White Light/White Heat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
White Light/White Heat
Studioalbum av The Velvet Underground
Utgjeve 30. januar 1968
Innspelt September 1967
Studio Mayfair Sound, Manhattan
Sjanger
Lengd 40:13
Selskap Verve
Produsent Tom Wilson
The Velvet Underground-kronologi
The Velvet Underground & Nico
(1967)
White Light/White Heat The Velvet Underground
(1969)


Singlar frå White Light/White Heat
  1. «White Light/White Heat» / «Here She Comes Now»
    Utgjeve: November 1967

White Light/White Heat er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground. Utgjeve 30. januar 1968 på Verve Records, og var den siste studioinnspelinga deira med multiinstrumentalisten og det opphavlege medlemmet John Cale. Plata vart spelt inn etter at Reed sparka Andy Warhol, som hadde produsert debutplata deira The Velvet Underground & Nico. Dei hyrte Steve Sesnick som ny manager og produsenten Tom Wilson som hadde arbeidd på debutplata. Lydteknikar på White Light/White Heat var Gary Kellgren.

Albumet har tekstar med overskridande tema som på debutplata, som sex, amfetamin og dragqueen. Reed var inspirert av ei rekkje forfattarar, inkludert William S. Burroughs og Alice Bailey, og tekstene skaper fleire karakterar, til dømes i «The Gift» og dei som er namngjevne i «Sister Ray». Musikalsk henta han inspirasjon frå jazz og musikarar som saksofonisten Ornette Coleman. Warhol unnfanga plateomslaget til plata, sjølv om han ikkje offisielt er nemnt for dette.

White Light/White Heat vart spelt inn raskt og modellert etter konsertstilen deira og måten dei improviserte på. Siden dei ofte spelte høgt med nytt utstyr frå ein utstyrsavtale med Vox, vart derimot sluttproduktet komprimert og forvrengt – og dei fleste i bandet var misnøgde med resultatet. Det vart følgd opp av det mindre eksperimentelle The Velvet Underground året etter. Cale slutta i bandet seinare i 1968. Forvrengningsnivået vart ein prototype for punkrock og støyrock. Den 17 minuttar lange «Sister Ray» er rekna som det mest sentrale sporet på albumet av både kritikarar og fans.

White Light/White Heat selde færre eksemplar enn The Velvet Underground & Nico, og nådde berre 199. plassen på Billboard Top LPs-lista. Den einaste singelen på albumet, «White Light/White Heat», klarte ikkje å gå inn på salslista, noko bandet meinte kom av at songen ikkje vart spelt på radio og mange på marknadsføring frå Verve. Albumet vart avvist av mange musikkritikarar på den tida, sjølv om undergrunnsaviser la merke til det. Til sjuande og sist hadde White Light/White Heat ein enorm innverknad på tidlige former for punkrock og no wave og har dukka på fleire lister over tidenes beste album.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter det skuffande salet av det første albumet til Velvet Underground, The Velvet Underground & Nico (1967), vart forholdet deira til Andy Warhol dårlegare. Dei turnerte gjennom det meste av 1967, og mange av konsertane deira inneheldt støyande improvisasjonar som vart nøkkelelement på White Light/White Heat.[1] Bandet sparka Warhol, slutta samarbeidet med Nico (som ho skildra som å få sparken),[2][3] og spelte inn det andre albumet med Tom Wilson som produsent. Jack Donohue, skreiv for Tech, studentavisa til MIT, og vart ein av dei første til å annonsere at bandet arbeidde på ein oppfølgjar.[4] Bandet hadde fått tak i nytt elektronisk utstyr i ein avtale med Vox.[5] Stilen på albumet vart frå starten av planlagt å vere mot Summer of Love i San Francisco[6] og skulle fange konsertstilen deira.[7]

Steve Sesnick vart valt som ny manager for bandet, og han vart akseptert av alle bandmedlemmane utanom bassisten John Cale;[3] trommeslagaren Moe Tucker rekna han til og med som eit femte medlem av gruppa.[8] Songaren Lou Reed påverka albumet med lidenskapen sin for astrologi,[3] særskild interessa hans for den astrologisk opposisjonen mellom Jomfrua og Fiskane.[4] Øvingane var liknande debutplata til bandet, og der dei beste songane deira i stor grad vart utforma i studio.[9] Cale sa likevel at ingen i bandet «hadde tolmod til å øve» på albumet, sjølv etter mange forsøk på å gjere det.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn over ein kort tidsperiode, og med ein merkbart annleis stil enn The Velvet Underground & Nico. Tiår etter utgjevinga skildra John Cale (i platenotata til Peel Slowly and See)[10] White Light/White Heat som «ei veldig rabiat plate ... Den første hadde noko som var mildt, noko fint. Den andre var bevisst anti-fin.»<[6]Sterling Morrison, sologitaristen i bandet, sa: «Me drog alle i same retning. Me kan ha dratt kvarandre utfor eit stup, men me gjekk definitivt alle i same retning.»[11] Tucker meinte at det to veker å spele inn albumet, fordelt på sju innspelingsøkter. Det vart «nesten» spelt inn på ein dag - bandet ville ikkje «tilpasse det dei prøvde på grunn av avgrensingane i studioet», ifølge Morrison. Dei var godt førebudde, og spenningen mellom Cale og Reed var ikkje tydelig i studio.[9]

