Sherpaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein nepalesisk sherpa i fjella. (Foto: Peter Krohn)

Sherpaer er ei etnisk gruppe frå fjellområda i Nepal og India høgt oppe i Himalaya. Dei snakkar sitt eige sherpaspråk som er i slekt med tibetansk. Sherpaene er kjende for å ofte vere fjellførarar, berarar og medhjelparar på klatreekspedisjonar på veg til dømes til Mount Everest.

Område[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste sherpaer held til i dei austre områda av Nepal, som i regionane Solu, Khumbu og Pharak. I India finst det mange sherpaer i byane Darjeeling og Kalimpong i delstaten Sikkim.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har sherpaene levd som handelsfolk og fjellbønder, som særleg har dyrka bygg, kveite, bokkveite og poteter.

Vekedagane på sherpaspråk
måndag dawa
tysdag mingma
onsdag lhakpa
torsdag phurba
fredag pasang
laurdag pemba
sundag ngi`ma

Dei følgjer som regel tibetansk buddhisme.

Det er vanleg blant sherpaer å gje ungar namn etter dagen dei blei fødd, i tillegg til eit religiøst namn, til dømes frå ein gud eller helgen.

Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]

Mange sherpaer er erfarne og hardføre fjellfolk som kan bera tunge bører, også i høge luftlag. Det er gjort framlegg om at dei har ein medfødd særskild god lungekapasitet som gjer at dei fungerer betre høgt oppe.

Den best kjende sherpaen er Tenzing Norgay, som saman med Edmund Hillary var den første til å nå toppen av Mount Everest i 1953.

I nyare tid har to sherpaer merka seg ut med ein imponerande konkurranse om kven som klarte koma seg opp på Everest raskast. Pemba Dorjie brukte berre 12 timar og 46 minutt den 23. mai 2003. Tre dagar seinare slo Lhakpa Gelu rekorden hans med to timar, med ei oppstiging på 10 timar og 46 minutt. Den 21. mai 2004 sette Pemba Dorjie den noverande rekorden med å klatra opp på fjellet på berre 8 timar og 10 minutt. Dorjie blei seinare den første til å gifta seg på fjelltoppen, med Moni Mulepati.

Meir stoff[endre | endre wikiteksten]