Loaded av The Velvet Underground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loaded
Studioalbum av The Velvet Underground
Språk engelsk
Utgjeve 15. november 1970
Innspelt April–august 1970
Studio Atlantic i New York City
Sjanger
Lengd 39:48 (originalutgåve)
40:35 («heil versjon»)
Selskap Cotillion
Produsent Geoff Haslam, Shel Kagan, The Velvet Underground
The Velvet Underground-kronologi 
The Velvet Underground
(1969)
Loaded Live at Max's Kansas City
(1972)


Singlar frå Loaded
  1. «Who Loves the Sun» / «Oh! Sweet Nuthin'»
    Utgjeve: April 1971
  2. «Sweet Jane» / «Who Loves the Sun»
    Utgjeve: 30. april 1971
  3. «Head Held High» / «Train Round the Bend»
    Utgjeve: 1972
  4. «Rock & Roll» / «Sweet Jane»
    Utgjeve: August 1973

Loaded er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground, gjeve ut i november 1970 på Atlantic Records-etiketten Cotillion. Trass i at det vart gjeve ut fleire singlar frå albumet, gjekk ikkje albumet sjølv inn på noko albumliste.[2]

Det var det siste albumet deira med det opphavlege medlemmet og den viktigaste låtskrivaren Lou Reed, som slutta kort tid etter albumet kom ut. Dei andre opphavlege medlemmane Sterling Morrison og Maureen Tucker slutta i 1971.[3][4] På grunn av dette vert dette albumet ofte rekna som det «siste» Velvet Underground-albumet.[5]

I seinare år har albumet fått mykje positiv omtale. Loaded vart rangert på 110. plassen i 2012 og 242. plassen i 2020 på listene til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[6][7]

Background[endre | endre wikiteksten]

Loaded var eit forsøk på ein meir kommersiell stil retta mot radio, og tittelen på albumet refererer til Atlantic som bad bandet produsera eit album «lasta med hittar», med ei dobbel tyding om ordet «loaded», som òg kan bety «full av narkotika». eller «veldig høg på narkotika». Songaren/bassisten Doug Yule sa: «På Loaded var det eit stort press for å produsera ein hitsingel, det var den mentaliteten, kva av desse er ein singel, korleis høyrest det ut når vi kutta det ned til 3,5 minutt, så det var eit viktig tema for gruppa på det tidspunktet. Og eg trur at det tredje albumet i stor grad viser mykje av det ved at mange av dei songane vart utforma som singlar, og viss du lyttar til dei kan du høyra avleiinga, som t.d. dette er ein slags Phil Spector-aktig song, eller dette er den typen personsong.»[8]

Reed var kritisk til den endelege miksen av albumet. Han forlét Velvet Underground 23. august 1970, men Loaded kom ikkje ut før tre månader seinare, i november. Etter utgjevinga hevda Reed i intervju at plata hadde vorte redigert på nytt og sekvensert utan samtykket hans.

Eit av dei såre punkta til Reed som følgje av den uautoriserte ny-miksinga var at delen «heavenly wine and roses»-delen vart kutta ut av «Sweet Jane». På den originale innspelinga var denne delen meint å gje ei perfekt flytande bru til ein fullverdig plagal kadens to-akkordversjon av refrenget (tidlegare refreng i songen har fire akkordar i riffet). I Reed sine første soloframføringar, inkluderte han dette verset (sjå til dømes American Poet), fram til 1973, då han byrja å utelate det, sidan mellomspelet passa dårlegare i ein meir hardrocka versjon (som høyrt til dømes på Rock ' n' Roll Animal). Likevel framførte det Yule-leia bandet etter Reed alltid songen med verset inkludert. På ei samleplate av Reed sine innspelingar med Velvet Underground og som soloartist, NYC Man (The Ultimate Collection 1967–2003), som Reed sjølv sette saman, brukte den kortare versjonen. På spørsmål om dei forkorta versjonane av «Sweet Jane» og «New Age» og Reed sine mangeårige påstandar om at dei vart redigerte på nytt utan samtykket hans, hevda Yule at Reed faktisk hadde miksa songane sjølv. «Han miksa det. Du må forstå på den tida, motivasjonen var... Lou var, og me alle var, innstilte på éin ting, og det var å lykkast og kva du måtte gjera for å lykkast i musikk, var du måtte ha ein hit, og ein hitt måtte vera uptempo, kort, og utan digresjonar, rett fram i utgangspunktet, du ville ha ein knagg og noko å mata knaggen med og det var det. 'Sweet Jane' vart arrangert akkurat nøyaktig slik det er på den originale Loaded-utgjevinga, akkurat av den årsaka - for å bli ein hit! 'Who Loves the Sun' vart gjort akkurat på den måten av den årsaka - for å bli ein hit.»[9]

