Europacupen i fotball 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europacupen i fotball 1985 var ei fotballturnering der vinnarane av 31 europeiske toppseriar i fotball var påmelde, attåt tittelforsvarar Liverpool FC. Turneringa var den 30. i rekka. Finalen fann stad 29. mai 1985 på Heysel-stadion i Brussel og utvikla seg til ein katastrofe då 39 menneske omkom på tribunane, etter at Liverpool-fans gjekk til angrep på tilskodarar som heia på Juventus. Sjølve kampen enda med Juventus-siger 1-0 over tittelforsvararane.

Europacupen 1985 var ei rein utslagsturnering. Ved lik målskilnad etter dobbelkamp talde bortemål dobbelt. Turneringa tok til 19. september 1984. Etter to ordinære cuprundar i september-november vart kvartfinalane og semifinalane avvikla i mars-april 1985.

Juventus vann over Tampereen Ilves, Grashoppers frå Zürich, Sparta Praha og Girondins Bordeaux. Liverpool FC slo etter tur ut Lech Poznań, Benfica frå Lisboa, Austria Wien og Panathinaikos frå Athen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Om lag 58 000 menneske var til stades på Heysel-stadion i Brussel 29. mai 1985. Allereie ein time før avspark i kampen braut ut uro på ein seksjon av tribunane, då det vart kasta gjenstandar mellom supporterar av dei to finalelaga. Om lag då dommaren bles kampen i gang braut Liverpool-supporterar ned eit skiljegjerde. Tilskodarane i det som var meint å vere ei nøytral sone, rømde unna mot ein betongvegg, ein vegg som til sist gav etter og fall ned. 39 tilskodarar vart drepne, anten klemt i hel eller av fallskadar, og om lag 600 vart skadde i tumultane.

Michel Platini skåra det einaste målet i kampen på eit straffespark i det 58. minutt.

Lagoppstillingane, Juventus i stripete trøyer

Juventus stilte med: Stefano Tacconi, Luciano Favero, Gaetano Scirea (kaptein), Sergio Brio, Antonio Cabrini, Massimo Bonini, Michel Platini, Marco Tardelli, Zbigniew Boniek, Paolo Rossi og Massimo Briaschi. Seks minuttar før slutt kom Cesare Prandelli inn og Brisachi gjekk ut, medan Rossi bytta med Beniamino Vignola to minuttar før dommaren bles av for full tid.

For Liverpool FC deltok: Bruce Grobbelaar, Phil Neal (kaptein), Alan Hansen, Mark Lawrenson, Jim Beglin, Steve Nicol, Ronnie Whelan, Kenny Dalglish, John Wark, Ian Rush og Paul Walsh. Lawrenson vart skadd og gjekk ut i det 4. minutt, inn kom Gary Gillespie. I pausen vart Walsh bytta ut med Craig Johnston.

Dommar var André Daina frå Sveits.

Etterspel[endre | endre wikiteksten]

Få dagar etter finalekampen vedtok UEFA å stengje ute engelske fotballag frå alle dei europeiske fotballturneringane. Utestenginga varde i fem år, men Liverpool FC måtte også vente i endå eit år .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]