Belgica-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Belgica» oppankra ved Mount WilliamAnvers Island.

Belgica-ekspedisjonen var ein belgisk ekspedisjon til kysten av Antarktishalvøya mellom 1897 og 1899. Leiar av ekspedisjonen var belgiaren Adrien de Gerlache, medan den unge og førebels ukjende Roald Amundsen tenestegjorde som skipsoffiser. Blant den vitskaplege staben deltok den kjende legen Frederick Cook. Belgica-ekspedisjonen blir rekna som ein av dei viktigaste ekspedisjonane til Antarktis. «Belgica», ei ombygd norsk kvalfangstskute, var det første ekspedisjonsskipet som overvintra i Antarktis, og ekspedisjonen markerer byrjinga på den heroiske tidsalderen for antarktisutforsking.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Adrien de Gerlache

I 1891 hadde den svenske baronen Adolf Erik Nordenskiöld, som hadde erobra både nordaustpassasjen og Grønlandsisen, prøvt å få i stand ein ekspedisjon til Antarktis. De Gerlache hadde trygla om å få vere med, utan at han fekk noko svar. Ekspedisjonen vart heller ikkje realisert, og de Gerlache avgjorde seg for å planleggje sin eigen ekspedisjon. Frå 1892 jobba han iherdig for å skaffe støtte til ekspedisjonen. For å førebu seg på å møte dei barske tilhøva i sør, seglte han på norske kvalfangstskuter og analyserte så godt som alle reiseskildringar frå polarområda.[1]

Til å byrje med vakte planane hans lita interesse. Belgia var verken ein sjøfart- eller polarnasjon, men hadde derimot nyleg fått store område i Afrika, Belgisk Kongo. Den belgiske kongen, Leopold II, støtta difor heller ekspedisjonar til det indre av Afrika enn til kysten av det uutforska antarktiske kontinentet.[1]

I 1895 snudde likevel lukka seg. På den sjette internasjonalen geografiske kongressen i London vart det annonsert at det mystiske kontinentet i sør burde utforskast med alle tilgjengelege middel. Deretter danna ei rekkje land, inkludert Storbritannia og Tyskland, institutt og organisasjonar for polarforsking. I denne anda av optimisme avgjorde kong Leopold II å støtte òg ein omfattande ekspedisjon til Antarktis. De Gerlache hadde samarbeidd med den geografiske samskipnaden i Brussel for å organisere ein nasjonal innsamling, men det var først etter at dei belgiske styresmaktene hadde tredd støttande til at han var i stand til å utruste ekspedisjonen.[2]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonsskip[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå «Belgica».

Frå 1895 søkte de Gerlache personleg etter eit passande skip for ekspedisjonen sin. Han gjorde særleg framstøyt i Noreg, der han i 1896 kom over kvalfangstskuta «Patria», bygde i Svelvik i 1884. Det var eit tremasta dampskip med lengd 30 meter og breidde 7 meter. Etter ei omfattande ombygging i Sandefjord, der blant anna baugen vart forsterka og ny dampkjele installert, vart det døypt «Belgica».[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frederick Cook
Amundsen og Knudsen fjernar det øvste laget av isen for å betre saging av det harde, nederste laget.
Foto: Frederick A. Cook/Nasjonalbibliotekets arkiv

Det skulle vise seg utfordrande å skaffe forskarar til å delta på ekspedisjonen. Dei einaste kvalifiserte som meldte seg, var den rumenske zoologen og botanikaren Emil Racoviță og den polske geologen, oseanografen og meteorologen Henryk Arctowski.[4] Begge var i slutten av 20-åra. Polakken Antoni Bolesław Dobrowolski kom umeldt om bord i Ostende fem dagar før avreise med eitt tøyskift og nokre laken og bad om å få vere med. Han let til å ha solid utdanning, og fekk vere med som meteorologiassistent for Arctowski.[5] Den belgiske artilleriløytnanten Émile Danco deltok òg som vitskapleg assistent.

Australiaren Louis Bernacchi, som hadde studert magnetisme og meteorologi ved Melbourne Observatory, hadde eigenleg vorte utvald til å delta på ekspedisjonen. Han hadde likevel vorte etterlate i Australia, sidan «Belgica» unnlet å dra inn til Melbourne på reisa sørover.[6] Bernacchi reiste då til London og sikra seg ein plass på Southern Cross-ekspedisjonen til Carsten Borchgrevink som planla å overvintre på Kapp Adare.[6]

Skipslegen trekte seg frå ekspedisjonen straks før reise, og de Gerlache sende difor eit telegram til ein annan av dei som hadde søkt stillinga – Dr. Frederick Cook frå New York. Cook hadde delteke på Robert Peary sin ekspedisjon til Nord-Grønland i 1892, og aksepterte tilbodet frå de Gerlache omgåande. Han vart instruert til å reise til Rio de Janeiro for å mønstre på når «Belgica» kom til byen.[5]