Reed følte seg òg avvist ved å bli oppført på tredjeplass i oppføringa på albumet; og ved det store bilete av Yule som speler piano; og av at alle songane feilaktig stod oppført som skrivne av bandet, i staden for Reed sjølv. Nyare utgjevingar har retta opp i mykje av dette, og han vert no oppført som hovudlåtskrivaren på albumet, og står oppført øvst blant musikarane på plata. Sidan plateboksen Peel Slowly and See frå 1995 har det vore nytta ein annan miks, som rettar opp att «Sweet Jane», «Rock & Roll» og «New Age» til fullengde versjonane som Reed opphavleg hadde skrive.

Sjølv om ho er kreditert på omslaget, inneheld ikkje albumet Velvet Underground i røynda trommeslagaren Maureen Tucker, sidan ho var gravid på den tida. Trommespelinga vart hovudsakleg utført av bassisten Doug Yule, lydteknikaren Adrian Barber, studiomusikaren Tommy Castanero og broren til Yules, Billy. Reed kommenterte at «Maureen var ikkje med på Loaded, og det er mange som har dette som si favorittplate av Velvet Underground, så me kan ikkje gå oss for vill i mystikken til Velvet Underground... Ho kallast framleis ei Velvet Underground-plate. Men det det eigentleg er, er noko anna.»[10]

Sterling Morrison hadde sterke kjensler om dei auka bidraga til Yule på Loaded, og sa: «Albumet kom bra ut, når det gjeld produksjon er det det beste, men det hadde vore betre om det hadde verkeleg god Lou-vokal på alle spora.» Medan Morrison bidrog med gitarspor på albumet, gjekk han òg på City College i New York og sjonglerte tida mellom øktene og timane, og overlét mesteparten av det kreative innspelet til Reed og Yule.[11] Yule hevda at «Lou støtta seg mykje på meg når det kom til musikalsk støtte og vokalarrangement. Eg gjorde mykje på Loaded. Det gjekk på ein måte ned til Lou og Doug si rekreasjonsinnspeling». Av dei ti songane som utgjer Loaded, song Yule solo på fire songar: «Who Loves the Sun», som opnar albumet, «New Age», «Lonesome Cowboy Bill» og «Oh! Sweet Nuthin'». I tillegg til å syngje, handterte Yule alle bass-, piano- og orgeloppgåvene, og spelte òg inn fleire sologitarspor. Gitarsoloane på «Rock and roll», «Cool it Down», «Head Held High» og «Oh! Sweet Nuthin'» vart alle spelte av Yule.[12]

Originale kopiar av albumet har ingen pause mellom dei to første songane, «Who Loves the Sun» og «Sweet Jane», der den første tonen av sistnemnde kjem inn akkurat når førstnemnde tonar heilt ut. Nokre seinare oppgåver har nokre sekundar med stille melom desse spora. Alle CD-utgåvene av Loaded kom utan denne pausen.

Plateoslaget på albumet, av Stanislaw Zagorski,[13] har ei teikning av inngangen til Times Square t-banestasjon, med «downtown» feilstava som «dowtown».[14]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[15]
Blender5/5 stars[16]
Chicago Tribune3/4 stars[17]
Christgau's Record GuideA[18]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[19]
Pitchfork10/10[20]
Q4/5 stars[21]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[22]
Spin Alternative Record Guide9/10[23]
Uncut8/10[24]

Lenny Kaye gjennomgjekk Loaded i Rolling Stone og skreiv at «sjølv om Velvet Underground på Loaded er meir lause og streite enn vi har sett dei til no, er det ein understraum på albumet som gjer det til meir enn berre ei samling av muntre songar».[25] I The Village Voice sa Robert Christgau at musikken var genuint rock and roll, men også «verkeleg intellektuell og ironisk», der Reed si synging lekamleggjer paradokset.[26]