White Light/White Heat vart spelt inn i september 1967 i Mayfair Sound Studios på Seventh AvenueManhattan,[4] medan songane vart utarbeidd sommaren før.[3] Bandet gav spesifikt opp songar som høyrtest for milde ut – sjølv om Cale òg sa at bandet rett og slett ikkje hadde nok songar førebudd for innspelinga, noko som førte til ei redusert sporliste. Wilson var langt meir involvert på White Light/White Heat, etter at han opphavleg berre produserte «Sunday Morning» på The Velvet Underground & Nico. Han var likevel ikkje sterkt delaktig, fordi han brukte mykje tid med kjærastane sine.[4]

Reed ønskte målretta å gå «så høgt og så hardt me kunne». På den tida spelte Reed ein 12-strengsgitar, Gibson- og Epiphone-gitar. Han brukte òg Vox-forsterkarar.[9] Bandet brukte òg forvrengningspedalar frå Vox i full utstrekning.[5] Innspelingsteknikaren Gary Kellgren skal visstnok ha sagt «du kan ikkje gjere det – alle nålene er på raudt» under innspelingsøktene.[7] For å få lyden av ein karakter som får ein kniv gjennom skallen i «The Gift», knivstakk eller knuste Reed ein melon, etter forslag frå Frank Zappa, som spelte inn i same studio.[6] For «Sister Ray» arbeidde bandet individuelt i staden for å koordinere saman – trommene vart overdøyvd på grunn av støynivået. Songen vart med vilje spelt inn i eitt opptak for å forhindre konstant forskyving av lyden på han, slik det hadde skjedd på «Heroin» på forrige plate.[9] Tucker var misnøgd med sluttproduktet, då Wilson gløymde å skru på nokre av trommemikrofonane hennar under innspelinga.[4] Ifølge Reed gjekk Kellgren ut under innspelinga av «Sister Ray».[6][12][11]

«I Heard Her Call My Name» vart miksa på ny av Reed etter innspelinga for å forsterke vokalen hans, som Tucker sa øydela lyden på songen.[3] Morrison vurderte albumet som ein teknisk feil.[9] Morrison slutta i bandet i eit par dagar som svar.[4] Medan han miksa albumet, oppdaga Reed korleis lyden av det vart forvrengt siden bandet spelte for høgt, og bandet klarte ikkje å løyse problemet siden dei ikkje hadde nok tid i studio.[12] Cale sa at bandet forsømte korleis det å spele høgt ville påverke den tekniske kvaliteten på plata, og Morrison konkluderte med at ho var «dømt» på grunn av nivået av forvrenging og komprimering.[4] Før utgjevinga trekte Wilson seg frå MGM Records, som eigde plateselskapet til bandet på den tida, og kom aldri til å jobbe med bandet igjen.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

White Light/White Heat har blitt skildra som eksperimentell rock,[13] støyrock,[14][15] proto-punk[16] og kunstrock.[17] «White Heat» var på denne tida slang for kjensla av å ta amfetamin.[12] Teksten på plata varierer frå tema om narkotikabruk til seksuelle referansar (som munnsex og orgiar), slik som tittelsporet «White Light/White Heat », som indikerer intravenøs bruk av metamfetamin.[8] «Here She Comes Now» er bygt opp rundt ei dobbeltyding. På det siste sporet på albumet, «Sister Ray», fortel Reed ei soge om utskeingar som involverer dragqueens som har ein mislukka orgie.[3] Reed kommenterte seinare korleis «Sister Ray» var føre si tid, særskild den tidlege forma for heavy metal brukt i songen.[3]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

Plata opnar med «White Light/White Heat» som skildra dei fysiske effektane av amfetaminbruk.[8] Han består av ein enkel to-akkords progresjon av G5 og A5, og inneheld element av både heavy metal[12] og doo-wop.[18] Det er ein av songane på albumet med meir tradisjonelle rock'n'roll-element, og medan han diskuterer amfetamin er han òg påverka av ei av favorittbøkene til Reed, Alice Bailey sin A Treatise on White Magic, som inspirerte uttrykket «White Light».[4] Reed vart intervjua av ein radiostasjon i Oregon, som Richie Unterberger oppsummerer:[19] «Reed har nyleg undersøkt ei japansk form for lækjing i Los Angeles som er «ein måte å gje frå seg kvitt lys ... Eg har vore involvert og interessert i det dei kallar kvitt lys i lang tid .» Han diskuterer kort Alice Bailey og den okkulte boka hennar A Treatise On White Magic ... «Det kosta rundt ti dollar, dessverre», sa han unnskyldande.»