Besetninga til skipet bestod av både belgiarar og nordmenn. Medan belgiaren Georges Lecointe var kaptein over «Belgica», mønstra den enno ukjende nordmannen Roald Amundsen på som førstestyrmann. Han hadde kome til Sandefjord i juli 1896 frå Arktis med «Jason» medan «Belgica» låg for utrusting, og søkte de Gerlache om å få delta på ekspedisjonen. Amundsen tilbaud seg å segle utan løn og vart tilrådd av sandefjordsreiaren Johan Bryde, belgisk konsul og agent for «Belgica».[1] Andrestyrmannen heitte Jules Melaerts. Blant matrosane var det fem nordmenn: Adam Tollefsen frå Heskestad, Ludvig-Hjalmar Johansen frå Moss, Engelbret Knudsen frå Porsgrunn, Carl-August Wiencke frå Kristiania og Johan Koren frå Fredrikstad.[7] Sistnemnde var med sine 17 år yngstemann på ekspedisjonen. Han hadde stor interesse for zoologi og fungerte som assistent for Racoviță. Etter Belgica-ekspedisjonen virka han som feltzoolog i Arktis frem til han døydde i 1919.[3]

Formål[endre | endre wikiteksten]

De Gerlache hadde til hensikt å gjennomføre meir enn ein oppdagingsferd til ukjent farvatn. Han ynskte å finne den magnetiske sørpolen, gjennomføre hydrografiske observasjonar, måle polarljoset, ta havbotnsprøvar og måle opp ukjende kystlinjer.[3]

Fartøyet var det første som nokonsinne overvintra i Antarktis, sjølv om det ikkje inngjekk i den offisielle planen. Det har likevel vore spekulert mykje rundt i kva grad de Gerlache planla å la skipet fryse inne i isen for å framtvinge ein overvintring og studere isdriften slik Nansen hadde gjort i Arktis på den første Fram-ekspedisjonen. Ifølgje dagboka til matrosen Carl August Wiencke forsikra de Gerlache ved fleire høve om at føremålet var å sigla så langt sør som mogleg utan å la seg fryse fast. Deretter skulle tre av ekspedisjonsmedlemmane forlate skipet og overvintre i hytter dei hadde frakta med seg på ein eigna plass.[3]

Ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonsruta i Antarktis

Reisa sørover[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha seglt frå Antwerpen 16. august 1897, gjekk «Belgica» til Madeira, Rio de Janeiro og Montevideo på ferda sørover. Ekspedisjonen vart teke spesielt godt imot i Rio, der ein stor belgisk koloni hadde tilhald. Brasilianarane var òg svært interessert i det belgiske foretaket. Den historiske og geografiske samskipnaden i Rio fekk sett i stand eit eige møte der vitskapsmennene og offiserane på ekspedisjonen vart tilbode medlemskapar i samskipnaden.[8] I Rio mønstra òg skipslegen Fredrick Cook på.

Etter å ha vitja Eldlandet, fortsette ekspedisjonen til Sør-Shetlandsøyane.[9] I januar 1898 nådde «Belgica» kysten av Graham Land. Dei sigla mellom fastlandet og ei lang rekkje øyar i vest, Antarktiske Arkipel, og de Gerlache namngav passasjen Belgicasundet. Seinare vart det omdøypt Gerlachesundet til hans ære. Etter å ha gjennomført over tjue ilandstigingar og kartlagt og namngjeve ei rekkje øyar, kryssa dei polarsirkelen 15. februar 1898.

Dei lukkast ikkje i å finne ein veg inn i Weddellhavet, og 28. februar vart ekspedisjonen til de Gerlaches anga inne i isen i Bellingshausenhavet nær Peter I Øy. De Gerlache kan med vilje ha sigla langt inn i pakkisen for at «Belgica» skulle fryse fast for vintersamskipnaden i Rio fekk sett i stand eit eige møte der vitskapsmennene og offiserane på ekspedisjonen vart tilbode medlemskap i samskipnaden.[10] Til trass for at mannskapet gjorde ein innsats for å frigjere skipet, innsåg dei raskt at dei var tvinga til å tilbringe vinteren i Antarktis.

Overvintring[endre | endre wikiteksten]

Frederick Cook på sjøisen.
«Belgica» innefrose i isen.