I følgje den uavhengige forskaren Doyle Greene var Loaded «rettfram rock and roll» som heilt unngjekk den avantgarde og eksperimentelle musikk frå tidlegare album av Velvet Underground, medan songane «Sweet Jane» og «Rock & Roll» utmerkte bandet som eit «innverknadsrikt proto-punk»-band.[1] «Trifectaen til 'Who Loves the Sun', 'Sweet Jane' og 'Rock & Roll' er blant dei beste opningane på ei rockeplate nokon gong», skreiv Paste-skribenten Jeff Gonick.[27] I Routledge sitt Encyclopedia of Music in the 20th Century (2014) vurderte musikkjournalisten Michael R. Ross albumet som «eit nesten perfekt rockealbum»,[28] medan Eric Klinger frå PopMatters kalla det eit «flott» popalbum.[29]

Albumet vart kåra til nummer 295 i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[30] I 2003 vart Loaded rangert som nummer 109 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[[31] og vart deretter rangert som nummer 110 i 2012-revisjonen og fall til nummer 242 i 2020-utgåva av lista.[6] Albumet inneheld to kjente Velvet Underground-songar, «Sweet Jane» og «Rock & Roll», som begge framleis høyrest regelmessig på klassiske FM-radiostasjonar. Albumet vart framført på konsert i sin heilskap av rockebandet Phish som ein av deira «musikalsk kostyme for Halloween»-konsertar 31. oktober 1998.

Får kring 1990 til 2013 har Loaded selt 250 000 eksemplar, ifølgje Nielsen Soundscan.[32]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Who Loves the Sun»2:50
2.«Sweet Jane»3:55
3.«Rock & Roll»4:47
4.«Cool It Down»3:05
5.«New Age»5:20
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Head Held High»2:52
2.«Lonesome Cowboy Bill»2:48
3.«I Found a Reason»4:15
4.«Train Round the Bend»3:20
5.«Oh! Sweet Nuthin'»7:23
Total lengd:40:35

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart offisielt gjeve ut på CD 7. juli 1987 av Warner Special Products. Nokre av sporlengdene på baksida av CD-etuiet er feil. Til dømes er «Sweet Jane» merka 3:55 medan han faktisk er omtrent 3:18; «New Age» er merka 5:20 medan han er nærare 4:39.

Loaded vart kompilert på den femte plata i den omfattande plateboksen Peel Slowly and See, som kom ut 26. september 1995 på Polydor Records. Plata inneheld lengre versjonar av «Sweet Jane», «Rock & Roll» og «New Age» og dessutan demoer, uttak og konsertopptak.

Fully Loaded[endre | endre wikiteksten]

Rhino Records gav ut Fully Loaded, ei nyutgjeving av Loaded på to CD-ar, 18. februar 1997. Den inneheld ei rekkje alternative opptak, alternative miksar og demoversjonar av Loaded-songar og unytta opptak, inkludert framferder av Maureen Tucker (uttaket «I'm Sticking with You», vokal og demoen «I Found a Reason», trommer). Det er òg ein «orkestral» alternativ innspeling av «Ocean» som platenotata feilaktig krediterer John Cale på orgel. I følgje eit intervju frå 1995 med Doug Yule, som spelte orgel på innspelinga, var strykarane som vart brukte på sporet to celloar og kontrabass levert av studiomusikarar som følgde Yule sine notar og instruksjonar, og han kunne ikkje hugsa at Cale nokon gong kom til innspelingane.[9]

Musikkjournalisten David Fricke bidrog med omfattande platenotat til Fully Loaded.