«The Gift» er eit spor med talt vokal i venstre kanal og det musikalske akkompagnementet i høgre kanal, som av Wilson vart skildra som om bandet hadde ein «stereo prefrontallappar».[8] Soga kom frå ei anna soge som Reed skreiv for Shelley Albin, kjærasten hans på ungdomsskolen.[12][20] Sjølve songen er avleidd frå ei soge Reed skreiv ved Syracuse University.[11] Han diskuterer to karakterar, Marsha og Waldo, over gitar-feedback[12] i form av ein bluesrock-instrumental. Dette var første gongen Cale song solo for bandet, og synte improvisasjonsrøtene deira.[4]

«Lady Godiva's Operation» har ein tekststil påverka av William S. Burroughs.[8] Songen var dels inspirert av erfaringa Reed hadde med elektrosjokkbehandlingar i tenåra,[12][4] og er nok ein av dei tonesette novellene til Reed, men er meir instrumentalt avansert enn «The Gift». Cale song korvokal, som vert «sungen» i staden for snakka, og han grøssa og imiterte lydane frå ein oksygenmaskin medan han spelte inn sporet. Kva type operasjon Lady Godiva føretar er uklart, sjølv om det ser ut til å handle om ein transseksuell og relatert til kjønnsskifte. Reed syng om kjønnsendrande kirurgi, som det går fram av setningane «Doctor arrives with knife and baggage / sees the growth as just so much cabbage».[21]

Tittelen på «Here She Comes Now» er ei dobbeltyding.[8] Songen vart skriven for å bli sungen av Nico, før bandet hamna på kant med ho.[6] Det var ein folkrock-song, og er det einaste sporet på albumet som minner om moderne rock. Det er òg den einaste songen som i fellesskap vart kreditert til Reed, Cale og Morrison.[4]

Side to[endre | endre wikiteksten]

«I Heard Her Call My Name» er ein kjærleikssong for ei død jente. Gitarspelet til Reed var inspirert av Jimi Hendrix,[8] og songen er av Unterberger blitt skildra som frijazz med «banshee-liknande gitartonar» .[4] Han har element av garasjerock,[18] medan gitarsoloen var inspirert av jazz-saksofonisten Ornette Coleman.[6] Reed-biografen Howard Sounes oppsummerte sporet som «Tucker held ein hektisk rytme gåande medan Reed leverte ein speed-rap som slutta med ein tankevekkande gitarsolo».[12]

Reed sa i et Rolling Stone-intervju at «Sister Ray» vart inkludert etter forslag frå Warhol, som bad om at han «må sørge for at du tar med «sucking on my ding-dong»-songen».[22]Sporet vart skriven på eit tog heim frå ein dårleg konsert i Connecticut. Reed forklarte songen som «ein gjeng med drag-queens som tar nokre sjømenn med seg heim, fyller i seg heroin og har ein orgie når politiet dukkar opp». Tittelen er kalla opp etter ein dragqueen.[8] Songen har òg element av frijazz frå Reed si interesse for Coleman og Cecil Taylor.[5] Det meste av songen er improvisert.[4] Wilson produserte Taylor-albumet Jazz Advance i 1956.[11] Songen fortel denne soga gjennom ulike karakterar, som Soumes skreiv minte om den generelle låtskrivarstilen til Reed: det er «ein semi-abstrakt historie med bruk av repetisjon og dop-slang, òg leir med lyden av ord, stamming og jamming av ord saman». Soumes sa òg at han inneheld liknande tema som favorittbøkene til Reed, Hubert Selby jr. sin Last Exit to Brooklyn (1964) og John Rechy sin City of Night (1963).[12] Den instrumentale jammen var spontan, slik Reed ønskte det, og han har heller ingen bassgitar.< ref name=":2"/> Gitarane i sporet skapte eit «tett musikalsk bakteppe» til tekstene før eit forvrengt elektrisk orgel, spelt av Cale, vart med. Tucker ville sei at det var meir enn berre støy, då alle som spelte framleis følgde takten til Tucker. Det tredje verset inneheld eksplisitte seksuelle referansar, noko som var sjeldan for Reed,[12] spesielt i linja «She's just suckin' on my ding dong/I'm searchin' for my mainline».[23]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Tittelsporet «White Light/White Heat» vart gjeven ut på singel i november 1967, men mislukkas kommersielt.[12] B-sida var «Here She Comes Now». Desse spora er dei to kortaste spora på albumet. Bandet hevda han vart bannlyst i San Francisco. Reed sa at på grunn av referansane til narkotika i den førstnemnde og referansane til sex i den sistnemnde.[4]

