Sørkedalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°0′56″N 10°36′59″E

Sørkedalen kyrkje
kyrkje
SørkedalenKirke20080127-1.jpg
Sørkedalen kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Vestre Aker
Sokn Sørkedalen
Fellesråd Oslo
Type Langkyrkje
Periode Nygotikk
Arkitekt Christian H. Grosch
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 15. september 1865
 - Endringar Ved arkitekt Georg Greve fram mot 1940
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle Av Dagfin Werenskiold
Orgel Orgel frå Ott Orgelfabrikk frå 1976
Sitjeplassar 250
Wikimedia Commons: Sørkedalen kirke

Sørkedalen kyrkje, tidlegare Sørkedalen kapell, er ei nygotisk langkyrkje i tegl frå 1865 i Sørkedalen i Oslo kommune. Ho har 250 sitjeplassar.

Stadskonduktør Christian H. Grosch hadde fått i oppgåve å utarbeide planar og teikningar til kyrkja og ho vart innvigd 15. september 1865 av biskop Jens Lauritz Arup. Den tilhøyrande gravlunden vart innvigd på same tid.

Da kyrkja vart innvigd hadde ho to kyrkjeklokker, orgel og eit enkelt trekors ved altaret. Ho fekk nytt altarsølv av døypefatet frå Vestre Aker kyrkje som hadde vore stole i 1855 og seinare funne att i ei steinrøys.

På 1930-talet vart interiøret endra etter planar av arkitekt Georg Greve. Dagens altartavle i tre er skåren av Dagfin Werenskiold og er ei kopi av altartavla hans i Hornindal kyrkje. Vindauga i kapellet fekk glasmåleri av Bernhard Greve.

Det gamle orgelet vart skifta ut i 1976 da ein skaffa seg eit pipeorgel frå Ott Orgelfabrikk i Göttingen.

Sørkedalen er eiga menighet, men har ikkje eigen prest. Prestar frå Røa menighet held gudsteneste i Sørkedalen kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]