Rolf Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå statsråd Rolf Jacobsen.
Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsen (8. mars 190720. februar 1994) var ein norsk lyrikar og journalist frå Oslo (Kristiania) og føregangsmann for modernismen. Han debuterte i 1933 og gav ut diktsamlingar resten av livet. Dikta hans tok opp den nye tida med maskinar og industriutvikling, men òg mellommenneskelege kjensler og filosofiske spørsmål.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen budde det meste av livet på Hamar og Kongsvinger. Han var fødd i Oslo, men voks opp i eit meir landleg landskap på Flisa i Solør, der faren hans arbeidde som skoletannlege. Han tok artium i Oslo, og tok til å interessera seg for teater og dikting. Den første diktsamlinga hans skal ha blitt til på Kaffistova i Oslo.

Jacobsen si utdanning omfatta studiar ved Universitetet i Oslo i teologi, historie, filosofi og norsk språk. Formelt tok han ikkje eksamen på universitetsnivå utover førebuande prøvar (examen philosophicum).

Etter at Jacobsen vende tilbake frå Oslo til Solør i 1935 engasjerte han seg i AUF og lokalpolitikken. Han fekk ein jobb i Kongsvinger Arbeiderblad, som no heiter Glåmdalen. Resten av livet tok han avis- og bokhandelarbeid ved sida av diktskrivinga for å livnæra seg.

I 1941 gifta han seg med Petra, som han var nært bunde til fram til ho døydde i 1983. Jacobsen flytta til Hamar i 1949 og budde der resten av livet.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Rolf Jacobsen var ein av dei fyrste modernistiske lyrikarane i Noreg. Han var særleg påverka av Karel Capek sine maskinvisjonar. Han hadde fått gitt ut den fyrste diktsamlinga si, Jord og jern, i 1933 og fylgt opp i 1935 med Vrimmel. Bøkene vart vel mottekne. Etter 1945 tok det lang tid før han klarte å arbeida seg inn att hjå folk, men han klarte det, i motsetnad til dei fleste andre diktarane som hadde støtta eller samarbeidd med nazistane under krigen i Noreg. Rolf Jacobsen vart ein av dei høgst verdsette lyrikarane i Noreg på 1900-talet.

Journalist og politikar[endre | endre wikiteksten]

1930-talet var Jacobsen aktiv som distriktsleiar for AUFFlisa, han representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapet og var journalist for Kongsvinger Arbeiderblad. I oktober 1940 melde han seg inn i Nasjonal Samling (NS), og frå [[19 var han redaktør i Kongsvinger Arbeiderblad. Avisa skifta namn til Glåmdalen i 1943. I 1942 vart han propagandaleiar i Kongsvinger partilag av NS. I avisa vart det gjeve uttrykk for synspunkt som gjekk i nasjonalsosialistisk (nazistisk) lei. I landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen vart han dømd til tre og eit halvt års tvangsarbeid. Jacobsen sitt NS-medlemskap var lenge relativt ukjend. Sjølv la han etter krigen vekt på at redaktørtida i Glåmdalen var eit forsøk på å redda avisa frå nazi-styret. I 1947 vart han frigjeven frå straffarbeidet. Han arbeidde i bokhandel på Hamar frå 1949 til 1959. I perioden 1961-71 arbeidde han for Kongsvinger og Hamar Stiftstidende, mellom anna som redaksjonsskretær og redaktør.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1933 Jord og jern
  • 1935 Vrimmel
  • 1951 Fjerntog
  • 1954 Hemmelig liv
  • 1956 Sommeren i gresset
  • 1960 Brev til lyset
  • 1965 Stillheten efterpå
  • 1969 Headlines
  • 1972 Pass for dørene - dørene lukkes
  • 1975 Pusteøvelse
  • 1977 Den ensomme veranda
  • 1979 Tenk på noe annet
  • 1982 Liv laga
  • 1985 Nattåpent
  • 1990 Alle mine dikt
  • 1996 En liten kvast med tusenfryd og fire rare løk: ukjente dikt og tekster 1925-1993
  • 1996 Samlede dikt 1999

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur om Rolf Jacobsen