Samuel Honrubia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samuel Honrubia


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. juli 1986 (37 år)
Béziers
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Samuel Honrubia (fødd 5. juli 1986) er ein fransk handballspelar frå Béziers. Perioden 2011-15 vann han to VM-gull, OL-gull og EM-gull med Frankrike sitt landslag i handball. Åra frå 2005 til 2016 vart han fransk seriemeister heile ti gongar, flest for Montpellier HB. Han spelar venstrekant, sidan 2021 aktiv for toppserie-laget Istres.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Honrubia fekk sin landslagsdebut i 2009 og var med i mannskapa som gjekk til topps i Handball-VM 2011 i Sverige og som vann gull under Sommar-OL 2012 i London. I 2014 var han med å slå arrangørlandet Danmark i EM-finalen, året var han med om det same då Frankrike vann over arrangørlandet Qatar i VM-finalen. Fram til 2017 deltok han i 87 landskampar og skåra 194 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Honrubia spelte på Montpellier frå 2004 til 2012. I desse åra var han med på å vinne den franske toppserien sju gongar og den nasjonale cupfinalen seks gongar. Deretter gjorde han i tida 2012–16 teneste i Paris Saint-Germain. Med laget frå den franske hovudstaden vart han tre gongar seriemeister og to gongar cupmeister. Sidan var han aktiv i fire ulike franske handball-lag.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 2012 med Frankrike
  • VM gull: 2011, 2015 med Frankrike
  • EM-gull: 2014 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 2005, 2006, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012 for Montpellier, 2013, 2015, 2016 for PSG
  • Fransk cupmeister: 2005, 2006, 2008, 2009, 2010, 2012 for Montpeller, 2014, 2015 for PSG

Kjelder[endre | endre wikiteksten]