Sámiid ædnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sámiid Ædnan)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sámiid ædnan»
Sami Ædnan (11096945055).jpg
Eurovision Song Contest 1980
Land Noreg
Artist(ar) Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta
Språk Norsk og nordsamisk
Komponist(ar) Sverre Kjelsberg
Låtskrivar(ar) Ragnar Olsen
Resultat
Finalepoeng 15
Finaleplass 16
Noreg i Eurovision Song Contest
«Oliver»
(1979)
«Sámiid ædnan» «Aldri i livet»
(1981)

«Sámiid ædnan» (nordsamisk for Samisk jord) var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framført av Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta. Teksten er skriven på norsk, medan tittelen og teksten i songen som er lik tittelen er på nordsamisk. I tillegg inneheld songen ein joik, ein samisk form for song utan ord.

Songen er inspirert av den samiske sjølvstyrerørsla i Nord-Noreg, og duoen song om krava til sjølvstyre. Songteksta nemner òg den tradisjonelle joiken, skildra som «sterkare enn krut». Tekststykket «framførr tinget der dem satt, hørtes joiken dag og natt» refererer til ein sveltestreik som skjedde framfor Stortinget i samband med Altasaka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tekstforfattaren Ragnar Olsen og komponisten Sverre Kjelsberg hadde skrive ein song i samband med demonstrasjonane rundt utbygginga av Alta-Kautokeinovassdraget i 1979:

Framførr tinget der dem satt,
Sámiid ædnan, Sámiid ædnan.
Hørtes joiken dag og natt
Sámiid ædnan.
Joik har større kraft enn krutt
Sámiid ædnan, Sámiid ædnan.
Førr en joik tar aldri slutt
Sámiid ædnan.

Den tidlegare Pussycats-stjerna Sverre Kjelsberg var no blitt musikar for Hålogaland Teater, og var blitt spurd av NRK om han kunne levera ein låt til Melodi Grand Prix 1980. Valet fall på «Sámiid ædnan». NRK tok vidare kontakt med Mattis Hætta og spurte om han kunne tenke seg å framføra songen saman med Sverre Kjelsberg. Hætta kunne ikkje forstå kvifor han skulle delta i eit slikt underhaldningsprogram på fjernsynet. Men då han var på reise til Göteborg byrja det med eitt å brenna i turnébussen hans, og han måtte dra nordover att. I Tromsø møtte han omsider Sverre Kjelsberg.

Dei la ut på biltur mellom Tromsø og Finnsnes vinteren 1980, og Mattis joika den eine melodien etter den andre medan Sverre lytta. Mattis fortalde sjølv: «Jeg joiket og joiket. Hele veien. Dette er en biltur på mange mil. Og rett før Nordkjosbotn satt den. Det var ingen tvil. Pang! Der hadde vi den.»[1] Joiken som blei refrenget i songen hadde Hætta allereie framført i samanheng med den samiske sveltestreiken framfor Stortinget i oktober 1979.[2]

Mattis Hætta og Sverre Kjelsberg i Nederland uka før finalen.

Så snart dei hadde funne ut korleis dei skulle veksla visesong og joik, ringde dei til Egil Monn-Iversen. Dei sat med kvar sin telefon, og Mattis Hætta fortel: «Sverre sang i det ene røret, og jeg joiket i det andre, og i Oslo satt Monn-Iversen og skrev noter. 'Ok, gutter, nå har jeg den. Da skriver jeg arrangementet', sa han til slutt. Og det gjorde han. Den norske finalen ble vunnet, … »[3]

Melodi Grand Prix 1980[endre | endre wikiteksten]

Songen vann Melodi Grand Prix 1980 med 61 poeng og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 1980.

Eurovision Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 11 i finalen, etter Finland med «Huilumies» av Vesa-Matti Loiri og før Vest-Tyskland med «Theater» av Katja Ebstein. Bidraget fekk seks poeng frå Vest-Tyskland, fire poeng frå Marokko, tre poeng frå Frankrike og to poeng frå Nederland. Noreg fekk til saman 15 poeng og enda på 16. plass av totalt 19 bidrag. Det er det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på nordsamisk.

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 2011 blei eit utdrag frå songen sunge av karakterane i traileren for filmen The Thing.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[4] 1 13 Veke 16 1980

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henmo 2010, s. 36.
  2. «NRK TV - Se Tilbake til 70-tallet. Episode 10. Se 3:17». Henta 21. juli 2016. 
  3. Henmo 2010, s. 38.
  4. «'Sámiid ædnan' på VG-lista». Norwegian Charts (VG-lista) (engelsk). 2018. Henta 15. april 2018. 
Litteratur
  • Harald Henmo: «Nomaden», s. 36–38. Klassekampen nr. 119. Lørdag 29. mai 2010.