Sibirvandresnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sibirvandresnipe

Status i verda: NT Nær truga

Sibirvandresnipe i sommardrakt Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Sibirvandresnipe i sommardrakt
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: T. brevipes
Namn på andre språk
  • Engelsk: Gray-tailed Tattler
  • Vitskapleg namn
    Tringa brevipes

    Sibirvandresnipe (Tringa brevipes)[note 1] er ein mellomstor vadefugl i snipefamilien som hekkar i på to åtskilde område: i sentrale Sibir og i austre Russland. Dei lever elles langs kystar i Søraust-Asia og Australasia og på øyar i vestlege Stillehavet.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Sibirvandresnipe i vinterdrakt
    Foto: Tokumi Ohsaka

    Denne arten har utsjånad mykje likt den nært nærskylde alaskavandresnipa, T. incana. Men mellom sibirvandresnipa er 2 - 3 centimeter kortare, ca. 23 og 27 centimeter i kroppslengd og dei veg 80 - 162 gram.[1] Det meste av fjørdrakta i hekketida er i grått, oversida er mørk grå, men undersida kvit med mørke strekar og skjelmønstra sperrestrekar. I vinterdrakta er brystet grått og flekkar og strekar er diffuse. Dei har stutte, mørke gule bein og eit mørkegrått nebb, mørkare mot spissen. I begge sesongdraktene har sibirvandresnipa ei ganske framtredande augebrynstripe. Drakta er gjennomgåande bleikare enn hos alaskavandresnipa. Begge artane skil seg frå dei andre medlemmene i den biologiske slekta Tringa med fråvere av flekker på vengene, gråaktige venger og rygg, og skjelmønster på brystet som strekkjer seg meir eller mindre over buken i hekkefjørdrakta.

    Utanom hekketida lever sibirvandresnipene spreitt på kystar, frå Taiwan i nord, gjennom Filippinane, sørlege Malayahalvøya, Indonesia, Ny-Guinea og til kystar av Australia. Dei kan finnast, men er sjeldan langs kystar av Fiji, Tuvalu og New Zealand.[1]

    Sibirvandresnipa hekkar i to åtskilte område: i Putoranfjella på Det sentrale sibirplatået samt i austlege Russland inkludert Verkhojanskfjella, og frå Transbajkal i sørvest til Kamtsjatkahalvøya i aust.

    I vinterkvartera beitar dei på mudderbankar, på innelukka kystområde med rev, stein eller berg. Hekkehabitata ligg langs strandlinjer og elveleie med grus, innanfor tundra, boreal barskog og taiga, opptil 1800 moh. Reirplassane er ofte ved eit grusete elveleie, med kan òg ligge i tre.[1]

    Utanom hekkesesongen lever dei i stor grad av krabbar, men òg andre virvellause dyr inkludert krepsdyr, børstemakk, insekt, dessutan litt småfisk. Under hekkesesongen et dei mest vasslevande insekt og larver.[1]

    Lætet skil seg sterkt frå alaskavandresnipa og er skildra som ei høg fløytestrofe med to, nokre gonger tre tonar.

    Storleiken på den totale populasjonen er estimert til å ligge på ca. 44 000 individ og er trudd å vere minkande.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet van gils
    2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa brevipes. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. juli 2016
    Referansefeil: <ref>-merke med namnet «van_gils» definert i <references> vert ikkje nytta i teksten føre.
    Notar
    1. Tidlegare Heteroscelus brevipes,

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sibirvandresnipe