To Our Children's Children's Children
To Our Children's Children's Children Studioalbum av The Moody Blues | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. november 1969 | |
Innspelt | Mai til september 1969 | |
Studio | Decca Studios i West Hampstead i London i England | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 40:15 | |
Selskap | Threshold | |
Produsent | Tony Clarke | |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
On the Threshold of a Dream (1969) |
To Our Children's Children's Children | A Question of Balance (1970)
|
Singlar frå To Our Children's Children's Children | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
To Our Children's Children's Children er det femte albumet til The Moody Blues og kom ut seint i 1969. Det var det første albumet dei gav ut på sitt eige plateselskap, Threshold Records, som var kalla opp etter det førre albumet til bandet, On the Threshold of a Dream, som kom ut same året.
Albumet var inspirert av månelandinga i 1969 og omhandlar romreiser og barn, med mykje toneartar i moll og eit særprega psykedelisk element.
Albumet er det fjerde av dei sju «kjernealbuma» til bandet frå 1967 til 1972, og representerer slik toppen av karrieren deira for enkelte tilhengjarar. Sjølv om singelen frå albumet, «Watching and Waiting», ikkje gjorde det særskild bra, fekk albumet god kritikk og selde bra. Det nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia og 14. plass i USA. Bandet fann ut at dei fleste av songane ikkje var mogelege å framføre live, sidan dei inneheldt mykje orkester og mange spor med instrument oppå kvarandre. Det neste albumet deira, A Question of Balance, var derfor meir enkelt med enklare instrumentering. Dette varte derimot berre eitt album, og det neste albumet, Every Good Boy Deserves Favour, som igjen inneheldt orkester.
I mars 2006 vart albumet mastra på nytt og gjeven ut på SACD som ei dobbelplate med mange bonusspor.
I 2008 vart ein enkel CD gjeven ut med fem bonusspor.
Songen «Out and In» var skriven av både Mike Pinder og John Lodge, den einaste songen dei skreiv i lag.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Higher and Higher» | Graeme Edge | Pinder (opplesing) | 4:07 |
2. | «Eyes of a Child I» | John Lodge | Lodge | 3:24 |
3. | «Floating» | Ray Thomas | Thomas | 3:02 |
4. | «Eyes of a Child II» | Lodge | Lodge | 1:20 |
5. | «I Never Thought I'd Live to Be a Hundred» | Justin Hayward | Hayward | 1:05 |
6. | «Beyond» | Edge | instrumental | 2:59 |
7. | «Out and In» | Mike Pinder, Lodge | Pinder | 3:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Gypsy (Of a Strange and Distant Time)» | Hayward | Hayward | 3:33 |
2. | «Eternity Road» | Thomas | Thomas | 4:19 |
3. | «Candle of Life» | Lodge | Lodge, Hayward | 4:15 |
4. | «Sun Is Still Shining» | Pinder | Pinder | 3:40 |
5. | «I Never Thought I'd Live to Be a Million» | Hayward | Hayward | 0:34 |
6. | «Watching and Waiting» | Hayward, Thomas | Hayward | 4:16 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Gypsy» (alternativ versjon) | Hayward | 4:17 |
2. | «Candle of Life» (alternativ versjon) | Lodge | 4:59 |
3. | «Sun Is Still Shining» (lengre versjon) | Pinder | 4:07 |
4. | «Gypsy» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Hayward | 3:21 |
5. | «Sunset» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Pinder | 3:54 |
6. | «Never Comes the Day» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Hayward | 4:42 |
7. | «Are You Sitting Comfortably» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Hayward, Thomas | 2:54 |
8. | «The Dream» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Edge | 0:58 |
9. | «Have You Heard Pt. 1/The Voyage/Have You Heard Pt. 2» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Pinder | 5:42 |
10. | «Nights in White Satin» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Hayward | 3:12 |
11. | «Legend of a Mind» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Thomas | 4:37 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «Gypsy» (alternativ versjon) | Hayward | 4:16 |
15. | «Candle of Life» (alternativ versjon) | Lodge | 4:55 |
16. | «Sun Is Still Shining» (lengre versjon) | Pinder | 4:03 |
17. | «Have You Heard Pt. 1/The Voyage/Have You Heard Pt. 2» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Pinder | 5:36 |
18. | «Legend of a Mind» (BBC radiokonsert 17. desember 1969) | Thomas | 4:33 |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1969 | UK Albums Chart | 2 |
1970 | Billboard 200 | 14 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Justin Hayward – vokal, gitar, sitar
- John Lodge – vokal, bassgitar, harpe, akustisk gitar
- Ray Thomas – vokal, fløyte, tamburin, bassfløyte, obo
- Graeme Edge – trommer, perkusjon
- Mike Pinder – vokal, Mellotron, piano, EMS VCS 3, Hammondorgel, akustisk gitar, celesta, kontrabass