Albumet kom ut 30. januar 1968. Den opphavlege trykkinga av plata oppførte feilaktig sporet «Here She Comes Now» som «There She Comes Now».[10] Opphavleg hadde bandet eit stort ego etter utgjevinga, men vart likevel skuffa over mangelen på marknadsføring frå MGM.[8] Som debutplata vart plata bannlyst på radio, og det selde dårleg.[3] Det nådde 199. plassen på Billboard Top LPs-lista, som var lågare enn debutplata.[12] Sjølv om bandet vart skuffa over Verve og MGM si mangel på marknadsføring, kjørte verve likevel ei heilsidesannonse i Rolling Stone og kjørte andre annonsar i undergrunnsaviser, inkludert ei heilside i Hullabaloo, eit ungdomsmagasin. Verve køyrde òg radioannonser for «The Gift» og brukte òg historia deira med Warhol som salsargument.[10] MGM inkluderte songar frå albumet som ein del av eit reklamesett med intervju og songar — settet inkluderte eit intervju med bandmedlemmane.[10] Bockris, ein annan Reed-biograf, sa at reaksjonen på albumet var «enno hardare ... enn den første», med særleg kritikk retta mot dei grenseoverskridande tekstane. Bandet hadde problem med å distribuere singelen «White Light/White Heat» og fekk mest inntekter gjennom turné.[3] Dei hadde òg problem med å tiltrekke seg større publikum, sjølv etter marknadsføringa etter å ha opptrådt på Warhol sitt Exploding Plastic Inevitable.[8] Til sjuande og sist førte spenninga mellom Reed og Cale til at Cale fekk sparken i eit møte med Reed.[5]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Det originale plateomslaget for White Light/White Heat er eit svakt bilete av ei tatovering av ein hovudskalle. Tatoveringa var Joe Spencer si, som spelte hovudrolla i Warhol-filmen Bike Boy frå 1967. Spencer spelte hovudrolla som ein mannleg prostituert i ein motorsykkelgjeng og blir sett medan han tar ein dusj i filmen. Sjølv om han ikkje vart kreditert for coverdesignet, slik han vart på debuten deira, var det Warhol sin idé å bruke eit svart-på-svart bilete av tatoveringa. Reed valte bilete frå negativar frå filmen, og det vart forstørra og forvrengt av Billy Name, som høyrte til The Factory. Morrison sa derimot at omslaget vart valt ut av han. På den fysiske versjonen av albumet kan ein berre sjå dette når ein ser omslaget frå ein viss vinkel. På baksida av albumet er eit bilete av bandmedlemmane på Boston Tea Party, ein konsertstad. Morrison valte biletet og likte det, medan Tucker syntes at både ho og Reed så forferdelege ut på det.[10]

Det finst òg eit unikt MGM Records-omslag for Storbritannia, laga i 1971 med kvit bakgrunn og abstrakte leikesoldatar. Det britiske coveret vart ikkje autorisert av bandmedlemmane.[10] I 1974 vart albumet gjeve ut på nytt av MGM under tittelen Archetypes. Omslaget til denne versjonen viser to menn med hjelmar som står føre ein Woolworth's-butikk.[24]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Record Mirror4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[25]

Som med andre utgjevingar av gruppa, fekk ikkje tekstane og avantgarde-instrumenteringa på White Light/White Heat gjenklang hos mainstream-publikummet på den tida.[26] Til dømes nekta Rolling Stone å melde plata.[3] Sjølv om Billboard spådde at albumet ville bli ein storseljar for platebutikkar som tente undergrunnsartistar,[27] gjekk plata berre så vidt inn på Billboard Top LP-lista.[28] For Record Mirror kalla Peter Jones og Norman Jopling det ei «truande samling med acid-rock-låtar» og «a hippy must», med repeterande, «brummande» blues-aktig instrumentering og uttrykkslaus vokal. Kritikarane trekte fram «Sister Ray» som eit «monster» medan dei samanlikna «The Gift» med Dylan Thomas sitt radiodrama frå 1940-åra, Under Milk Wood.[25] Ein kritikar for Billboard kalla tekstane «interessante» og dei narrativtunge songane som «The Gift» gledelege, om enn overdøyvd av «pulserande instrumentering».[27] Melody Maker, derimot, avskreiv albumet som «fullstendig pretensiøst, utruleg monotont».[29] Peter Reilly frå HiFi/Stereo Review skreiv feilaktig at albumutgjevinga var leia av Warhol, og meinte innspelinga var «grei nok» med ein «distinkt» stereokvalitet og «ikkje så bra» framført.[10]