Plate ein (original med bonusspor)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Who Loves the Sun» 2:45
2.«Sweet Jane» (full versjon) 4:06
3.«Rock & Roll» (full versjon) 4:43
4.«Cool It Down» 3:06
5.«New Age» (lang versjon) 5:07
6.«Head Held High» 2:58
7.«Lonesome Cowboy Bill» 2:45
8.«I Found a Reason» 4:17
9.«Train Round the Bend» 3:22
10.«Oh! Sweet Nuthin'» 7:29
11.«Ride into the Sun» (Demo)John Cale, Morrison, Reed, Maureen Tucker3:20
12.«Ocean» (Outtake) 5:43
13.«I'm Sticking with You» (Outtake) 3:06
14.«I Love You» (Demo) 2:03
15.«Rock & Roll» (alternativ miks) 4:41
16.«Head Held High» (alternativ miks) 2:15
Plate to (Alternativt album med bonusspor)
Nr.TittelLengd
1.«Who Loves the Sun» (alternativ miks)2:59
2.«Sweet Jane» (tidleg versjon)5:22
3.«Rock & Roll» (Demo)4:45
4.«Cool It Down» (tidleg versjon)4:14
5.«New Age» (full versjon)5:44
6.«Head Held High» (tidleg versjon)2:48
7.«Lonesome Cowboy Bill» (tidleg versjon)3:14
8.«I Found a Reason» (Demo)3:16
9.«Train Round the Bend» (alternativ miks)4:36
10.«Oh! Sweet Nuthin'» (tidleg versjon)4:04
11.«Ocean» (Demo)6:27
12.«I Love You» (unytta opptak)2:03
13.«Satellite of Love» (alternativ demo)2:51
14.«Oh Gin» (Demo)2:54
15.«Walk and Talk» (Demo)2:47
16.«Sad Song» (Demo)3:43
17.«Love Makes You Feel Ten Feet Tall» (Demo)4.09

Loaded: Re-Loaded 45th Anniversary Reissue[endre | endre wikiteksten]

Ei utgåve på seks CD-plater kom ut i oktober 2015.[33]

Disc 1

  1. «Who Loves the Sun»
  2. «Sweet Jane» (Full Length Version)
  3. «Rock and Roll» (Full Length Version)
  4. «Cool It Down»
  5. «New Age» (Full Length Version)
  6. «Head Held High»
  7. «Lonesome Cowboy Bill»
  8. «I Found a Reason»
  9. «Train Round the Bend»
  10. «Oh! Sweet Nuthin'»
  11. «I'm Sticking With You» (Session Outtake)
  12. «Ocean» (Session Outtake)
  13. «I Love You» (Session Outtake)
  14. «Ride into the Sun» (Session Outtake)

Disc 2 – Promotional Mono Version

  1. «Who Loves the Sun» (Mono)
  2. «Sweet Jane» (Mono)
  3. «Rock & Roll» (Mono)
  4. «Cool It Down» (Mono)
  5. «New Age» (Mono)
  6. «Head Held High» (Mono)
  7. «Lonesome Cowboy Bill» (Mono)
  8. «I Found a Reason» (Mono)
  9. «Train Round the Bend» (Mono)
  10. «Oh! Sweet Nuthin'» (Mono)
  11. «Who Loves the Sun» (Mono Single Version)
  12. «Oh! Sweet Nuthin'» (Mono Single Version)
  13. «Rock & Roll» (Mono Single Version)
  14. «Lonesome Cowboy Bill» (Mono Unissued Single)

Disc 3 – Demos, Early Versions and Alternate Mixes

  1. «Rock & Roll» (Demo)
  2. «Sad Song» (Demo)
  3. «Satellite of Love» (Demo)
  4. «Walk and Talk» (Demo)
  5. «Oh Gin» (Demo)
  6. «Ocean» (Demo)
  7. «I Love You» (Demo)
  8. «Love Makes You Feel Ten Feet Tall» (Demo Remix)
  9. «I Found a Reason» (Demo)
  10. «Cool It Down» (Early Version Remix)
  11. «Sweet Jane» (Early Version Remix)
  12. «Lonesome Cowboy Bill» (Early Version Remix)
  13. «Head Held High» (Early Version Remix)
  14. «Oh! Sweet Nuthin'» (Early Version Remix)
  15. «Who Loves the Sun» (Alternate Mix)
  16. «Sweet Jane» (Alternate Mix)
  17. «Cool It Down» (Alternate Mix)
  18. «Lonesome Cowboy Bill» (Alternate Mix)
  19. «Train Round the Bend» (Alternate Mix)
  20. «Head Held High» (Alternate Mix)
  21. «Rock & Roll» (Alternate Mix)

