Ricky Bruch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Ricky Bruch
Ricky Bruch 1972.jpg
Fødd 2. juli 1946
Göteborg
Død

30. mai 2011
Ystad

Ricky Bruch på Commons

Björn Rickard Bruch, kjend som Ricky Bruch, (2. juli 194630. mai 2011) var ein svensk friidrettsutøvar frå Örgryte som tevla i kulestøyt og diskoskast. Han vann sølvmedaljen i diskoskast under EM 1969, og sidan bronsemedaljar i same øvinga både under sommar-OL 1972 og EM 1974. Mellom 1967 og 1983 vann han 13 svenske meisterskap, elleve i diskoskast og to i kulestøyt. Bruch prøvde seg også som skodespelar og gav ut ein sjølvbiografi.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Bruch sette sin fyrste svenske rekord den 30. mars 1968. Han forbetra då Lars Haglund sin fire år gamle rekord i diskoskast frå 59,95 m til 60,58 m. Gjennom 1968-sesongen forbetra Bruch diskosrekorden tre gongar: 61,76 m den 15. april, 61,88 m den 28. september og 61,98 m den 3. oktober. Den 3. mai 1968 slo Bruch Bengt Bendéus sin svenske rekord i kulestøyt og vart med resultatet 19,01 m den fyrste svensken over 19 meter. 31. mai forbetra han rekorden til 19,30 m.

I 1969 slo Bruch sin svenske kulerekord to gongar. Fyrste gongen, 13. mai, støytte han 19,34 m og to dagar seinare la han på til 19,40 m. Allereie i juli mista han rekorden til Bengt Bendéus som oppnådde 19,87 meter. Gjennom 1969 heldt Bruch fram med å forbetre diskosrekorden. 15. mai kasta han 62,38 m, 8. august 63,32 m og den 14. august 64,68 m. Den fjerde rekordforbetringa for året gjorde han 21. september med eit kast på 68,06 m, ny europarekord. Han vart svensk diskosmeister med 61,44 m og tok sølvmedaljen under friidretts-EM i Aten med eit kast på 61,08 meter.

Bruch stod for det lengste diskokaster i verda i 1970-sesongen. Under eit stemne i Malmö i juli månad fekk han opp 67,14 m. Han vart svensk meister både i kulestøyt og diskokast, og han forbetra sin personlege rekord i kulestøyt til 19,59 m.

15. mai 1971 oppnådde Bruch 68,32 meter, svensk rekord og berre åtte centimeter bak verdsrekorden til Jay Silvester frå USA. I kulestøyt sette han svensk rekord med 19,93 m den 30. august og fem dagar seinare vart han den fyrste i Sverige over 20 meter med eit støyt på 20,04 m.

I 1972 lukkast Bruch å tangere den fire år gamle verdsrekorden med eit kast på 68,40 meter i Stockholm. Seinare i sesongen tok han bronsemedaljen under OL i München.

Bruch vann i 1972 sitt andre SM-gull i kulestøyt med 19,35 m i sluttprotokollen. Frå 1972 til 1978 vann Bruch den svenske meisterskapen i diskoskast kvart år, med resultata 64,40 meter, 62,28 m, 63,84 m, 61,94 m, 58,98 m, 59,26 m og 58,52 m.

I byrjinga av 1973-sesongen mista Bruch sin svenske kulerekord til Hans Höglund, som 27. mai forbetra rekorden med ein centimeter til 20,05 m. Bruch tok snøgt tilbake rekorden den 7. juni med eit støyt på 20,08 m. Tolv dagar seinare smelte Höglund så til med 20,60 m, eit resultat Bruch ikkje makta svare på.

Ved EM i friidrett 1974 tok Bruch bronsemedaljen i diskoskast med 62,00 m. Under sommar-OL 1976 i Montréal mislukkast han i å kvalifisere seg til finalen og forlet stadion gråtande med ein handduk framfor ansiktet.

Bruch vann sitt siste SM i diskos 1983, på 62,18 m. Han var med i VM i friidrett i Helsingfors der han vart utslått i kvalifiseringa. I 1984 slo han den svenske rekorden i diskos fem gongar. Fyrst forbetra han den til 68,92 m og 69,10 m (12. juli). Så vart han fyrste svensken over 70 meter med eit kast på 70,48 m den 12. september. Seint på hausten flytta han den svenska rekorden ytterlegare to gongar - 71,00 m den 14. oktober og 71,26 meter den 15. november i ei tevling i Malmö. Det siste kastet er i 2014 gjeldande svensk rekord. Bruch fortalde seinare om bruk av dopingmidlar gjennom ulike anabole steroidar og andre preparat.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Film og bok[endre | endre wikiteksten]

Med ein direkte og ofte utleverande framtoning vart Bruch på mange måtar ein medieyndling. Hans veg tilbake til diskosringen etter 1980, er grunnlaget for filmen Själen är större än världen. Denne viser Ricky Bruch som seg selv i kampen for å kvalifisere seg til Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Filmen vann 'Children's Film Prize of the Nordic Film Institutes' under Lübeck Nordic Film Days i 1985. Bruch hadde elles biroller i fleire fiksjonsfilmar, han er best kjend som Labbas i filmen Ronja Røvardotter.

I 1990 gav Bruch ut sjølvbiografien Gladiatorns kamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]