Wayne McGuire, som skreiv for The Boston Sound, roste basspelinga til Cale, spesielt på «White Light/White Heat», og kalla han ein av dei beste moderne bassistane. McGuire vurderte òg albumet som eit symbol på progresjon for bandet.[8] Sandy Pearlman, som skreiv for Crawdaddy, noterte dei teknologiske og «mekaniske» lydane medan han stilte spørsmål ved kvifor Warhol ikkje vart kreditert for å ha bidratt til coveret.[30] The Listener-skribenten Tim Souster roste «Sister Ray», og sa at sporet viser at «pop endeleg tar avgjerande skritt i ei retning med vidtrekkande implikasjonar for den kreative utviklinga, ikkje berre av sjølve popen, men av «seriøs» musikk òg».[8] Internasjonalt gav det nederlandske magasinet HitWeek albumet ei positiv melding, samtidig som det la merke til den dårlege lydkvaliteten.[10] Det britiske magasinet NME noterte seg den korte låtlista og kalla det «rare greier». Disc syntest det var «svimlande». Ei detaljert melding av Gene Youngblood i undergrunnsavisa Los Angeles Free Press roste albumet, og erklærte det unikt og forut for si tid som debuten til bandet.[10] Lenny Kaye frå New Times sa at plateomslaget kunne sidestillast med det til The Velvet Underground & Nico.[31]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[26]
Chicago Tribune3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[32]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[33]
The Guardian5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[34]
Pitchfork10/10[35]
Record Collector5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[36]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[37]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[38]
Spin Alternative Record Guide9/10[39]
Uncut10/10[40]

Seinare meldingar har vore mykje meir positive, og White Light/White Heat selde til slutt over ein halv million eksemplar internasjonalt før Reed døydde i 2013.[12]

David Fricke frå Rolling Stone sa i ei melding frå 1985 av dei tre første platene til bandet at det skilde seg ut sjølv samanlikna med moderne songar, og uttalte at no wave- og hardcore-songar ikkje møtte den «reine industrielle spliden og lokomotivframdrifta på plata».[37] I ei melding av luksusutgåva av plata, kalla Douglas Walk frå Pitchfork plata «beste nye utgåve». Walk kalla albumet «mystisk» og «eit nådelaust, skrikande, dunkande, spottande åtak på popsensibiliteten på den tida».[35] Thomas Hobbs, i ei melding for Crack, roste produksjonen, men var splitta om tekstane og sa «dei gjer det til ei plate som er mykje vanskelegare å elska; kanskje det var målet heile tida».[21]

Andre meldingar roste den slitande produksjonen på albumet. Mark Deming frå AllMusic vurderte det som «lett det minst tilgjengelege» av albuma til bandet, og sa: «alle som ønsker å høyra deira vanvitige gitar-åtak vil elska det, og dei fornærma sjelene som tenker på Velvets som eit slags folkrock-band blir rådd til å skru stereoanlegget opp til ti og gi side to ein snurr.»[26] Greg Kot frå Chicago Tribune skildra albumet som «Høgt, slitande, avkjølande - den perfekte motgifta for Age of Aquarius[32] The Guardian peikte ut sporet «Sister Ray,» og sa at den einaste passande lyden for å følgja den «brutale improvisasjonstreninga ... er stille».[34] Record Collector hevda at ho «var så nær som VU nokon gong kom til å høyrast «trippily à la mode» i 1967-68, sjølv om plata framleis er like tildekt av gateskitt som ein kassert pai.»[36] Unterberger sa at albumet kanskje var «det høgaste ... gjennom tidene.»[10]

White Light/White Heat har ein forvrengt, feedback-driven og grovt innspelt lyd, som blir sett på som innverknadsrik.[41] Det varsla starten på punkrock og no wave-sjangeren.[42] Social Distortion-albumet White Light, White Heat, White Trash vart oppkalla etter White Light/White Heat.[43] Oregano Rathbone frå uDiscoverMusic sa at plata signaliserte ei betydeleg vending i rockemusikken og for bandet.[44] På same måte såg Mike Boehm frå Los Angeles Times det som ein «rå, brutal milepåle i utviklinga av det som skulle bli punkrock».[43] Joe Viglione frå AllMusic kalla det ein grunge-klassiker.[24] Spor frå plata vart spelt inn av undergrunns- og samtidsartister.[45] Det britiske rockebandet Buzzcocks vart danna av Pete Shelley og Howard Devoto ut frå ei felles interesse for «Sister Ray».[46] Eit konsertopptak av «Sister Ray» av det britiske rockebandet Joy Division, spelt inn på Moonlight Club i London 2. april 1980,[47] vart inkludert på samlealbumet deira Still frå 1981.[48] Jonathan Richman laga songen «Roadrunner» med inspirasjon frå «Sister Ray»; singelen var innverknadstung i seg sjølv og vart rangert på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.[49] David Bowie framførte ofte tittelsporet på albumet etter mai 1973,[50] og Nirvana spelte inn «Here She Comes Now» i 1990.[45] Reed skrytte seinare av at «inga gruppe i verda kan røre det vi gjorde» på albumet.[11]

Rangeringar[endre | endre wikiteksten]

White Light/White Heat har vore med på mange lister av musikkmagasin som ei av dei beste platene frå 1960-åra og gjennom tidene. Det stod oppført på 292. plassen på lista til Rolling Stone frå 2003 over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og vart flytta til 293. plassen på den reviderte lista deira frå 2012. På den nyaste oppdateringa deira frå 2020 var albumet plassert på 272. plassen.[51][52][53] Det vart plassert på 309. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[54] Pitchfork rangerte det på 26. plassen på lista over dei beste albuma frå 1960-åra, bak Stand! av Sly and the Family Stone.[55] NME rangerte det på 89. plassen på si liste frå 1974 over dei 100 beste albuma gjennom tidene,[56] og sidan på 352. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene, bak Sweetheart of the Rodeo av The Byrds.[57] Albumet har vore på urangerte lister, som Ultimate Classic Rock si liste over dei hundre beste albuma gjennom 1960-åra.[58] NME inkluderte det i tillegg på lista si over «101 album du må høyre før du døyr».[59] Det franske magasinet Rock & Folk hadde albumet med på lista over 555 album frå 1954 til 2014,[60] og det italienske magasinet it (Ondarock) kåra det til ein rocke-milepåle.[61]

Robert Dimery tok med albumet i 2018-utgåva av boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[62] Basert på ei samling av profesjonelle rangeringar har nettsida Acclaimed Music White Light/White Heat som det 10. beste albumet frå 1968, det 43. beste frå 1960-åra og det 199. beste gjennom historia.[63]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på ny under tittelen Archetypes på MGM i 1974, sjølv om årsaka bak dette er ukjend.[24] Det var utselt i USA fram til 1985, då det vart gjeve ut på ny,[10] saman med dei tre første albuma til gruppa. Desse nyutgjevingane var uventa vellukka, noko som førte til fleire utgjevingar under PolyGram som Another View.[56] Albumet vart inkludert i boksen Peel Slowly and See,[56] og vart seinare gjeve ut på ny som ei superluksusutgåve i høve 45-årsjubileet, inkludert monoversjonar av spor, demoar og konsertopptak.[64]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«White Light/White Heat»Lou Reed2:47
2.«The Gift»Reed, Sterling Morrison, John Cale, Maureen Tucker8:18
3.«Lady Godiva's Operation»Reed4:56
4.«Here She Comes Now»Reed, Morrison, Cale2:04
Total lengd:18:05
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Heard Her Call My Name»Reed4:38
2.«Sister Ray»Reed, Morrison, Cale, Tucker17:28
Total lengd:22:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Velvet Underground

Teknisk personell

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[65] Sølv 60 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «The Velvet Underground | Biography | AllMusic». AllMusic. Arkivert frå originalen 18. mars 2017. Henta 23. mars 2022. 
  2. «1967». Warholstars.org. Arkivert frå originalen 6. april 2015. Henta 23. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Bockris 1994, s. 148– 155
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 Unterberger 2017, chpt. 4
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Schender, Scott; Schwartz, Andy (2008). Icons of Rock: An Encyclopedia of the Legends Who Changed Music Forever, Volumes 1 & 2. Westport, Connecticut: Greenwood Press. s. 317–318. ISBN 978-0-313-33845-8. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Epstein, Dan (30. januar 2018). «Velvet Underground's 'White Light/White Heat': 10 Things You Didn't Know». Rolling Stone (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. juli 2018. Henta 23. mars 2022. 
  7. 7,0 7,1 «Addicted to Lou». The Village Voice. 22. august 2017. Arkivert frå originalen 27. november 2021. Henta 23. mars 2022. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 Bockris & Malanga 1996, kap. 4, seksjon 2
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Bockris & Malanga 1996, chpt. 4, seksjon 1
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 10,11 Unterberger 2017, chpt. 5
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 Fricke, David (2013). «Overloaded: The Story of White Light/White Heat». Mojo. Arkivert frå originalen 26. april 2020. 
  12. 12,00 12,01 12,02 12,03 12,04 12,05 12,06 12,07 12,08 12,09 12,10 12,11 12,12 Sounes, Howard (2015). «Light and Dark: 1967–8». Notes from The Velvet Underground: The Life of Lou Reed (på engelsk). Great Britain: Transworld. ISBN 9781473508958. 
  13. Pareles, Jon; Chinen, Nate (16. desember 2013). «After 45 Years, as Incendiary as Ever». The New York Times. Arkivert frå originalen 23. april 2018. Henta 24. mars 2022. 
  14. Deusner, Stephen M. (11. desember 2013). «Revisiting The Velvet Underground's White Light/White Heat». Paste. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 24. mars 2022. 
  15. Galen, Marjorie; Matthews, Gordon (1. september 2007). Legends of Rock. Ashland, Ohio: Dalmatian Press. ISBN 9781403737199. 
  16. Edmondson, Jacqueline, red. (3. oktober 2013). Music in American Life: An Encyclopedia of the Songs, Styles, Stars, and Stories That Shaped Our Culture. Westport, Connecticut: Greenwood Publishing Group. s. 915. ISBN 978-0313393471. Arkivert frå originalen 3. juni 2016. Henta 24. mars 2022. 
  17. Stephens, Meic (23. september 1998). The new companion to the literature of Wales. Cardiff, Wales: University of Wales Press. s. 81. ISBN 978-0-7083-1383-1. Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 29. oktober 2016. 
  18. 18,0 18,1 Carpenter, Troy. «The Velvet Underground Bio». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. mars 2022. Henta 23. mars 2022. 
  19. Unterberger 2017, chpt. 7
  20. Unterberger 2017, chpt. 1
  21. 21,0 21,1 Hobbes, Thomas (29. januar 2018). «The Velvet Underground's provocative 'White Light/White Heat' remains a hard record to love». Crack Magazine. Arkivert frå originalen 10. januar 2022. Henta 23. mars 2022. 
  22. Fricke, David (4. mai 1989). -174015/ «Lou Reed: The Rolling Stone Interview» Check |archive-url= value (hjelp). Rolling Stone (på engelsk). Arkivert frå originalen 21. mars 2022. Henta 23. mars 2022. 
  23. Heylin 2005, s. 84.
  24. 24,0 24,1 24,2 Viglione, Joe. «Archetypes – The Velvet Underground» (på engelsk). AllMusic. Arkivert frå originalen 11. desember 2021. Henta 24. mars 2022. 
  25. 25,0 25,1 Jopling, Norman; Jones, Peter (8. juni 1968). «Cockney-Rock LP puts Small Faces in West Coast bracket» (PDF). Record Mirror (378): 8. Arkivert frå originalen (PDF) 24. mars 2022. Henta 24. mars 2022 – via worldradiohistory.com. 
  26. 26,0 26,1 26,2 Deming, Mark. «White Light/White Heat – The Velvet Underground». AllMusic. Arkivert frå originalen 3. april 2015. Henta 23. mars 2022. 
  27. 27,0 27,1 «Platemeldingar». Billboard 80 (8): 60–62. 24. februar 1968. Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 24. mars 2022. 
  28. «The Velvet Underground, 'White Light/White Heat' – 500 Greatest Albums of All Time | Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. mars 2015. Henta 23. mars 2022. 
  29. «Your Monthly Album Guide» (PDF). Melody Maker: 16–17. 6. juli 1968. Arkivert frå originalen (PDF) 8. juli 2021. Henta 24. mars 2022.  Den ukjende parameteren |url -status= vart ignorert (hjelp)
  30. Heylin 2005, s. 61–63.
  31. Heylin 2005, s. 162.
  32. 32,0 32,1 Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 24. februar 2021. Henta 24. mars 2022. 
  33. Larkin, Colin (2011). «Velvet Underground». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). London, England: Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  34. 34,0 34,1 Jonze, Tim (5. desember 2013). «The Velvet Underground: White Light/White Heat 45th Anniversary Super Deluxe Edition – review». The Guardian (London, England). Arkivert frå originalen 2. september 2018. Henta 24. mars 2022. 
