Rustsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rustsnipe
Rustsnipe Foto: Dominic Sherony
Rustsnipe
Foto: Dominic Sherony
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av rustsnipe
Utbreiinga av rustsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Rustsnipe C. subruficollis
Vitskapleg namn
Calidris subruficollis

Rustsnipe (Calidris subruficollis) er ei lita snipe som hekkar langt nord i Nord-Amerika, overvintrar i søraustre Sør-Amerika, men som òg er ein relativt vanleg streiffugl i Storbritannia.

Ho er ofte klassifisert i si eiga biologiske slekt Tryngites, men òg som Calidris-snipe.[note 1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Rustsnipe under trekket i september
Foto: Mario Suárez Porras

Rustsnipa har storleik som ei myrsnipe, når ei kropplengd på 18 til 20 centimeter, vengespennet er på 43 til 47 cm og vekta varierer mellom 53 og 117 gram.[1]

Rustsnipa har sandfarga fjørdrakt, hovudet og undersida er beigerosa, oversida er mykje mørkare og har grove svarte flekker. Hovudet har mørke striper over krona frå panna til nakke og rygg. Dei mørke augo står i klår kontrast til dei lyse kinna. Beina er sennepsgule. Nebbet er svart og relativt kort. I flukt viser vengene ei lys underside med ein mørk flekk ut mot vengtuppen og oversida manglar kvit teikning som mange andre sniper har.[2] Hofuglar er mindre enn hannar.

Hekkehabitatet er på overgrodde grassletter på tundraen i det mest nordlege Nord-Amerika, det vil seie nordkysten av Alaska og Canada inkludert dei store arktiske øyane i Nunavut, som Viktoriaøya og Prince of Wales Island. Han er ein langdistansetrekkfugl, som trekker breitt over sentrale Nord-Amerika sør til den søraustlege delen av Sør-Amerika. Det viktigaste overvintringsområdet ligg totalt sett i Argentina, og strekker seg frå det sørlege Bolivia over Paraguay, sørlegaste Brasil og Uruguay til det nordlege Argentina. I trekkruta kan rustsniper treffast der det finst tørt gras, mellom anna på beitemarker, golfbanar og flyplassar. Under trekket kan dei vere ekstremt tamme.

Rustsniper blir observert som ein regelmessig streiffugl i Europa, hovudsakleg i Storbritannia. Her kan dei jamvel opptre i små flokkar.

Føda er virvellause dyr og frø. Eit kull består typisk av fire egg.

Populasjonen er estimert til å ligge i området 16 000-84 000 trudd å vere minkande. IUCN klassifiserer arten som globalt nær truga, NT.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Referansar
  1. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Buff-breasted Sandpiper (Calidris subruficollis) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 15. september 2016
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Calidris subruficollis. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. september 2016
Notar
  1. Endring av slektsnamn for denne arten frå Tryngites til Calidris er iverksett i EBird/Clements Checklist og i Handbook of the Birds of the World Alive, begge tilgjengelege over internett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rustsnipe