Willin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willin'
Song av Little Feat
frå albumet Little Feat
Utgjeve 1971
Lengd 2:23
Låtskrivar(ar) Lowell George

Willin' er ein song skriven av Lowell George før han hadde skipa bandet Little Feat. Dei gav songen ut i 1971 på debutalbumet Little Feat, før dei spelte inn songen på ny, i eit langsamare tempo til mykje større suksess på det andre albumet deira, Sailin' Shoes i 1972. Songen fortel soga om ein lastebilsjåfør som reiser frå Tucson til Tucumcari; Tehachapi til Tonopah og han vart ein lastebil-hymne.[1][2]

Frank Zappa høyrde George syngje ein demo av «Willin'» som ein Mothers of Invention-song, føreslo han at gitaristen skulle skipe sitt eige band.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Seatrain spelte denne songen (kalla "I'm Willin') på det sjølvoppkalla albumet deira i 1970. Songen vart så spelt av Linda Ronstadt i 1974 på albumet Heart Like a Wheel. Denne versjonen vart nytta i James Cameron-filmen The Abyss i 1989.

The Byrds spelte inn songen under innspelinga for albumet (Untitled) i 1970 og framførte songen på konsertane sine same året. Studioversjonen kom ut som bonusspor på nyutgjevingar av (Untitled) og eit konsertopptak finsti plateboksen The Byrds. Gene Parsons, son song songen som medlem av The Byrds, spelte inn sin eigen versjon i 1973 på soloalbumet Kindling. Commander Cody and his Lost Planet Airmen spelte inn songen i 1975 på albumet Commander Cody and His Lost Planet Airmen

Både Phish og Bob Dylan har spelt songen på konsertane sine.

Phil Pritchett spelte denne songen som ein duett med Cody Canada i 2002 på albumet hans Tougher Than the Rest. Jackson Browne spelte denne songen med bandet Lucius i 2016 for TV-serien Roadies. Gregg Allman spelte «Willin’» på det siste albumet sitt, Southern Blood, som kom ut i 2017.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Willin' lyrics». www.genius.com. 
  2. «The greatest band of the '70s that you never hear about». Arkivert frå originalen 2018-06-19. Henta 5. oktober 2020. 
  3. Zarum, Lara (5. mars 2014). «Where Do I Start With Little Feat?» – via Slate.