Samekufte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Samekufte eller berre kufte (nordsamisk gákti, sørsamisk gåptoe, lulesamisk gáppte), òg kalla samekufte) er namnet på overdelen på samedrakta. Kufta er grunnplagget i drakta, og ordet blir ofte òg bruka om heile den den samiske folkedrakta. I dag er kufter vanlegvis laga av ull med dekorasjonar i ulike fargar og material. Kufta er langerma og har open hals eller er open framme i mannsdrakter, medan ho er lukka i kvinnedrakta. Kvinnekufta er lengre enn mannskufta.

To kuftekledde samiske barn, kanskje frå Sverige, som innvandra til USA først på 1900-talet.
'Ein lapplending' måla av François-Auguste Biard på 1800-talet.
Mannskufte frå Karesuando.
Kvinnekufte ved museum Arktikum i Rovaniemi.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kufta har lange erme og ein nyttar nokon stader belte til. Mannskufta rekk ned til låret medan kvinnekufter kan rekka til knea eller lengre. Mange kufter, særleg dei frå sentrale og sørleg område, har V-hals, og innanfor har ein gjerne eit bryststykke. Mannsdrakta har ein oppstikkande krage, og har anten ei djup utringing framme eller kan opnast framme som ei jakke. Små hemper blir bruka til å lukka opningen. Kvinnedrakta er derimot aldri heilt open framme, og har liten eller ingen krage. Drakta kan ha innfelt kiler på bakstykket, ofte med forsterka og pynta saumar.

Grunnstoffet i samekufter er einsfarga, ofte blå og av ull, men det finst også i mange andre fargar og materiale. Kvite, grå, grøne, raude og brune kufter er vanlege. Medan vadmål er eit tradisjonelt stoff er òg vove ull, bomull, silke og skinn bruka til å sy kufte. Saumar og kantar kan pyntast med band, gjerne i klart gult, raudt og andre sterke fargar, blonder, tinntrådbroderi, kråkesølv eller skinn. Nokre stader kan ein bruka søljer og sjal av ull eller silke til. Nokre kufter er rikt dekorerte medan andre er meir nøkterne. Nordsamisk drakter er til dømes kjenneteikna av mange og breie bordar medan sørlegare drakter har mindre pynt. Den nordsamiske kofta er kjenneteikna av ein påsydd kant, holbi, nedst. Dette er eit pynta tøystykke som kan ha rysjar frå ei lengd på opptil femti meter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg blei kuftene sydd i skinn, og snittet i mange kufter har form etter reinskinnet, som pesk. Ein har også brukt ullstoff sidan mellomalderen. Etterkvart blei kuftene òg sydde i bomull og silke. Ein har bruka både heimevove og industriprodusert stoff. Gjennom tidene er utforminga blitt påverka praktiske og estetiske omsyn, og av ulike kulturar og materiale. Austsamiske drakter har til dømes ha russiske eller karelske trekk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Samekufter blir bruka av samar over heile Nordkalotten. Tidlegare var ho eit vanleg kvardagsantrekk, i dag blir ho helst bruka til høgtid og ved festlege høve. Form, farge og mønster på kufte og lue varierer mykje frå distrikt til distrikt, på same vis som samiske språk og andre kulturelle særtrekk. I noko mon følgjer draktvariantane dei samiske språkgrensene. Utforminga kan syne kor ein kjem frå, kva slekt ein er av og om ein er gift eller ugift. Dekoren kan òg syne religiøse band.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]