Rock & Roll av The Velvet Underground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock & Roll
Singel av The Velvet Underground
frå albumet Loaded
A-side

Sweet Jane

Utgjeve August 1973
Innspelt 15. april 1970
Sjanger Proto-punk[1]
Lengd 4:47
Selskap Atlantic
Komponist Lou Reed
Tekstforfattar Lou Reed
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent
  • Geoff Haslam
  • Shel Kagan
  • The Velvet Underground

«Rock & Roll» er ein song av The Velvet Underground frå 1970 på albumet deira Loaded. Songen var skriven av den dåverande frontmannen Lou Reed, som fortsette å spele songen seinare i solokarrieren sin.[2]

Songen fortel om starten på rock & roll og fortel om jenta Jenny som vart «berga av rock and roll».

I platenotata til Velvet Underground-plateboksen Peel Slowly and See, skreiv Lou Reed wrote «'Rock and Roll' handlar om meg. Om eg ikkje hadde høyrd rock and roll på radio, hadde eg ikkje visst at det var liv på denne planeten. Noko som hadde vore ødeleggande - å tenka på at alt, overalt var det som det var der eg kom frå. Det ville vore djupt nedslåande. Filmar gjorde det ikkje for meg. TV gjorde det ikkje for meg. Det var radioen som gjorde det.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Doyle Greene (17. februar 2016). Rock, Counterculture and the Avant-Garde, 1966-1970: How the Beatles, Frank Zappa and the Velvet Underground Defined an Era. McFarland. s. 15. ISBN 978-1-4766-2403-7. 
  2. «Rock & Roll». Song Stories. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 4. november 2013. Henta 25. mars 2022.