Revebjølle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Revebjølle
Revebjølle
Revebjølle
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Stamme: Digitalideae
Slekt: Digitalis
Art: Revebjølle D. purpurea
Vitskapleg namn
Digitalis purpurea

Revebjølle (Digitalis purpurea) er ein meterhøg toårig staude av kjempefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Revebjølla har rundtagga håra blad, nervane trer klårt fram på undersida. Blomsterkrona, som har form som ei bjølle, er purpurraud, blomstrane er dunhåra innvendig. Vanleg høgd er om lag 70 cm, men ho kan verte opptil halvannan meter.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Revebjølla er ein utprega oseanisk art som i Noreg veks naturleg i kyst- og fjordstrok frå Eidanger til Nord-Frøya, Verran og Leka; i Odda opp til 700 moh. I Sverige veks ho i Bohuslän; elles finst ho forvilla i begge landa.

Utom Norden finst revebjølla på dei britiske øyane og langs Atlantarhavskysten av Vest-Europa. I Middelhavet veks ho på Korsika og Sardinia.

Revebjølla veks på tørr jordbotn i skogbryn, gjerne på hogstfelt i lauvskog.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Revebjølla er ein giftplante som frå gammalt har vore bruka til lækjemiddel, både i folkemedisinen og sidan i lækjevitskapen. Giftstoffa digitoxin, gitoxin og gitalin påverkar hjarteaktiviteten. Til medisinsk bruk vert blad av planten samla under blomstringa og tørka; 2-3 g kan vere døyeleg dose. Symptom på forgifting er oppkast, auka blodtrykk, blåfarging av huda, synsforstyrringar, krampe og hjarteflimmer.

Revebjølla har sidan 1989 vore fylkesblomen i Sogn og Fjordane. Framlegget frå Det Norske Hageselskap og Norsk Botanisk Forening om at revebjølla skulle vera Sogn og Fjordane sin fylkesblom vart vedteke av Fylkestinget 6. juni 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Revebjølle