Sigmund Ongul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Sigmund Ongul Andrésson (norrønt: Sigmundr ǫngull Andrésson) var ein skald som levde på 1100-talet på Orknøyane. Truleg var han fødd på Man.

Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 78 og 87). Bakgrunnen for tilnamnet hans er ikkje kjent, men ordet «ongul» tyder angel i tydinga fiske-krok. Far hans var ein gjæv mann frå Man og mor hans var Ingerid Torkjellsdotter. Omkring 1139 vart faren drepen av ein bretsk[2] hovding som herja på øya. Ingerid vart då gift med Svein Åsleivsson[Note 1] som dermed vart stykfar til Sigmund.

Saman med mora og stykfaren, kom Sigmund etter ei tid til Orknøyane. Både sogeteksten og dei dikta som er kjende etter han, tyder på at han seinare hadde eit nært tilhøve til Ragnvald Kale Kolsson jarl (St. Ragnvald).

Sigmund Ongul var med i pilegrimsferda som Ragnvald jarl gjorde i 1151 til det heilage landet. I Orknøyingasoga er det nemnt at han var med jarlen då dei erobra eit kastell i Galizia, og han gjorde då ei vise[3] om bragden. Seinare, i det heilage landet, sumde han saman med jarlen over Jordanelva. Dei knytte nokre «knutar» i krattet som prov på at dei hadde vore der. Jarlen kvad først eit dikt om «hendinga» og Sigmund Ongul gjorde deretter dette verset[4]:

Knút munk þembiþrjóti
þeim, es nú sitr heima,
— satts, at heldr hǫfum hættan
hans kind —
í dag binda.
Eg knyter ein knut i dag
for karan', som heime sit.
Sanneleg, herfolket hev me
hardt i fåren våga.
(norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga[1])

Det er ikkje kjent korleis det gjekk med Sigmund Ongul etter pilegrimsferda, og ein veit heller ikkje når han døydde.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svein Åsleivsson levde i tida om lag 1115-1171. Han er ein av hovudpersonane i den siste delen av Orknøyingasoga, i forteljingane om Ragnvald Kale Kolsson jarl og Harald Maddadsson jarl. Han er blitt kalla «den siste viking» (P. A. Munch).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Bretland Store norske leksikon
  3. Lausavise av Sigmund Ongul – om erobringa av kastellet i Galizia
  4. Lausavise av Sigmund Ongul – ved Jordanelva

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]