody Blues | ||
Utgjeve | 9. april 1986 | |
Studio | Good Earth, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:10 | |
Selskap | Polydor | |
Produsent | Tony Visconti | |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
Voices in the Sky: The Best of The Moody Blues (1984) |
The Other Side of Life | Prelude (1987)
|
Singlar frå The Other Side of Life | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Other Side of Life er det tolvte albumet til det engelske rockebandet The Moody Blues, gjeve ut i 1986 på Polydor Records. Det inneheld den store hitten «Your Wildest Dreams» som nådde Topp 10-lista i USA.
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]Det var det tredje albumet bandet gav ut med Patrick Moraz på tangentar, og det første der fløytist og vokalist Ray Thomas ikkje spelte ei stor rolle. Mange av songane var skrivne av vokalisten og gitaristen Justin Hayward og bassisten John Lodge, og berre ein song, «The Spirit», var skriven av Moraz og trommeslagaren Graeme Edge. Musikken på albumet var dominert av synthesizer, sekvensar og trommemaskinar og albumet kan skildrast som eit «synthpop»-album, ei overraskande stilmessig endring for eit band som var pionerar innan symfonisk rock.
Albumet vart spelt inn i Good Earth Studios i London og produsert av Tony Visconti.
Albumet inneheld songen «Rock 'N' Roll over You» som vart nytta i ein scene i The Karate Kid part 2.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Anthony DeCurtis skreiv for Rolling Stone at albumet i stor grad «spelar på the Moodys sine mangeårige musikalske styrkar: frodige, symfoniske teksturar; rike og majestetiske melodiar og tette vokalarrangement» og hylla bandet for å unngå pompøse tekstar, som han meinte berre prega «The Spirit».[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Your Wildest Dreams» | Justin Hayward | 4:52 |
2. | «Talkin' Talkin'» | Hayward, John Lodge | 3:56 |
3. | «Rock 'n' Roll Over You» | Lodge | 4:51 |
4. | «I Just Don't Care» | Hayward | 3:29 |
5. | «Running Out of Love» | Hayward, Lodge | 4:25 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «The Other Side of Life» | Hayward | 6:53 |
7. | «The Spirit» | Graeme Edge, Patrick Moraz | 4:19 |
8. | «Slings and Arrows» | Hayward, Lodge | 4:29 |
9. | «It May Be a Fire» | Lodge | 4:57 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Justin Hayward – gitarar, vokal
- John Lodge – bassgitar, vokal
- Patrick Moraz – tangentinstrument
- Graeme Edge – trommer, perkusjon
- Ray Thomas – korvokal
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]- Tony Visconti – produsent, lydteknikar
- Alwyn Clayden – kunstnarisk leiar, design
- Bruce Gill – design
- Michael Hoppen – fotografi
- Karl Lloyd – illustrasjon
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1986) | Plassering |
---|---|
Canada Top Albums/CDs (RPM)[3] | 46 |
Nederlandske album (MegaCharts)[4] | 65 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[5] | 56 |
Britiske album (OCC)[6] | 24 |
US Billboard 200[7] | 9 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[8] | Platina | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Other Side of Life» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. The Other Side of Life på Allmusic. Henta 7. september 2019.
- ↑ DeCurtis, Anthony (17. juli 1986). «The Moody Blues: The Other Side of Life : Music Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 9. februar 2009. Henta 7. september 2019.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 0675". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 7. september 2019.
- ↑ "The Moody Blues – The Other Side of Life". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 7. september 2019.
- ↑ "Offiziellecharts.de – The Moody Blues – The Other Side of Life" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 7. september 2019.
- ↑ "The Moody Blues | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 7. september 2019.
- ↑ "The Moody Blues Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Moody Blues. Prometheus Global Media. Henta 7. september 2019.
- ↑ «American album salstrofé – The Moody Blues – The Other Side of Life». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH