Rockin' Around the Christmas Tree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rockin' Around the Christmas Tree
Singel av Brenda Lee
frå albumet Merry Christmas from Brenda Lee
B-side «Papa Noël»
Utgjeve 1958 (US),
desember 1962 (UK)[1]
Innspelt 19. oktober 1958
Sjanger jul, country, rockabilly
Lengd 2:02
Selskap Desca 9-30776
Låtskrivar(ar) Johnny Marks
Brenda Lee-kronologi
«Rock-a-Bye Baby Blues»
(1957)
Rockin' Around the Christmas Tree «I Want to Be Wanted (Per Tutta La Vita)»
(1960)


«Rockin' Around the Christmas Tree» er ein julelåt skriven av Johnny Marks og spelt inn av Brenda Lee i 1958 for Desca 9-30776.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trass i at stemma høyrest ganske vaksen ut, var Lee berre 13 år gammal då ho song inn songen. Med på innspelinga var Hank Garland på gitar, medan Boots Randolph spelar saksofonsoloen.

Ein instrumentalversjon av songen finst som bakgrunnsmusikk for fjernsynsprogrammet Rudolph the Red-Nosed Reindeer i 1964, som berre hadde med musikk skriven av Marks. Songen vart òg nytta i filmen Hjemme alene i 1990.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Decca gav ut singelen i både 1958 og 1959, men selde ikkje særleg før Lee slo gjennom i 1960. Då jula kom det året klatra «Rockin' Around the Christmas Tree» til 14. plassen på Billboard Hot 100.[1] Han fortsette å selje godt kvar jul dei enste åra og klatra så høgt som tredjeplassen på julesonglista til Billboard i desember 1965.

Songen nådde sjetteplassen på den britiske singellista i 1963, og på grunn av digital nedlasting gjekk han inn på UK Singles Chart i 2013, då han nådde ein 63. plass. I fleire tiår var Brenda Lee den einaste kjende versjonen av songen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
  • «Rockin' Around the Christmas Tree» (Johnny Marks) – 2:25
Side B
  • «Papa Noël» (Roy Botkin) – 2:02

Kim Wilde- og Mel Smith-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Rockin' Around the Christmas Tree
Singel av Mel & Kim
B-side «Deck the Blooming Halls»
Utgjeve 23. november 1987
Sjanger Julemusikk
Lengd 3:38
Selskap Ten
Låtskrivar(ar) Johnny Marks
Produsent Stuart Colman
Mel & Kim-kronologi
«Say You Really Want Me»
(1987)
Rockin' Around the Christmas Tree «Hey Mister Heartache»
(1988)


Ein versjon av Kim Wilde og Mel Smith (omtalt som «Mel & Kim» som ein parodi på den då populære systergruppa Mel and Kim), med Pete Thomas, nådde tredjeplassen på UK Singles Chart jula 1987. Songen vart spelt inn til inntekt for Comic Relief. I musikkvideoen kan ein sjå dei to som held ein julefest med gjester som The Mekon og komikarpartnaren til Smith, Griff Rhys Jones medan julekoret vert spelt av bandet Curiosity Killed The Cat.

Bob Rivers-parodi[endre | endre wikiteksten]

Bob Rivers spelte inn ein parodi av songen kalla «Shoppin' Around for a Christmas Tree» for albumet White Trash Christmas i 2002.

Andre versjjonar[endre | endre wikiteksten]

Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rees, Dafydd; Crampton, Luke; Lazell, Barry (1989). Guinness Book of Rock Stars. Guinness Books. s. 293. ISBN 0-85112-872-6. 
  2. Rockin' Around the Christmas TreeAllmusic. Henta 14. oktober 2011.
  3. Rockin' Around the Christmas TreeAllmusic. Henta 14. oktober 2011.
  4. http://www.amazon.com/gp/product/B00FQUAH4S/ref=dm_mu_dp_trk11

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]