Ekspedisjonen var dårleg utstyrt og hadde ikkje tilstrekkeleg med vinterklede for alle menn. Det var knapt om mat, og den maten dei hadde var lite variert. Pingvinar og selar vart drepe og kjøtt lagra før vinteren sette inn. Klede vart sydd av dei materiala som var tilgjengelege. Den 17. mai byrja mørketida, som varte til 23. juli. De Gerlache mislikte det ferske pingvin- og selkjøttet og forbaud mannskapet sitt å ete det. Ei rekkje menn byrja å vise symptom på skjørbuk, og de Gerlache og Lecointe var så dårlege at dei skreiv ned testamenta sine. To besetningsmedlem viste teikn på sinnsjuke, og moralen var elendig. Mange var ikkje lenger tilreknelege.

Frederick Cook og Roald Amundsen overtok kommandoen sidan de Gerlache og Lecointe var så hardt råka av skjørbuk at dei ikkje var i stand til å utføre oppgåvene sine. Vitamin C vart ikkje oppdaga før i 1920-åra, men basert på røynsla si med Robert Peary i Arktis var Cook overtydd om at ferskt kjøt var rett medisin mot skjørbuk. Han henta fram det frosne pingvinen- og selkjøttet og insisterte på at alle måtte ete litt av det kvar dag. Sjølv de Gerlache byrja å ete kjøtet, og langsamt kom alle seg til hektene igjen.

Fleire tøffe månader følgde. Forsøk på å frigjere skipet og mannskapet frå isgrepet mislukkast. I januar 1899 var «Belgica» framleis innesperra i to meter tjukk is, og utsiktene til nok ein vinter i isen vart reelle. Ope farvatn var om lag éin kilometer unna, og Cook foreslo å lage ei råk for å få «Belgica» frigjort. Det avkrefta mannskapet nytta dynamitt og tilgjengeleg verktøy for å lage ein kanal. Den 15. februar byrja dei å forflytte skipet mot ope hav, men først den 14. mars var dei klar av isen.

Ekspedisjonen var tilbake i Antwerpen 5. november 1899. Tilhøva hadde vore svært krevjande, men trass i dette hadde ekspedisjonen lukkast i å samle inn store mengder vitskapleg material.

Heimkomst og etterspel[endre | endre wikiteksten]

I Antwerpen fekk ekspedisjonen ein varm velkomst. Ein eigen komite hadde i fleire månader planlagt mottakinga.[11] Typisk for polarekspedisjoner på denne tiden, var feiringa prega av nasjonal og regional stoltheit. Dei belgiske styresmaktene ærte de Gerlache og mennene hans ved å tildele dei Leopoldsordenen, medan styresmaktene i Antwerpen overrekte medaljar og skreiv namna deira inn i den «gylne boka til byen». Den første dagen dei sette foten på belgisk jord igjen, lydde «La Brabançonne» og nasjonalflagget vaia frå mange heimar. Alt i alt spelte nasjonalkjensle ei sentral rolle i mottakinga av ekspedisjonen.

Belgica-ekspedisjonen blir enno rekna som ein av dei viktigaste polarekspedisjonane. Det var den første omfattande vitskaplege ekspedisjonen til det antarktiske kontinentet, og gjennom den 377 dagar lange drifta i isen vart det for første gongen gjennomført omfattande meteorologiske observasjonar over ein periode på meir enn éit år. Det vart samla inn eit mangfald av ukjende planter og geologiske prøver, og for første gongen vart straumtilhøva på den antarktiske kysten undersøkt. I tillegg vart vestkysten av den antarktiske halvøya og mange øyar grundig kartlagt. Frederick Cook tok dei første fotografia i Antarktis.

Med denne informasjonen kunne ein lage eit meir nøyaktig bilete av Antarktis. Dette var til stor nytte for seinare ekspedisjonar, leia blant anna av Ernest Shackleton, Robert Falcon Scott og Roald Amundsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Huntford, s. 33
  2. A. Cabay, «The funding of the Belgian Antarctic expedition 1897-1899» i: Decleir og Broyer (2001), s. 83-92.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Hasle, s. 114
  4. Huntford, s. 36
  5. 5,0 5,1 Huntford, s. 37
  6. 6,0 6,1 Borchgrevink, s. 13–19
  7. de Gerlache (1902), s. 71
  8. de Gerlache (1998), s. 22.
  9. Robert K. Headland (2009). A Chronology of Antarctic exploration. London: Quaritch. s. 229. ISBN 978-0-9550852-8-4. 
  10. «Belgian Antarctic Expedition 1897 - 1899». Arkivert frå originalen 9. oktober 2010. Henta 21. oktober 2012. 
  11. «Expedition Antarctique Belge. Reception solonnelle des explorateurs a leurs arrivée a Anvers» i: Bulletin de la Société Royale de Géographie d’Anvers 24 (1900) s. 5–17.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]