Rupi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sølvrupi gjeve ut i Hejira-året 983 (ca. 1575) av Akbar den store.

Rupi (eng. rupee) er ei mynteining som er eller har vore brukt i Sør-Asia og nærområda. I dag er rupi mynteining i India, Nepal, Pakistan og Sri Lanka. Ein bruker roupieMauritius og Seychellane, rupiah i Indonesia og rufiyaMaldivane. Ein brukte rupi i Afghanistan fram til 1927, på Zanzibar frå 1908 til 1935, i Burma mellom 1852 og 1952, og i Bhutan fram til 1974. Ein har også brukt rupi i sørlege Afrika, Arabia og i indiske koloniar.

Rupien blei innført som ein mynt med standard vekt av afghanske Sher Shah Suri då han herska over India 1540-1545. Han blei kalla rupiya, eit namn avleidd av sanskrit rūpyakam, som tyder 'sølvmynt'. Sher Shah Suri sine rupiar av sølv vog 178 gran, i tillegg innførte han til koparmyntar kalla dam og gullmyntar kalla mohur. Myntsystemet blei seinare standardisert av mogulherskarane.

Land som bruker rupi.

Rupiar i ulike land[endre | endre wikiteksten]

India: 1 indisk rupi = 100 paisa, - og den internasjonale valutakoden er INR.
Pakistan: 1 pakistansk rupi = 100 paisa, - og den internasjonale valutakoden er PKR.
Nepal: 1 nepalsk rupi = 100 paisa, - og den internasjonale valutakoden er NPR.
Sri Lanka: 1 srilankisk rupi = 100 cent, - og den internasjonale valutakoden er LKR.
Mauritius: 1 mauritisk rupi = 100 cent, - og den internasjonale valutakoden er MUR.
Seychellane: 1 seychellisk rupi = 100 cent, - og den internasjonale valutakoden er SCR.
Indonesia: 1 rupiah = 100 cent (eliminert som følgje av inflasjon), - og den internasjonale valutakoden er IDR.
Maldivane: 1 rufiyaa = 100 laari, - og den internasjonale valutakoden er MVR.

Bilete av rupiar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare rupiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]