Disc 4 – Live at Max's Kansas City, 23. august 1970

  1. «I'm Waiting for the Man»
  2. «White Light White Heat»
  3. «I'm Set Free»
  4. «Sweet Jane»
  5. «Lonesome Cowboy Bill»
  6. «New Age»
  7. «Beginning to See The Light»
  8. «I'll Be Your Mirror»
  9. «Pale Blue Eyes»
  10. «Candy Says»
  11. «Sunday Morning»
  12. «After Hours»
  13. «Femme Fatale»
  14. «Some Kinda Love»
  15. «Lonesome Cowboy Bill» (Version 2)

Disc 5 – Live at Second Fret, Philadelphia, 9. mai 1970

  1. «I'm Waiting for the Man»
  2. «What Goes On»
  3. «Cool It Down»
  4. «Sweet Jane»
  5. «Rock & Roll»
  6. «Some Kinda Love»
  7. «New Age»
  8. «Candy Says»
  9. «Head Held High»
  10. «Train Round the Bend»
  11. «Oh! Sweet Nuthin'»

Disc 6 – DVD Audio

  1. «Who Loves the Sun» (5.1 Surround Sound Remix)
  2. «Sweet Jane» (5.1 Surround Sound Remix)
  3. «Rock & Roll» (5.1 Surround Sound Remix)
  4. «Cool It Down» (5.1 Surround Sound Remix)
  5. «New Age» (5.1 Surround Sound Remix)
  6. «Lonesome Cowboy Bill» (5.1 Surround Sound Remix)
  7. «I Found a Reason» (5.1 Surround Sound Remix)
  8. «Head Held High» (5.1 Surround Sound Remix)
  9. «Train Round the Bend» (5.1 Surround Sound Remix)
  10. «Oh! Sweet Nothing» (5.1 Surround Sound Remix)
  11. «Who Loves the Sun» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  12. «Sweet Jane» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  13. «Rock & Roll» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  14. «Cool It Down» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  15. «New Age» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  16. «Lonesome Cowboy Bill» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  17. «I Found a Reason» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  18. «Head Held High» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  19. «Train Round the Bend» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  20. «Oh! Sweet Nuthin'» (5.1 Surround Sound to Stereo Downmixes)
  21. «Who Loves The Sun» (Stereo Album)
  22. «Sweet Jane» (Full Length Version, Stereo Album)
  23. «Rock & Roll» (Full Length Version, Stereo Album)
  24. «Cool It Down» (Stereo Album)
  25. «New Age» (Full Length Version, Stereo Album)
  26. «Head Held High» (Stereo Album)
  27. «Lonesome Cowboy Bill» (Stereo Album)
  28. «I Found a Reason» (Stereo Album)
  29. «Train Round the Bend» (Stereo Album)
  30. «Oh! Sweet Nuthin'» (Stereo Album)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Velvet Underground
  • Lou Reed – vokal, rytmegitar, piano
  • Doug Yule – bassgitar, piano, orgel, sologitar, akustisk gitar, trommer, perkusjon, korvokal, solovokal på «Who Loves the Sun», «New Age», «Lonesome Cowboy Bill», «Oh! Sweet Nuthin'», and «Ride Into The Sun (Session Outtake)»
  • Sterling Morrison – lead and rytmegitars, possible korvokal
  • Maureen Tucker – trommer: oppført i omslaget, men verkar ikkje å ha delteke på grunn av mammapermisjon. På Fully Loaded-utgåva syng ho på «I'm Sticking With You» og speler trommer på demoen «I Found a Reason»
Andre medverkande
  • Adrian Barber – trommer på «Who Loves the Sun»[12]
  • Tommy Castagnaro – trommer på «Cool It Down» og «Head Held High»
  • Billy Yule – trommer på «Lonesome Cowboy Bill» og «Oh! Sweet Nuthin'»
Technical staff

