Reidar Aarskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Aarskog
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. mars 1951 (73 år)
Idrett stavsprang

Reidar Aarskog (fødd 30. mars 1951) er ein norsk tidlegare stavhoppar frå Uggdal i Tysnes kommune. Han sette norsk rekord i øvinga i 1973. Gjennom ti sesongar på topplan sanka Aarskog 6 sølvmedaljar og 2 bronsemedaljar i stavhopp under dei norske meisterskapane 1971 til 1980. Han var medlem i Fana Idrettslag frå 1970 og IL i BUL frå 1976.

I fyrste halvdelen av 1970-åra utfordra Aarskog Wilhelm Sorteberg om å vere landets bestemann i stavhopp, etterkvart møtte han ein like sterk motstandar i Bertil Reppen. Aarskog forbetra seg frå 4,30 meter i 1971 til 4,50 m i 1972. 24. juni 1973 sletta han den ni år gamle noregsrekorden til Kjell Hovik på 4,70 meter. Aarskog svinga seg då over 4,81 m i Beitstad. Nøyaktig ein månad seinare byrja Wilhelm Sorteberg si 16 år lange periode som norsk rekordhaldar i stavhopp.

Aarskog la opp i 1980, etter ein sesong der 4,50 m var hans beste prestasjon.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]