You're No Good

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You're No Good
Singel av Dee Dee Warwick
B-side «Don't Call Me»
Utgjeve 1963
Sjanger R&B
Lengd 2:30
Selskap Jubilee
Låtskrivar(ar) Clint Ballard jr.
Produsent Jerry Leiber og Mike Stoller

«You're No Good» er ein song skriven av Clint Ballard jr. og først framført av Dee Dee Warwick for Jubilee Records i 1963, produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller. Han har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, og hitversjonar er gjevne ut av Betty Everett i 1963, The Swinging Blue Jeans i 1964 og Linda Ronstadt i 1975, då songen gjekk heilt til topps i USA.

Betty Everett-versjonen[endre | endre wikiteksten]

You're No Good
Singel av Betty Everett
B-side «Chained to Your Love»
Utgjeve 1963
Sjanger R&B
Lengd 2:18
Selskap Vee-Jay
Låtskrivar(ar) Clint Ballard jr.
Betty Everett-kronologi
«Prince of Players»
(1963)
You're No Good «The Shoop Shoop Song (It's in His Kiss)»
(1964)


Betty Everett si utgåve for Vee-Jay Records i Chicago vart den første hitversjonen i november 1963. Singelen nådde 51. plassen på Billboard Hot 100 og femteplassen på «Cashbox's R&B Locations»-lista.[1]

A&R-sjefen i Vee-Jay, Calvin Carter, fann songen då han vitja New York City på leiting etter songar for selskapet sitt og han hadde opphavleg tenkt å spele inn «You're No Good» med Dee Clark, men fortalte: «då eg skulle få songen øvd inn, var han så negativ og eg sa 'Hei, karar snakkar ikkje negativt om jenter, fordi jentene er platekjøparar. Nei, eg bør heller la denne gå.' Så eg gav songen til Betty Everett.» Då dei spelte opptaket til Everett for The Dells, som var på same plateselskap, «sat dei på treboks der strykeseksjonen pleidde å sitje, og dei trampa takten på desse treborda medan songen vart spelt... så eg sa til lydteknikaren 'La oss gjere det ein gang til, og ta opp lyden av denne trampinga, 'fordi det gav ein verkeleg god takt.' Så me gjorde det, og bang, ein hit.»[2]

The Swinging Blue Jeans-versjonen[endre | endre wikiteksten]

You're No Good
Singel av The Swinging Blue Jeans
B-side «Don't You Worry About Me»
Utgjeve Mai 1964
Sjanger Beat
Lengd 2:17
Selskap HMV
Låtskrivar(ar) Clint Ballard jr.
Produsent Walter J. Ridley
The Swinging Blue Jeans-kronologi
«Good Golly Miss Molly»
(1964)
You're No Good «Promise You'll Tell Her»
(1964)


I Storbritannia fekk The Swinging Blue Jeans ein hitversjon med «You're No Good», som nådde tredjeplassen sommaren 1964. Sue Johnston, som då var personleg assistent for Peter Brown, var kjæraste med Swinging Blue Jeans-trommeslagaren Norman Kuhlke og hevda at ho tok med seg «You're No Good» til The Swinging Blue Jeans.[3] Versjonen deira gjekk òg inn på singellista i Frankrike, der han nådde 26. plassen, og vart suksessrik nok til å nå 97. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

You're No Good
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Heart Like a Wheel
B-side «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)» (w/ Emmylou Harris)
Utgjeve 19. november 1974
Sjanger Rock[4]
Lengd 3:44
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Clint Ballard jr.
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
«Love Has No Pride»
(1974)
You're No Good «When Will I Be Loved»
(1975)


Linda Ronstadt byrja å spele «You're No Good» som avslutningssnummer på konsertane sine tidleg i 1973, etter eit forslag frå bandmedlemmet hennar Kenny Edwards. Ho tok han først med i setlista då ho var oppvarmingsartist for Neil Young. Ronstadt framførte songen på fjernsyn i ein episode av The Midnight Special, som vart sendt 21. desember 1973.