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Greene, Doyle (2016). Rock, Counterculture and the Avant-Garde, 1966–1970: How the Beatles, Frank Zappa and the Velvet Underground Defined an Era. Jefferson: McFarland. s. 15. ISBN 978-1476662145. 
  2. Molanphy, Chris (1. november 2013). «Embrace and Repel: Lou Reed's Chart History». Pitchfork. Henta 25. mars 2022. 
  3. Bockris, Victor (1994). Transformer: The Lou Reed Story. Simon & Schuster. s. 177. ISBN 0-684-80366-6. 
  4. Unterberger, Richie (2009). White Light/White Heat: The Velvet Underground Day by Day. Outline Press Ltd. s. 307, 317. ISBN 978-1-906002-81-7. 
  5. Sommer, Tim (30. oktober 2015). «The Velvet Underground's 'Loaded' Is Mediocre—But It's Still Important». Observer. Henta 25. mars 2022. 
  6. 6,0 6,1 «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (New York). 2012. Henta 24. mars 2022. 
  7. Rolling Stone (22. september 2020). «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (på engelsk). Henta 25. mars 2022. 
  8. «Head Held High - Free». olivier.landemaine.free.fr. 15. november 2008. Henta 24. juli 2019. 
  9. 9,0 9,1 Thomas, Pat (21. oktober 1995). «Doug Yule interview (Part 1)». Perfect Sound Forever. Henta 25. mars 2022. 
  10. Reed, Lou (2003). An Interview with Lou Reed. Loaded liner notes. Interview with David Fricke (New York City: Atlantic Records). 
  11. «vuexc12». 
  12. 12,0 12,1 Mercuri, Sal, red. (1995). «The Velvet Underground – The Lowdown on Loaded». The Velvet Underground fanzine. Fierce Pup Productions – via http://olivier.landemaine.free.fr. 
  13. «LPs Designed in PL». 
  14. «Lou Reed – Velvet Underground – PopSpots». 
  15. Deming, Mark. «Loaded – The Velvet Underground». AllMusic. Henta 25. mars 2022. 
  16. «The Velvet Underground: Loaded». Blender (New York). Arkivert frå originalen 24. juni 2007. Henta 25. mars 2022. 
  17. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 24. mars 2022. 
  18. Christgau, Robert (1981). «The Velvet Underground: Loaded». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 3. september 2018. 
  19. Larkin, Colin (2011). «Velvet Underground». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  20. Berman, Stuart (4. november 2015). «The Velvet Underground: Loaded: Re-Loaded 45th Anniversary Edition». Pitchfork. Henta 4. november 2015. 
  21. «The Velvet Underground: Loaded». Q (London) (82): 115. July 1993. 
  22. Sheffield, Rob (2004). «The Velvet Underground». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 847–848. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 22. november 2011. 
  23. Weisbard, Eric (1995). «Velvet Underground». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 425–427. ISBN 0-679-75574-8. 
  24. «The Velvet Underground: Loaded». Uncut (London) (222): 92. November 2015. 
  25. Kaye, Lenny (24. desember 1970). «The Velvet Underground: Loaded». Rolling Stone (New York) (73). Arkivert frå originalen 29. juni 2007. Henta 4. juli 2007. 
  26. Christgau, Robert (11. mars 1971). «Consumer Guide (16)». The Village Voice (New York). Henta 25. mars 2022. 
  27. Gonick, Jeff (14. mai 2012). «The 70 Best Albums of the 1970s». Paste (Decatur): 3. Henta 3. september 2018. 
  28. Ross, Michael R. (1999). Henderson, Lol; Stacey, Lee, red. Encyclopedia of Music in the 20th Century. Hoboken: Routledge. s. 649. ISBN 978-1-57958-079-7. 
  29. Mendelsohn, Jason; Klinger, Eric (9. januar 2015). «Counterbalance: The Velvet Underground's 'Loaded'». PopMatters. Henta 25. juni 2017. 
  30. Larkin, Colin (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 124. ISBN 0-7535-0493-6. 
  31. «Loaded 109». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 15. august 2021. 
  32. Gensler, Andy (28. oktober 2013). «Lou Reed RIP: What If Everyone Who Bought The First Velvet Underground Album Did Start A Band?». Billboard (Los Angeles). Henta 25. mars 2022. 
  33. Gordon, Jeremy (25. august 2015). «The Velvet Underground Announce Loaded 45th Anniversary Reissue». Pitchfork. Henta 25. mars 2022.