DS «Southern Cross»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
SS Southern Cross, Derwent River, 1898.jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Pollux»
Verft: Colin Archer, Svinodden verft, Arendal
Sjøsett: 1886
Karriere Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Namn: DS «Southern Cross»
Eigar: Carsten Borchgrevink
Sett i teneste: 1898-1900
Karriere Flag of Canada.svg Canada
Namn: DS «Southern Cross»
Eigar: Newfoundland Sealing Company
Lagnad: Forlist april 1914 ved Newfoundland
Generelle mål
Type: Selfangstskute
Tonnasje: 521 brt
Lengd: 44.7
Breidd: 9.3
Installert effekt : 360 bhp
Framdrift: Trippel ekspansjon dampmaskin
Seglplan: tremasta bark

DS «Southern Cross» ('engelsk for 'Sørkrossen') var ei dampdriven ishavsskute på 521 brt som var konstruert av Colin Archer og bygget i 1886 ved Svinodden verft i Arendal. Som sedvanlig for ishavsskuter av denne typen var ho konstruert med oppbygd bru bak skorsteinen, der rekkverket var dekt med seglduk for å gje ekstra vern. Som selfangstskute gjekk skipet under namnet «Pollux», men i 1898 vart det seld som ekspedisjonsskip til antarktispioneren Carsten Borchgrevink og omdøypt «Southern Cross».

Den 30. juli 1898 la «Southern Cross» ut frå Kristiania med kurs for London, der den offisielle avreisa til Southern Cross-ekspedisjonen, den første ekspedisjonen som overvintra på det antarktiske kontinentet, fann stad 22. august. Reisa sørover gjekk via Madeira og St. Vincent med ankomst HobartTasmania i slutten av november. Den 19. desember fortsette reisa sørover mot Antarktis, og etter å ha strevd i isen i 43 dagar kom ekspedisjonen fram til Kapp Adare 19. februar 1899. Den 1. mars returnerte «Southern Cross» til Australia, medan ei gruppe på ti mann vart igjen for å overvintre ved Kapp Adare. Den 28. januar 1900 var «Southern Cross» tilbake for å plukke opp dei etterlatne ekspedisjonsmedlemmane. Deretter segla dei langs Rossbarrieren i 645 km før dei returnerte til Australia.

Etter Southern Cross-ekspedisjonen vart skipe seld til Newfoundland Sealing Company. I april 1914 forliste det med heile besetninga på 173 utanfor Newfoundland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]