Ronstadt spelte inn albumet Heart Like a Wheel med produsenten Peter Asher sommaren 1974 i The Sound Factory. «You're No Good» vart teken med i siste augneblink.[5] Akkompagnementet til Ronstadt-versjonen vart spelt inn 1. juli 1974. I følgje Bob Warford, som var gitarist i turnébandet til Ronstadt, og som spelte på innspelinga den 1. juli, «prøvde dei å gjere ein R&B-versjon av songen, som var nærmare måten me gjorde det på scenen enn den versjonen som kom ut. Me spelte han i eit kjappare tempo på scenne, slik me gjorde på innspelinga 1. juli.»[5] Ronstadt avviste så innspelinga frå 1. juli og sa «Det var berre feil groove for meg. Eg trur ikkje visste korleis eg skulle frasere rundt musikarane, så det var ikkje deira feil. Dei var fantastiske.»[5] Den endelege innspelinga av Ronstadt-versjonen vart laga 5. juli 1974.[6]

Seint i august 1974 vart det lagt til strykarar, arrangert av Gregory Rose, på songen i AIR Studios. Capitol Records var ikkje sikre på om dei skulle gje ut «You're No Good» eller «When Will I Be Loved» som den første singelen frå Heart Like a Wheel, og valte å gje ut «You're No Good» ei veke etter albumet kom ut.

Linda Ronstadt-versjonen vart den mest suksessrike versjonen av «You're No Good». Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista 15. februar 1975. «You're No Good» vart òg ein internasjonal hit og nådde 15. plassen i Australia, 17. plassen i Nederland og 24. plassen i New Zealand. B-sida til singelen var «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You), opphavleg ein song av Hank Williams. Denne gjekk òg inn på lista og låg samstundes på andreplassen på Hot Country Songs-lista. «When Will I Be Loved» vart så gjeven ut som den nesten singelen.[7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974–75) Plassering
Australia 15
Canada Top Singles 7
Canada Adult Contemporary[8] 2
Nederland 17
New Zealand (RIANZ)[9] 24
US Billboard Hot 100[10] 1
US Adult Contemporary (Billboard)[11] 10
US Cash Box Top 100[12] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia[13] 93
Canada [14] 97
U.S. Billboard Hot 100[15] 50
U.S. Cash Box[16] 69

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Artistar som har spelt «You're No Good» er mellom andre:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 193. 
  2. «The Vee-Jay Story, Page 3». Bsnpubs.com. Henta 18. mars 2014. 
  3. Johnston, Sue (2011). Things I Couldn't Tell My Mother (e-book utg.). New York: Random House. ISBN 9781409034698. 
  4. Knowles, Christopher (1. oktober 2010). The Secret History of Rock 'n' Roll. Simon and Schuster. ISBN 9781573445641 – via Google Books. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Classic Track: You're No Good». MixOnline.com. Henta 25. juni 2015. 
  6. Ronstadt, Linda (2013). Simple Dreams: a musical memoir (1st hardcover utg.). New York: Simon & Schuster. s. 96–97. ISBN 978-1-4516-6872-8. 
  7. The New York Times, 15. november 1974, s.32
  8. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 18. august 2016. 
  9. "Charts.org.nz – Linda Ronstadt – You're No Good". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 15. juli 2018.
  10. "Ronstadt?f=379&g=Singles Linda Ronstadt Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Linda Ronstadt. Prometheus Global Media. Henta 15. juli 2018.
  11. "Ronstadt?f=341&g=Singles Linda Ronstadt Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Linda Ronstadt. Prometheus Global Media. Henta 15. juli 2018.
  12. «Top 100 1975-02-15». Cashbox Magazine. Henta 26. april 2016. 
  13. David Kent's Australian Chart Book 1970-1992 Arkivert 5. mars 2016 ved Wayback Machine.
  14. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». www.collectionscanada.gc.ca. 
  15. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». Musicoutfitters.com. Henta 18. august 2016. 
  16. «Top 100 Year End Charts: 1975». Cashbox Magazine. Henta 17. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]