Sister Ray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sister Ray
Song av The Velvet Underground
frå albumet White Light/White Heat
Utgjeve 30. januar 1968
Innspelt September 1967
Sjanger
Lengd 17:29
Selskap Verve
Låtskrivar(ar)
Produsent Tom Wilson

«Sister Ray» er ein song av The Velvet Underground som avsluttar side to av albumet deira White Light/White Heat frå 1968. Teksten er skriven av Lou Reed medan musikken er komponert av John Cale, Sterling Morrison, Maureen Tucker og Reed.

Songen omfattar dopmisbruk, vald, homoseksualitet og transvettisisme. Reed sa om teksten: «'Sister Ray' vart gjort som ein spøk - nei, ikkje som ein spøk, men han har åtte rollefigurar og denne karen vert drepen og ingen gjer noko. Han var bygd kring ei soge eg skreiv om dette miljøet kring total utskeiing og forfall. Eg tenkjer på 'Sister Ray' som ein transvestittisk heroin-dealer. Situasjonen er ei gruppe dragqueens som tek med seg nokre sjømenn heim, pumpar dei med heroin og set i gang med ein orgie når politiet dukkar opp.»[7][8]

Med ei lengd på 17 minuttar og 29 sekund er det den lengste songen på White Light/White Heat, og tar opp det meste av side to av plata. Han i tillegg den lengste songen i heile studiodiskografien til Velvet Underground.

Rockekritikaren Lester Bangs skreiv i 1970: «Tidleg Velvet hadde den gode fornufta til å innsjå at uansett kva du kunne, var musikk med ein enkel grunnstruktur den beste. Dermed utvikla 'Sister Ray' seg frå eit mest grunnleggende funk-riff til sytten minutt inn i sterke lydstrukturar av utruleg kompleksitet.»[9]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Sister Ray» vart spelt inn i eitt opptak. Bandet vart samd om å akseptere alle feil som kunne oppstå under innspelinga, og det resulteterte i 17 minuttar med improvisert materiale. Songen vart spelt inn med Reed på solovokal og gitar, Morrison på gitar og Tucker på trommer, medan Cale speler eit orgel gjennom ein forvrengd gitarforsterkar. Morrison sa han var overraska over volumet til orgelet til Cale under innspelinga og at han byta gitar-pickup på Fender Stratocaster-gitaren sin frå bru-stillinga til hals-stillinga for å få «meir trøkk».[10] Det er òg ein song utan bassgitar fordi Cale, som vanlegvis spelte bass eller bratsj, spelte orgel på opptaket.

Reed kalla songen «Sister Ray» som ei liten hyllest til Ray Davies i det britiske bandet The Kinks.[11]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Jonathan Richman spelte ein del av «Sister Ray» på songen hans «Velvet Underground». Det har blitt hevda at Richman sin «Roadrunner» med forvrengd orgel (spelt av produsenten John Cale) og liknande akkordar, i stor grad er ei omarbeidd utgåve av «Sister Ray», sjølv om teksten handlar om noko heilt anna.[12][13]
  • Joy Division spelte ein forkorta versjon av songen på Moonlight Club i London den 2. april 1980.[14] Ei innspeling av albumet finst på albumet Still og vert rekna som ei mørkare utgåve av songen.[15]
  • New Order spelte ein sju minuttar lang versjon av songen på samleplata Like a Girl I Want You to Keep Coming frå 1989.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beeber, Steven Lee (2006). The Heebie-jeebies at CBGB's: A Secret History of Jewish Punk. Chicago, Illinois: Chicago Review Press. s. 59. ISBN 978-1-55652-613-8. 
  2. Gross, Joe (April 2007). «Essentials: Noise Rock». Spin: 94. 
  3. Maloney, Sean L. (2017). The Modern Lovers. New York: Bloomsbury Publishing. s. 46. ISBN 978-1501322198. 
  4. Terich, Jeff (28. november 2018). «30 Essential Noise Rock Tracks». Stereogum. Henta 24. januar 2019. 
  5. 5,0 5,1 Gentile, John (20. november 2015). «Velvet Underground release 36 minute live version of «Sister Ray»». Punknews.org. Henta 1. mai 2016. 
  6. DeRogatis, Jim (1. januar 2003). Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Milwaukee, Minnesota: Hal Leonard Corporation. s. 80. ISBN 978-0-634-05548-5. 
  7. Bockris, Victor; Malanga, Gerard (1983). Uptight: The Velvet Underground Story. London, England: Omnibus Press. s. 93. ISBN 978-0-7119-0168-1. 
  8. Thompson, Dave (2009). Your Pretty Face Is Going to Hell: The Dangerous Glitter of David Bowie, Iggy Pop, and Lou Reed. Milwaukee, Wisconsin: Backbeat Books. s. 37. ISBN 978-0-87930-985-5. 
  9. Bangs, Lester (1987). Psychotic Reactions and Carburetor Dung. New York City: Alfred A. Knopf, Inc. s. 44. ISBN 0-394-53896-X. 
  10. «White Light / White Heat - The Velvet Underground». Rough Trade. Henta 24. mars 2022. >
  11. Tom Robinson Radio Show, BBC 6 Music 22/5/07
  12. Barton, Laura (20. juli 2007). «The car, the radio, the night - and rock's most thrilling song». The Guardian. Henta 24. mars 2022. 
  13. Crain, William (September 2002). «The Modern Lovers: Despite All the Amputations». Furious.com. 
  14. Whatley, Jack (January 2021). «Listen to Joy Division's rare cover of The Velvet Underground's 'Sister Ray'». 
  15. Patrin, Nate (30. januar 2018). «Gotcha Covered: White Light/White Heat».