Richard Niles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Richard Niles
Fødd28. mai 1951 (69 år)
FødestadHollywood i California i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1975
SjangerJazz, pop, klassisk musikk
InstrumentGitar
Verka somMusikar, komponist, arrangør, plateprodusent, journalist
Gift medTessa Niles

Richard Niles (fødd 28. mai 1951) er ein USA-amerikansk komponist, arrangør, plateprodusent, gitarist, radiopratar og journalist.

Han byrja karrieren i London i 1975 som låtskrivar og fast arrangør og produsent for Essex Records. Dette sette han i samarbeid med Cat Stevens. I britiske fjernsynsseriar for David Essex og Leo Sayer arrangerte og dirigerte han musikk for Ronnie Spector, Twiggy, Kate Bush og Denny Laine. I 1978 arbeidde han som fast arrangør for Hansa Records då han oppdaga Sarah Brightman og arrangerte både hans og hennar første hit, «I Lost My Heart to a Starship Trooper». Han har komponert, arrangert og produsert musikk for Anita Baker, Cilla Black, James Brown, Ray Charles, Cher, Petula Clark, Randy Crawford, Gloria Gaynor, Lulu, Paul McCartney, Pet Shop Boys, Tears For Fears, Tina Turner og Deniece Williams. Han arrangerte Grace Jones-albumet Slave to the Rhythm. Niles skreiv og dirigerte strykarane på Depeche Mode-songane «Home», «Only When I Lose Myself» og «Surrender». Han skreiv arrangement for Pet Shop Boys, Swing Out Sister, Living in a Box, Frankie Goes to Hollywood, ABC og Was (Not Was). Han har òg arbeidd med Cliff Richard, Barry Manilow, Ray Charles, Stephen Gately, Ronan Keating, og bidrog på hittar av Wet Wet Wet, Damage, O-Town, OTT, Take That, Boyzone og Westlife, inkludert duette deira «Against All Odds» med Mariah Carey.

Han var leiar for husbandet, Bandzilla, på Ruby Wax-serien Don't Miss Wax.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]