Keith Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keith Moon

Keith Moon
Fødd23. august 1946
FødestadCentral Middlesex Hospital
Død7. september 1978
London, England
DødsstadMayfair
FødenamnKeith John Moon
AliasMoon the Loon, Moonie
OpphavStorbritannia
Aktiv1964–1978
SjangerRock, hardrock, poprock
InstrumentTrommer, perkusjon, vokal, valthorn, trompet, tuba
Tilknytte artistarThe Who
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, skodespelar
Gift medKim McLagan

Keith John Moon (23. august 19467. september 1978) var trommeslagar i rockegruppa The Who. Han vart kjend for den energiske spelestilen og for den destruktive livsførselen som skaffa han kallenamnet «Moon the Loon». Moon vart med i The Who i 1964 og erstatta då Doug Sandom. Han spelte på albuma deira frå debuten My Generation i 1975 til Who Are You i 1978, som kom ut to veker før han døydde.

Moon var kjend for den innovative, dramatiske trommestilen sin og nytta ofte ei flytande tromming full av rørsle med raske slag over tamtammane og cymbalane i staden for ein grunnleggjande takt.

Påverknad og spelestil[endre | endre wikiteksten]

Samtidige trommeslagarar og perkusjonistar, som Neil Peart, Mitch Mitchell, Ringo Starr, John Bonham og seinare norske Michael Krohn held fram Keith Moon som ei viktig inspirasjonskjelde. Han spelte som om framtida til mennesket var avhengig av prestasjonane hans der og då. Han hadde ein sjeldan energisk teknikk, nærast hyperaktiv og anarkistisk og tilsynelatande ute av kontroll. Spelestilen gjorde han til eit viktig visuelt punkt under konsertane til The Who, noko som er sjeldan for perkusjonistar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som barn var Keith Moon særs hyperaktiv og rastlaus, og synte teikn på det vi i dag kallar ADHD. Han var ikkje akkurat ein mønsterelev på skulen, men alt i ung alder vart dei musikalske evnene hans lagt merke til hos lærarane.

Moon har sjølv framheva at på den tida han gjekk inn i musikken, tidleg på 1960-talet, var han i motsetnad til dei fleste andre inspirert av West Coast-musikk og The Beach Boys, medan miljøet for øvrig var meir opptatt av amerikansk rock and roll. Som så mange i samtida hans, framheva han Brian Wilson sin skrivemåte, særleg bruken av harmoniar meir enn melodiane.

I 1964, som 17-åring, var Moon på ein konsert med The Who. Bandet og plateselskapet hadde på dette tidspunktet funne ut at dei trengde ein annan trommeslagar, og hadde sagt opp dåverande trommeslagar Doug Sandom. I mellomtida vart rekkene fylt opp med ein studiomusikar. Moon kontakta bandet etter konserten og hevda at han var ein betre trommeslagar enn kva dei hadde med på konserten. Han hoppa opp på scenen, improviserte ein audition ved å overta trommesettet og hamra laus i seinare kjend stil slik at pedalen til stortromma brotna. Han fekk jobben.

The Who[endre | endre wikiteksten]

Moon vart kalla «Moon the Loon» og fungerte som muntrasjonsråd i gruppa, og det mangla aldri på sprø innslag. Særleg var dette viktig i dei periodane forholdet mellom Daltrey og Townshend var på det mest spente. Spelestilen til The Who var så full av improvisasjonar og den primære oppgåva hans var ikkje å sørgje for at bandet heldt takten, som så ofte elles for trommeslagarar. Slik fekk òg Moon som musikar høve til å utvikle sin eigen stil i bandet. I staden for å følgje bassgangen til John Entwistle (til dømes ved å slå på 2 og 4 i 4/4-takt) kan ein høyre at han ofte i staden følgjer vokalen, noko som er sterkt medverkande til å skape den hamrande rytmen. Slik sett er det hevda at Moon meir spelte rolla som keyboardet tradisjonelt speler i ei gruppe. Dette er særleg tydeleg på til dømes mot avsluttinga av «A Quick One, While He’s Away» («You are forgiven-seksjonen») frå konsertalbumet Live at Leeds, då bandet slår over til 6/8-takt og dette vert bore fram tydeleg og sikkert av bassen til Entwistle, slik at trommene til Moon i staden kan byggje opp og utløyse klimakset i songen saman med vokalen til Roger Daltrey og gitaren til Pete Townshend. På songen «Happy Jack» er trommene til Moon i stor grad hovudstemma.

Moon starta først med eit enkelt trommesett, for seinare å spele på eit dobbelt sett. Tidleg i karrieren til bandet fekk dei for vane å knuse instrumenta sine mot slutten av enkelte konsertar, og her var Moon særleg aktiv. Den destruktive stilen hans gjekk ofte utover hotellrom, og heimane til både seg sjølv og venene hans. Etter kvart gjekk den destruktive livsstilen hans, som mellom anna innebar misbruk av alkohol og andre rusmidlar, utover dei musikalske prestasjonane hans, og han trong stadig meir tid på å «spele som Keith Moon» igjen. Då bandet tok pause i åra 1975-1978 la han kraftig på seg.

Utanfor The Who[endre | endre wikiteksten]

Keith Moon er sagt å vere opphavsmannen til namnet Led Zeppelin. Under ein samtale med venen Jimmy Page i samband med oppstarten av bandet, gav Moon uttrykk for at han trudde dei kom til å mislukkast. Åtvaringa han kom med var: «You should call the band 'Lead Zeppelin', because it will go down like a lead balloon.» (Du bør kalle bandet 'Lead Zeppelin' (bly-luftskip), fordi det kjem til å gå i bakken som ein blyballong.)

I 1974 gav han ut det einaste soloalbumet sitt, ei samling med popsongar av andre artistar kalla Two Sides of the Moon. Merkverdig nok stod Moon på dette albumet mest for vokalen, med si særs avgrensa stemme, medan trommespelinga på alt bortsett frå to songar vert overlatt til vener som Ringo Starr og studiomusikaren Jim Keltner.

Han spelte nokre mindre roller i fleire filmar, mellom anna i rockoperaen Tommy og i Monty Python sin Life of Brian.

7. september 1978 hadde han vore saman med den svenske veninna si Annette Walter-Lax og ete middag hos Paul McCartney og kona Linda. Han døydde sovande den påfølgjande natta av ein overdose med Clomethiazole, eit medikament han tok mot alkoholmisbruket sitt. Det vart slått fast at dette ikkje var sjølvmord, snarare eit «uheldig uhell», altså at han mista oversikt over kor mange piller han hadde teke.

Sjølv om The Who heldt fram etter Keith Moon, vert det hevda, òg av dei gjenverande medlemmene, at mykje av The Who døydde med Keith Moon.

Film[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart det klart at komikaren og skodespelaren Mike Myers skal spele hovudrolla i ein filmbiografi om Moon. Filmen har tittelen See Me Feel Me: Keith Moon Naked For Your Pleasure. Filmen er planlagt for 2009 og er produsert av Roger Daltrey, Nigel Sinclair, og Paul Gerber.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]