Hopp til innhald

Riksantikvaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Riksantikvar)
Riksantikvaren

TypeDirektorat
Org.nummer974 760 819
Skipa1912[1]
HovudkontorSchweigaards gate 28, Oslo
RiksantikvarHanna Geiran
VerkeområdeNoreg
Tilsette147 (2013)[2]
EigarskapKlima- og miljødepartementet
Nettstadhttps://www.riksantikvaren.no

Riksantikvaren – direktoratet for kulturminneforvaltning er fagleg rådgjevar i utviklinga av den statlege kulturminnepolitikken, og arbeider for at viktige kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tekne vare på. Direktoratet ligg under Klima- og miljødepartementet. Riksantikvaren har ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken blir gjennomført og har eit overordna fagleg ansvar for fylkeskommunene og Sametingets arbeid med kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Riksantikvaren vart skipa i 1912 som offentleg embete etter initiativ av Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring for å ha oppsyn med ivaretakinga og restaureringa av kunstnerisk og historisk verdfulle gamle bygningar som ikkje var underlagt eit museum. Då Harry Fett var riksantikvar, vart etaten bygd ut til eit vidfemnande institutt for vern og forsking. Riksantikvaren vart underlagd Miljøverndepartementet frå 1973, og fekk direktoratstatus i 1988.[3]

Organisering

[endre | endre wikiteksten]
Biblioteket hjå Riksantikvaren.
Foto: Eva Eide

Direktoratet har om lag 147 tilsette, med kontor i Schweigaards gate 28 i Oslo. Det er òg distriktskontor i Bergen, Tønsberg og Trondheim.

Riksantikvaren har desse avdelingane:[4]

  • Organisasjonsavdeling
  • Kulturminneavdeling
  • Samfunnsavdeling
  • Kommunikasjonseininga
  • Analyse og statistikk eininga

Riksantikvaren har òg eit spesialbibliotek for kulturminnevern.

Riksantikvarens arkiv har mellom anna mange teikningar og fotografi som baserer seg på Fortidsminneforeinga si dokumentasjonsamling frå pionertida til kulturminnnevernet.

Riksantikvaren har det overordna faglege ansvaret for kulutrminneforvaltninga og fungerer som rådgjevar for Klima-og miljødepartementet.

Kontorlokale til Riksantikvaren, Schweigaards gate 28, Oslo

Bevaringsprogrammer

[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren har ti bevaringsprogam for å sikre, setje i stand og kartleggje tilstanden til kulturminne. Dei ti programma er:

Liste over riksantikvarar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]