  35. 35,0 35,1 Wolk, Douglas (24. mars 2022). «The Velvet Underground: White Light/White Heat». Pitchfork. Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 24. mars 2022. 
  36. 36,0 36,1 Rathbone, Oregano (Christmas 2013). «The Velvet Underground – White Light/White Heat». Record Collector (London, England) (422). Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 24. mars 2022. 
  37. 37,0 37,1 Fricke, David (14. mars 1985). «The Velvet Underground: The Velvet Underground & Nico / White Light/White Heat / The Velvet Underground / V.U.». Rolling Stone (443). Arkivert frå originalen 16. juli 2006. Henta 3. september 2006. 
  38. Sheffield, Rob (2004). «The Velvet Underground». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). New York City: Simon & Schuster. s. 847–848. ISBN 0-7432-0169-8. Arkivert frå originalen 10. juni 2021. Henta 22. november 2011. 
  39. Weisbard, Eric (1995). «Velvet Underground». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. New York City: Vintage Books. s. 425–427. ISBN 0-679-75574-8. 
  40. Gill, Andy (23. januar 2014). «The Velvet Underground – White Light/White Heat Super Deluxe Edition». Uncut (London, England). Arkivert frå originalen 15. august 2016. Henta 24. mars 2022. 
  41. Thompson, Jason. «The Velvet Underground: White Light/White Heat». PopMatters. Arkivert frå originalen 10. januar 2015. Henta 23. mars 2022. 
  42. Goodall, Mark (22. juni 2018). «White Light/White Heat: The Velvet Underground’s monochrome obituary for the love generation». The Conversation (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. april 2021. Henta 23. mars 2022. 
  43. 43,0 43,1 Boehm, Mike (2. oktober 1996). «Digging to Climb : Mike Ness of O.C.'s Social Distortion Delves Deep and Comes Up With 'White Light'». Los Angeles Times (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. mai 2021. Henta 23. mars 2022. 
  44. Rathbone, Oregano (30. januar 2021). «White Light/White Heat: How The Velvet Underground Foretold The Future». uDiscover Music (på engelsk). Arkivert frå originalen 10. februar 2021. Henta 23. mars 2022. 
  45. 45,0 45,1 Patrin, Nate (30. januar 2018). «The Velvet Underground White Light/White Heat Covers». Stereogum (på engelsk). Arkivert frå originalen 3. august 2021. Henta 23. mars 2022. 
  46. Hulttrans, Andrew (April 2010). «Reissues». Spin: 92. 
  47. Still (liner notes). Joy Division. UK: Factory Records. 1981. FACT 40. 
  48. Raggett, Ned. «Still – Joy Division». AllMusic. Arkivert frå originalen 23. april 2021. Henta 1. januar 2022. 
  49. Richman, Simmy (15. oktober 2012). «The Velvet Underground: The velvet revolution rocks on». The Independent (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. februar 2017. Henta 23. mars 2022. 
  50. Unterberger 2017, chpt. 8
  51. «Rolling Stone – The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 2003. Arkivert frå originalen 2. september 2021. Henta 24. mars 2022. 
  52. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 22. september 2020. Arkivert frå originalen 22. september 2020. Henta 23. mars 2022. 
  53. «500 Greatest Albums List (2003)». Rolling Stone. 2012. Arkivert frå originalen 19. mai 2020. Henta 24. mars 2022. 
  54. Colin Larkin, red. (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). London, England: Virgin Books. s. 128. ISBN 0-7535-0493-6. 
  55. «The 200 Best Albums of the 1960-åra». Pitchfork (på engelsk). 2017. s. 9. Arkivert frå originalen 30. november 2021. Henta 24. mars 2022. 
  56. 56,0 56,1 56,2 Unterberger 2017, chpt. 9
  57. «The 500 Greatest Albums Of All Time: 400-301». NME (på engelsk). 23. oktober 2013. Arkivert frå originalen 15. oktober 2020. Henta 24. mars 2022. 
  58. «Top 100 '60s Rock Albums». Ultimate Classic Rock (på engelsk). 19. mars 2015. Arkivert frå originalen 30. november 2021. Henta 24. mars 2022. 
  59. «101 Albums To Hear Before You Die». NME (på engelsk). 7. mai 2014. Arkivert frå originalen 28. januar 2021. Henta 24. mars 2022. 
  60. «555 Disques, 1954–2014». Rock & Folk (på fransk) (30). December 2014. 
  61. Rachetta, Maria Teresa (13. november 2006). «Velvet Underground – White Light/White Heat». OndaRock (på italiensk). Arkivert frå originalen 2. mars 2021. Henta 24. mars 2022. 
  62. Dimery, Robert; Lydon, Michael (2018). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. London: Cassell. ISBN 978-1-78840-080-0. 
  63. Franzon, Henrik (n.d.). «White Light / White Heat». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 24. mars 2022. Henta 24. mars 2022. 
  64. Sheffield, Rob (9. desember 2013). «White Light/White Heat: 45th Anniversary Super Deluxe Edition». Rolling Stone (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. januar 2021. Henta 24. mars 2022. 
  65. «British album salstrofé – Velvet Underground – White Light/White Heat». British Phonographic Industry.  Enter White Light/White Heat in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]